Haust 2021
NOR-3135 Nordiskfaget og samfunnet - 10 stp

Søknadsfrist

1. juni for emne som blir gitt i haustsemesteret og 1. desember for emne som blir gitt i vårsemesteret.

Emnetype

Emnet kan takast som enkeltemne og er eit valemne på master i nordisk språk og litteratur og lektorutdanning 8-13, studieretning nordisk.

Opptakskrav

Søknadskode 9371 - Enkeltemne på masternivå.

Opptakskrav: bachelorgrad eller tilsvarende grad i nordisk språk og litteratur. Grada må ha ei fagleg fordjuping på minimum 80 studiepoeng i nordisk, med 60 studiepoeng (stp.) på 1000-nivå og 20 stp. på 2000-nivå. Som eit unntak kan emne utanfor grada takast med som ein del av fordjupinga. Kontakt instituttet for nærare informasjon om dette.

Det er òg krav om gjennomsnittskarakter på C (2,5) eller betre. Karakteren blir berekna som eit vekta gjennomsnitt av alle emna som inngår i grunnlaget for opptak (bachelorgraden, 180 stp.). Emne med vurderingsuttrykk 'bestått' blir ikkje tatt med i utrekninga.

I merknadsfeltet må du oppgje emnekoden på emnet du ynskjer å søke opptak til.


Innhald

Emnet tek opp den rolla nordiskfaget har for forvaltninga av norsk språkpolitikk og ivaretakinga av norsk som samfunnsberande språk i Noreg. Språkplanlegging og litteraturpolitikk blir tematisert og drøfta. Historiske, faghistoriske så vel som nåtidige perspektiv blir lagt til grunn, og også komparative nordiske perspektiv og samanlikningar med andre land er aktuelle.

Kva lærer du

Etter greidd emne har studentane opppnådd følgjande læringsutbytte:

Kunnskaper

Studenten har:

  • utvida kunnskapar om den politiske språkhistoria i Noreg frå 1814 fram til i dag
  • kunnskapar om den faghistoriske utviklinga i nordiskfaget
  • innsikter i samspelet mellom politikk, forvaltning, skulefaget norsk og universitetsfaget nordisk
  • kunnskapar om det litterære system i Noreg, om litterær vurdering og om litteraturarbeidet i skulen
  • kunnskapar om litteraturformidling og korleis ein litterær kanon blir danna

 

Ferdigheter

Studenten kan:

  • gjere greie for kvifor nordiskfaget er sentralt for norsk skule og samfunnsliv
  • drøfte språkspørsmål i eit politisk perspektiv
  • diskutere rolla skjønnlitteraturen og sakprosaen spelar for utviklinga av nasjonalspråket
  • demonstrere kunnskap og evne til sjølvstendig fagleg drøfting


Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråket er norsk og eventuelt andre skandinaviske språk. Undervisning på engelsk førekjem berre unntaksvis. Pensumlitteraturen vil vere på norsk, skandinaviske språk og/eller engelsk.

Undervisning

Emnet har eit omfang på omlag 26 undervisningstimar i form av førelesingar og seminar med førebudde studentinnlegg.

Kvalitetssikring av emnet:

Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.


Eksamen

Følgjande arbeidskravmå vere godkjende av faglærer innan fastsett frist før ein kan framstille seg for eksamen:

  • eit skriftleg arbeid eller opptak av munnleg presentasjon om eit tema innanfor emnet, valt i samråd med faglærar, som skal gjerast tilgjengeleg for kursdeltakarane
  • ein munnleg presentasjon om eit tema som ligg innanfor emnet, valt i samråd med faglærar

 

Eksamen består av:

  • munnleg eksamen i form av ei førelesing over eit sjølvvalt emne godkjent av faglærar

Førelesinga skal vare i inntil 30 minutt der minst fem og høgst ti minutt av tida skal setjast av til spørsmål og kommentarar frå eksaminatorane og eventuelt publikum som er til stades. Førelesinga skal normalt vere open. Dersom særlege forhold tilseier det, kan kandidaten få høve til å førelese berre for eksamenskommisjonen.

Vurderingsuttrykk:

Eksamen blir vurdert med vurderingsuttrykket greidd / ikkje greidd.

Kontinuasjonseksamen: 

Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen er 15. januar emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. august for emne som vert gitt i vårsemesteret.


  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 10
  • Emnekode: NOR-3135
  • Tidligere år og semester for dette emnet