høst 2020
HIS-1022 Sagakilder til norsk historie - 10 stp

Søknadsfrist

1. juni for emne som blir tilbode i haustsemesteret. 1. desember for emne som blir tilbode i vårsemesteret.

Emnetype

Emnet er valfritt i bachelorstudiet i historie og for studentar på lektorutdanning med studieretning eller fag 2 i historie. Passar som støtteemne for studentar innanfor arkeologi, religionsvitskap og filosofi og andre humanistiske fag og samfunnsvitskap. Emnet kan takast som enkeltemne.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Søknadskode 9199 enkeltemne lågare nivå.

Innhold

Debatten om korleis me kan bruke sagaene som historiske kjelder er alltid aktuell. Det er ein grunntematikk i kjeldekritikken i historiefaget, ikkje berre for mellomalderhistorikarar, og det er det klassiske historiografiske dømet på korleis ulike historikarar til ulike tider har forstått og brukt eit kjeldemateriale ulikt. Dei seinare åra har ei aukande interesse for vikingtid og mellomalder kome til uttrykk mellom anna i nye populærkulturelle format som filmar og tv-seriar, og ny teknologi og nye metodar i andre vitskapar som arkeologi og genetikk opnar for stadig ny kunnskap som kastar lys over sagaforståinga.

Emnet gjev ei grundig innføring i innhaldet, traderinga og bevaringa av ulike type sagaer og sagakjelder (fornaldersagaer, fortidssagaer og samtidssagaer - det vil seia ættesagaer, islendingesagaer, kongesagaer, biskopssagaer og omsette sagaer ). I tillegg blir sentrale kjeldekritiske spørsmål og problemstillingar tematiserte, me ser på ulike andre faglege sagatilnærmingar (frå til dømes arkeologi og litteratur) og på historiebruken av sagamaterialet i notida.


Hva lærer du

Etter bestått emne skal studentane ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar

Studenten har:

  • kunnskap om innhald i ulike typar sagaer, om korleis dei er vorte traderte og kategoriserte
  • kunnskap om korleis sagakjeldene er bevarte og kvar dei er å finne
  • kunnskap om historiefaget sin bruk av sagaene som historiske kjelder og debatten som har vore - og er - om kjeldeverdien av ulike type sagaer
  • kjennskap til kva for spørsmål som har vore sentrale i andre fag som har nytta sager som kjelder
  • kjennskap til historiebruk av sagamateriale opp gjennom tida og ulike type representasjonar av vikingtid og mellomalder i andre type framstillingar enn historisk faglitteratur 

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • vurdere kva for ulike faktorar som spelar inn på opphavssituasjonen til historiske kjelder
  • reflektere over tidsdimensjonen i dei ulike sagakjeldene og utfordringar med å skilja ut levnings- og beretningsaspekta i kjeldene
  • reflektere over tilhøvet mellom skaping av kjelder og bruk av kjelder
  • skilja ulike type kjeldetekstar frå einannan og kunne drøfte utfordringar med kategorisering av sagakjeldematerialet
  • analysere og trekke eigne slutningar
  • organisere kunnskap ut frå kjeldetekster
  • ha evne til å kunne komparere i tid og rom
  • kjenne til kvar ein kan finne meir kunnskap om emnet (arkiv, bibliotek, museum og nettressursar)

Kompetanse

Studenten skal:

  • kunne arbeide sjølvstendig med historiefaglege problemstillingar knytt til sagaer som historiske kjelder og bruken av sagamaterialet
  • kunne formidle både munnleg og skriftleg historiefaglege spørsmål knytt til oppkomsten og bruken av sagakjeldematerialet


Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråket er normalt norsk. Eksamensspråket er normalt norsk, men det kan gjevast høve til å skrive oppgåver og eksamenssvar på andre språk. Dette må eventuelt avtalast med instituttet på førehand. 

Undervisning

Undervisninga er ein kombinasjon av førelesingar, seminar og filmvisingar. Emnet inneheld også ein ekskursjon til sentralt nordnorsk sagaland i Sør-Troms.

Undervisning som er gitt i løpet av semesteret blir rekna som del av det kunnskapsgrunnlaget studentar kan prøvast i til eksamen.

Alle emne blir evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar per år.


Eksamen

Arbeidskrav

For å kunne ta eksamen skal studentane gjennomføre og få godkjent eit arbeidskrav i form av eit skriftleg arbeid om lag midt i semesteret. Studentane får tilbod om individuell tilbakemelding på arbeidet.

Eksamen

Ei skriftleg oppgåve (ei vekes heimeeksamen) på om lag 6 sider (2500 ord) mot slutten av semesteret. Studentane får tilbod om felles rettleiing ved utleveringa av oppgåveteksten.  Oppgåva blir evaluert etter karakterskalaen A-F, der F er stryk. Ved karakteren F får studenten tilbod om kontinuasjonseksamen i byrjinga av påfølgjande semester.


  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 10
  • Emnekode: HIS-1022
  • Tidligere år og semester for dette emnet