vår 2022
VID-6047 Matematikk 2 for 5.-10. trinn, del 2 - 15 stp

Sist endret: 17.06.2022

Søknadsfrist

Søknadsfrist 01.03 på http://udir.no/videreutdanning (Gir stipend-/vikarmidler)

Søknadsfrist/registreringsfrist ca. 15.05. på http://uit.no/evuweb (Restplasser)

Se http://uit.no/ilp/evu for mer informasjon


Emnetype

Vidareutdanning for lærarar på lavere grad.

Dette er det andre av to emne som til saman utgjer studiet Matematikk 2 for 5-10 trinn

Emnet kan ikkje tas som enkeltemne.


Opptakskrav

Søkere må dokumentere:

  • Fullført lærerutdanning eller annen pedagogisk utdanning som kvalifiserer for å undervise i 5.-10.trinn.
  • Fullført Matematikk 1 eller tilsvarende 30 studiepoeng matematikk.

Deltakerne må være i et ansettelsesforhold i grunnskolens 5.-10. trinn, som tillater at deltakeren kan prøve ut pedagogiske opplegg i egen klasse. UiT vil ikke kreve dokumentasjon på ansettelsesforholdet, men dette er en forutsetning for at studentene kan gjennomføre sine arbeidskrav.


Studiepoengreduksjon

Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:

VID-6058 Matematikk 2 for 5-10 trinn, nettbasert, del 2 15 stp

Innhold

Følgjande element blir vektlagde:

  • Utviklingsarbeid
  • forsking i eige klasserom
  • statistikk
  • sannsynlighet
  • geometri
  • problemløysing
  • vurdering
  • realistisk matematikk


Hva lærer du

Etter bestått emne skal studentane ha følgjande læringsresultat:

Kunnskapar og forståing

Studenten skal ha

  • kunnskap om ulike former for utviklingsarbeid
  • kjennskap til korleis ein kan forske i eige klasserom
  • kunnskap om undervisning i statstikk og sannsynlighet
  • kunnskap om undervisning i geometri
  • kunnskap om kreativitet og problemløysing
  • kunnskap om vurdering
  • kunnskap om "realistisk matematikk" og korleis lage kontekst for å auke motivasjon og læring
  • kunnskap om korleis bruk av digitale verktøy kan fremme elevars forståing av matematikk.

Ferdigheiter

Studenten skal

  • leie ei gruppe som driv utviklingsarbeid
  • lage detaljerte planar for undervisning som tar omsyn til korleis elevane tenker, bruk av nyttige eksempel om materiell, og oppbygging av ein brei og solid matematisk kompetanse

Kompetanse

Studenten skal kunne fungere som ressurslærar i matematikk på 5.-10. trinn basert på

  • evna til kartlegge behovet for, og gjennomføre, utviklingsarbeid basert på kjennskapen til modellar for matematisk kunnskap for undervisning
  • å kunne gjennomføre grunnleggjande forsking i eige klasserom
  • å kunne undervise gjennom problemløysing
  • å klare å bruke formativ vurdering på ein aktiv måte i eiga undervisning


Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk

Undervisning

Studentane vil møte eit variert utval av undervisnings- og læringsformer. Individuelt arbeid, gruppearbeid og eventuelt tverrfagleg samarbeid rundt matematikkopplæring er sentrale arbeidsformer i tillegg til forelesingar og seminar.

Eksamen

Arbeidskrav

Følgjande arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg eksamen:

  • munnleg framlegg med utgangspunkt i eigen valgt problemstilling og utviklingsarbeid.
  • mappe med følgjande innhald:
    • ein rapport frå eit utviklingsarbeid i praksis
    • utarbeide ein detaljert plan for eit arbeid med «realistisk matematikk», inkludert rapport frå minst ein time der det er gjennomført

Kvar rapport har eit omfang på ca. 5 sider/2 000 ord.

Eksamen består av:

  • ein munnleg eksamen, 45 minutt. Første del av eksamenen tek utgangspunkt i mappa med arbeidskrav. Hjelpemiddel: eigne notat

Ved bedømming av eksamen blir karakterar nytta etter ein skala frå A til E for greidd, og F for ikkje greidd, med A som beste karakter.

Ved karakteren F/ikkje greidd kan ein ta kontinuasjonseksamen i begynninga av neste semester.


Timeplan

  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 15
  • Emnekode: VID-6047
  • Tidligere år og semester for dette emnet