Haust 2022
NOR-3016 Språkvitskapleg teori og metode - 10 stp

Emnetype

Emnet kan ikkje takast som eit enkeltemne og er eit emne i master i nordisk språk og litteratur og valemne i lektorutdanning 8-13, studieretning nordisk. 

Innhald

Emnet tar utgangspunkt i samspelet mellom teori, metode og data i planlegging og gjennomføring av språkvitskaplege forskingsprosjekt. Studentane blir presenterte for teoretiske tilhøve rundt utforskinga av nordiske språk med hovudvekt på norsk. Dei skal vidare setje seg inn i sambandet mellom teoretiske perspektiv og ulike metodar for å samle inn og handsame ulike typar språkleg materiale frå både munnlege og skriftlege kjelder. Dei skal kritisk vurdere metodiske val både i språkvitskapelege arbeid generelt og i eigne studentprosjekt. 

Målet med studiet er at studentane skal kunne gjennomføre ei språkvitskapleg gransking med teoretisk medvit og på ein metodisk best mogeleg måte i høve til målsetjing og problemstilling i prosjektet.


Kva lærer du

Etter bestått emne har studentane følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • forholdet mellom teori, metode og data
  • vitskapsteoretiske forhold
  • ulike typar empirisk materiale på det språkvitskaplege feltet, dvs. korleis ein samlar inn ulike språklege data, og kva ulike datasett kan brukast til
  • etiske retningslinjer for handsaming av språkvitskaplege data

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • kjenne att, gjere greie for, vurdere og drøfte ulike faglege og teoretiske orienteringar som inngår i studieemnet
  • gjere ei kritisk vurdering av metodisk utforming i språkvitskaplege arbeid generelt
  • planlegge og gjennomføre ei eiga innsamling av språklege data
  • analysere dette empiriske materialet og diskutere resultata på bakgrunn av relevant teori

Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Eksamensspråk: Norsk

Målform: Nynorsk


Undervisning

Undervisinga blir normalt gjeven i form av forelesingar og seminar med ein dobbeltime pr. veke i om lag 13 veker eller eventuelt samlingsbasert med tilsvarande undervisingsomfang. Veker utan undervising skal nyttast til sjølvstudium.

Kvalitetssikring av emnet:
Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.


Eksamen

Vurderingsform: Dato: Karakterskala:
Oppgave 05.12.2022 13:00 (Innlevering) A–E, stryk F

Obligatoriske arbeidskrav:

Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen:

Datainnsamling Godkjent – ikke godkjent
UiTs samleside om eksamen

Mer info om arbeidskrav

Følgjande arbeidskrav må vere gjennomførte og godkjente før ein kan framstille seg til eksamen:

  • planlegge og gjennomføre ei avgrensa datainnsamling med utgangspunkt i ei spesifikk problemstilling innan ein fastsett frist

Mer info om vurderingsform oppgåve

Oppgåva skal vere ein analyse av heile eller delar av materialet som er samla inn i samband med arbeidskravet. Oppgåva skal skrivast med rettleiing og leverast innan fastsett frist.

Eksamensspråk: Norsk.

Målform: Nynorsk. Ved alle eksamenar i nordisk blir rett og god språkføring vektlagt.


Kontinuasjonseksamen

Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ei semesteroppgåve som har fått karakteren F (ikkje greidd), kan leverast inn til ny vurdering i omarbeidd form. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester.
  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 10
  • Emnekode: NOR-3016
  • Tidligere år og semester for dette emnet