Skriv ut | Lukk vindu |
Vår 2015
NOR-2043 Språk og tekst i sosiale medium - 10 stp
Ansvarlig enhet
Emnetype
Innhold
Søknadsfrist
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Søknadskode 9199 - Enkeltemne (ikkje realfag), lågare grad.
Hva lærer du
Etter greidd emne skal studentane ha oppnådd følgjande læringsresultat
Kunnskapar og forståing:
- kunnskap om kjennemerke ved skriftleg språkføring i ulike former for sosiale medium.
- forstå korleis språket i sosiale medium liknar og skil seg både frå andre skriftspråklege tekstar og frå munnleg språkbruk.
- kunnskap om digital litteratur og kva som skil denne typen litteratur frå andre litterære uttrykksformer.
Ferdigheiter:
- vere i stand til å kjenne att og analysere sentrale kjennemerke på språkbruken i ulike typar sosiale medium i lys av allmenne teoriar om språkbruk.
- utvikle tankar omkring pedagogiske utfordringar og moglegheiter knytt til språk i sosiale medium.
- kunne drøfte innhaldsformidlinga i tekstar skrivne for sosiale medium, og peike på bruken av litterære virkemiddel i slike tekstar.
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisningsspråk: norsk.
Eksamensspråk: norsk, bokmål eller nynorsk
Pensumlitteraturen kan vere på norsk, skandinaviske språk og/eller engelsk.
Undervisning
I alt 26 undervisningstimar med førelesingar/seminar med førebudde studentframlegg.
Kvalitetssikring av emnet:
Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet ein 3-årsperiode på bachelorgradsnivå. Programstyret avgjer kva studieretning som skal evalueras kvart år, og kva for emne som skal evalueras av studentar og lærar kvart år.
Eksamen
Arbeidskrav:
For å kunne gå opp til eksamen må studenten:
- presentere temaet for blogginnlegget (semesteroppgåva) skriftleg og elektronisk på ein nettstad for kurset, og
- gi ein skriftleg og elektronisk kommentar på ein slik presentasjon frå ein medstudent. Arbeidskrava skal gjennomførast om lag halvvegs i semesteret og blir evaluerte med godkjent/ikkje godkjent.
Vurderingsform:
- Semesteroppgåve i form av blogginnlegg på 5000-7000 ord med sjølvvalt emne. Emnet skal veljast i samråd med faglærar, og oppgåva skal skrivast under rettleiing i løpet av semesteret og publiserast elektronisk på tilvist nettstad innan fastsett frist. Kvar student kan få inntil to timar rettleiing på oppgåva.
Eksamensspråket er norsk. Valfri målform bokmål eller nynorsk. Ved alle eksamenar i nordisk vert rett og god språkføring vektlagd.
Emnet vert vurdert med bokstavkarakter A-F, der F er "ikkje greidd¿.
Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Kontinuasjonseksamen vert arrangert så snart som mogleg etter ordinær eksamen og normalt seinast 15. februar for emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. september for emne som vert gitt i vårsemesteret.