vår 2022
NOR-2070 Nordisk språkhistorie - 10 stp

Søknadsfrist

1. juni for emner som blir gitt i haustsemesteret. 1. desember for emner som blir gitt i vårsemesteret.

Emnetype

Emnet inngår som obligatorisk del i bachelorprogrammet i nordisk, og er eit valemne på lektorutdanning 8-13, studieretning nordisk.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Søknadskode 9199 enkeltemner lågare nivå (ikkje realfag).

Tilrådde forkunnskapar: 1000-nivå i nordisk, eller tilsvarande.


Studiepoengreduksjon

Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:

NOR-2071 Nordisk språkhistorie. Spesialemne for internasjonale studenter. 10 stp

Innhald

Emnet gir eit djupare innsyn i norrøn språkstruktur gjennom arbeid med utvalde tekstar. Emnet gir også eit innblikk i skilnader mellom dei ulike nordiske språka i mellomalderen (gammalislandsk, -norsk, -dansk og -svensk). Det blir lagt vekt på å gi studentane kjennskap til moderne elektronisk infrastruktur for å undersøke eldre språksteg (korpus, elektroniske ordbøker etc.). Vidare gir emnet ei innføring i korleis dei ulike nordiske språka har utvikla seg frå mellomalder fram til moderne tid. Eldre språksteg (urnordisk, protogermansk) kan også bli tematiserte. Dessutan vil emnet løfte fram korleis kontakt mellom språka og med andre ikkje-nordiske språk har påverka dei nordiske språka på ulike måtar. Dette inneber at både språkinterne og vidare sosiokulturelle og politiske forhold naturleg inngår i emnet.  

Kva lærer du

Etter greidd emne har studentane følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar 

Studenten har: 

  • eit djupare innsyn i norrøn språkstruktur 
  • oversyn over den språklege variasjonen i det nordiske språkområdet i mellomalderen 
  • innsikt i korleis dei nordiske språka har utvikla seg fram til moderne tid 
  • kunnskapar om kontakt og påverknad mellom dei nordiske språk og med andre ikkje-nordiske språk  

 

Ferdigheiter

Studenten kan: 

  • gjere greie for språkstrukturelle trekk ved det norrøne språksteget  
  • omsetje tekstar i eldre nordisk språkform ved hjelp av ordbok og andre hjelpemiddel 
  • gjere seg nytte av elektronisk infrastruktur for utforskinga av eldre språksteg 
  • gjere nærmare greie for korleis dei nordiske språka har utvikla seg frå mellomalder til moderne tid og korleis både språkinterne og -eksterne faktorar har bidrege til desse endringane 
  • skrive eit vitskapleg arbeid om emnet 


Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk

Undervisning

I alt 26 undervisningstimar med ein kombinasjon av førelesingar, seminar, gruppearbeid og førebudde studentframlegg. 

Kvalitetssikring av emnet:

Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.


Eksamen

For å kunne gå opp til eksamen må studenten levera følgjande arbeidskrav:

  • tre skriftlege arbeid og som må godkjennast innan ein fastsett frist

Både bokmål og nynorsk skal brukast i tekstane. Oppgåvene blir nærmare bestemde av faglærar, og faglærar bestemmer òg kva målform skal brukast i dei einskilde oppgåvene. Oppgåvesvara vert evaluerte med godkjent/ikkje godkjent.

Eksamen består av: 

  • Ei mappeevaluering: ei samla vurdering av dei tre skriftlege arbeida leverte som arbeidskrav. 
  • Ein munnleg eksamen på ca. 20 minutt. 

Dei skriftlege arbeida kan endrast fram til ein fastsett frist og skal samla utgjere 10-15 sider. Målforma i kvar tekst skal vere den same som ved første gongs innlevering. Ved alle eksamenar i nordisk vert rett og god språkføring vektlagd. Munnleg eksamen er justerande for skriftleg karakter og skal prøve studenten også i delar av pensum som ikkje er dekt av tekstane. Det er mogleg å justere opp eller ned med ein karakter.

Alle skriftlege arbeid er baserte på følgjande standard: Times New Roman, 12 pkt., 1,5 linjeavstand, 2,5 cm marg

Emnet vert vurdert med bokstavkarakter A-F, der F er "ikkje greidd". Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ei mappeoppgåve som har fått karakteren F (ikkje greidd), kan leverast inn til ny vurdering i omarbeidd form.Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen/utsett eksamen er 15. januar for emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. august for emne som vert gitt i vårsemesteret. 


  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 10
  • Emnekode: NOR-2070
  • Tidligere år og semester for dette emnet