" /> " />

Studentintervju - Silje

Silje Hjellebrekke - 3. årsstudent biomedisin

Eg valgte biomedisin fordi eg er interessert i humanbiologi og biokjemi.  Eg ville lære meir om mekanismane i menneskekroppen og om ulike sjukdomar og korleis desse verkar på kroppen. Vi har mykje laboratoriearbeid i studiet noko som gjer at undervisninga ikkje blir så einsformig, og vi får prøve i praksis ulike metodar og teknikkar som kan vere svært nyttig seinare. Vi har varierte fag, noko som gjer at vi sitter igjen med ei brei erfaring, og har da store valmuligheiter for vidare studie og når vi så skal ut i arbeidslivet.
Tromsø er dessutan ein kjempefin by og har et godt studentmiljø. Det er en liten by som man blir fort kjent med og det er lett å komme seg rundt. Som student er det også mange ulike studentorganisasjonar du kan melde deg inn i, alt frå korps og kor til studentradio og forskjellige studentidretter. Tromsø har altså masse å tilby, så eg anbefaler virkelig å studere her!   





Ansvarlig for siden: Anine T. Andersen
opprettet: 07.12.2016