Koronaviruset:

På grunn av koronasituasjonen kan det bli endringer i undervisning og eksamen høsten 2020. Informasjon om eventuelle endringer, kunngjøres direkte til studenter som er oppmeldt i emnet.

høst 2020

LER-1112 Norsk 5-10 - 15 stp

Sist endret: 07.07.2020

Ansvarlig fakultet

Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning

Studiested

Alta | Storslett | Annet | Kirkenes |

Emnetype

Emnet er eit fagval i grunnskolelærarutdanning for 5.-10. trinn. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne.

Forkunnskapskrav

Jf. opptakskrav og progresjonskrav i studieplanen for grunnskolelærarutdanning for 5.-10. trinn.

Innhold

I dette emnet er lesing og leseopplæring eit sentralt tema, både lesing som grunnleggande ferdigheit og lesing av skjønnlitteratur, med vekt på nyere litteratur for barn og unge. Det blir lagt vekt på korleis ein gjennom arbeidet med litteratur kan skape interesse for og evne til sjølvstendig arbeid med litteratur hos elevane.

Studenten skal få kunnskap om språkleg mangfald i Noreg med vekt på nordnorske og samiske forhold og skal arbeide med språkhaldningar og språkets identitetsskapande og utstøytande funksjon. Norsk som andrespråk, kunnskap om dei to norske målformene og sidemålsdidaktikk er andre viktige tema i emnet.

Hva lærer du

Etter bestått emne har studentane følgande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten har:

  • kunnskap om språkleg mangfald i eldre og nyare tid med særleg vekt på nordnorske og samiske forhold
  • kunnskap om norsk språk i eit samanliknande perspektiv med vekt på trekk som er vanskelege for dei som lærer norsk som eit andrespråk
  • kunnskap om teori om leseopplæring og lesestrategiar
  • kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa med vekt på nyare barne- og ungdomslitteratur
  • kunnskap om ulike tilnærmingsmåtar til arbeidet med litteratur

Ferdigheter

Studenten:

  • kan analysere og tolke tekstar i ulike sjangrar
  • kan legge til rette for at elevane utforskar språk og tekstar i ulike medium, og at dei utviklar gode lese- og skrivestrategiar og evne til å vurdere eige og andres arbeid
  • kan analysere og vurdere elevtekstar, inkludert tekstar frå elevar med norsk som andrespråk
  • kan modellere leseprosessar som førlesing, undervegslesing og etterlesing, også med tanke på elevar med eit anna morsmål enn norsk
  • meistrar skriftleg bokmål og nynorsk og kan undervise elevar i begge målformer

Kompetanse

Studenten:

  • kan legge til rette for at alle elevar på mellom- og ungdomstrinnet blir tekstkyndige språkbrukarar som deltar aktivt i klasserommet og på andre arenaer
  • kan planlegge og grunngi opplæring i norsk etter gjeldande læreplan og utfrå prinsippet om tilpassa opplæring
  • kan reflektere over korleis ein som norsklærar kan drive innovativ og fantasifull undervisning som fører til meistring og utvikling

Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisnings- og eksamensspråket er norsk

Undervisning

Studentane vil møte eit variert utval av studentaktive undervisnings- og læringsformer. Det blir lagt vekt på at studentane får utvikla ferdigheitene sine i lesing og skriving gjennom arbeidsmåtar som lesekonferansar og prosesskriving, og gjennom arbeid med respons og vurdering av eige og andres arbeid. Studentane skal få erfaring med arbeidsformer som ein kan bruke i skolen.

Antal undervisningstimar utgjør om lag 75 timar, inkludert seminarundervisning.

Kvalitetssikring av emnet

Alle emne blir evaluert ein gong i løpet av programperioden.

Praksis

For nærmare informasjon om praksis, sjå eigen praksisplan.

Eksamen

Følgande arbeidskrav må vere gjennomførte og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen:

  • 70 % deltaking på undervisning
  • ein fagtekst om lesing, skrive i eit prosessorientert løp med eigenvurdering og respons til medstudent
  • ein grammatikktest
  • to notat

Notat kan utformast for eksempel som refleksjonstekst knytt til teori og praksiserfaringar (inntil 1200 ord), som multimodal, digital tekst, som munnleg framføring eller som nettdiskusjon.

Begge målformer skal vere representert i om lag like stort omfang.

Eksamen består av:

  • Heimeeksamen (5 dagar). Målform: nynorsk. Omlag 3200 ord.

Eksamen blir vurdert med bokstavkarakter A-F, der F blir rekna som stryk.

Ved karakter F/ikkje bestått blir det tilbydt kontinuasjonseksamen i byrjinga av påfølgande semester. Ved gyldig forfall blir det tilbydt utsatt eksamen i byrjinga av påfølgande semester. 

Timeplan



Kontakt

Marita Ernstsen


Studiekonsulent
Telefon: +4778450199 marita.ernstsen@uit.no