Haust
2021
NOR-2013 Nordiske språk - 10 stp
Innhald
Emnet gir eit generelt oversyn over Norden som språkområde i fortid og nåtid der dei nordiske språka blir sett i relasjon til kvarandre. Emnet gir dessutan ei nærare innføring i eitt eller fleire av dei nordiske språka dansk, svensk, islandsk og færøysk. I emnet kan ein ta opp både språkstruktur (fonologi, morfologi og syntaks) og språksosiale tilhøve (språkkontakt, talemålsvariasjon og skriftspråknormering). Kva for nordisk(e) språk og kva for perspektiv som vert vektlagde, kan variere frå semester til semester.Kva lærer du
Etter greidd emne har studentane følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten har:
- oversyn over viktige språklege skilnader mellom dei nordiske språka
- innblikk i korleis dei språksosiale tilhøve er for dei ulike nordiske språka
- djupare kjennskap til eitt eller fleire nordiske språk utanom norsk
- betre forståing for norsk og den norske språksituasjonen sett på bakgrunn av tilhøva elles i Norden
Ferdigheiter:
Studenten kan:
- gjere greie for hovudtrekka ved dei nordiske språka og ved dei språksosiale tilhøva i Norden
- gjere meir utdjupande greie for det eller dei tema som har vore særleg vektlagde i kurset
- skrive eit vitskapleg arbeid om emnet
Undervisning
I alt 26 undervisningstimar med ein kombinasjon av førelesingar, seminar, gruppearbeid og førebudde studentframlegg.
Kvalitetssikring av emne:
Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.
Eksamen
Arbeidskrav:
For å kunne gå opp til eksamen må studenten leggje fram ein munnleg presentasjon (ca. 20 minutt) om eit avgrensa tema frå pensum innan ein fastsett frist. Arbeidskrav vert evaluerte med godkjent/ikkje godkjent.
Eksamen består av:
- Ei vekes heimeeksamen over oppgitt tema utan rettleiing.
Oppgåvesvaret skal vere på 10-15 sider. Eksamensspråket er norsk. Valfri målform bokmål eller nynorsk. Ved alle eksamenar i nordisk vert rett og god språkføring vektlagd.
Vurderingsuttrykk:
Emnet vert vurdert med bokstavkarakter A-F, der F er "ikkje greidd".
Kontinuasjonseksamen:
Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen/utsett eksamen er 15. januar for emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. august for emne som vert gitt i vårsemesteret.
- Om emnet
- Studiested: Tromsø |
- Studiepoeng: 10
- Emnekode: NOR-2013
- Ansvarlig enhet
- Institutt for språk og kultur
- Kontaktpersoner
-
-
-
- Tidligere år og semester for dette emnet