vår 2020
LRU-3681 Grunnleggende ferdigheter - 10 stp

Søknadsfrist

1. desember

Emnetype

Emnet er eit obligatorisk emne i fagdidaktisk master i lærarutdanning. Ein kan ta emnet som enkeltemne.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning.

Søknadskode: 9371


Innhold

Dei fem grunnleggjande ferdigheitene blir gjennomgått i lys av literacy-omgrepet og diskutert med to fokus. Det første fokuset er korleis ein kan utvikle ferdigheitene på tvers av fag. Det andre fokuset er korleis utvikling av ferdigheitene heng saman med kompetansemål i eige masterfag.

Hva lærer du

Etter bestått emne skal studentane ha følgjande læringsresultat:

 

Kunnskap og forståing

Studenten skal ha avansert kunnskap om dei fem grunnleggjande ferdigheitene

  • munnlege ferdigheiter
  • å kunne skrive
  • å kunne lese
  • å kunne rekne
  • digitale ferdigheiter

Studenten skal forstå kva rolle dei fem grunnleggjande ferdigheitene har i ulike fag, på tvers av fag og spesielt i studenten sitt masterfag.

Studenten skal ha kunnskap om literacy-omgrepet og tenkinga bak innføringa av grunnleggjande ferdigheiter i LK06.

 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne planleggje og gjennomføre undervisningsopplegg

  • der grunnleggjande ferdigheiter er sentrale for å nå kompetansemål i studenten sitt masterfag
  • som utviklar dei ulike grunnleggjande ferdigheitene på tvers av fag

 

Kompetanse

Studenten skal kunne

  • reflektere over rolla til dei grunnleggjande ferdigheitene i opplæringa
  • planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning som over tid bygger elevane sin kompetanse i dei fem grunnleggjande ferdigheitene

Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk

Undervisning

Studentane vil møte eit variert utval av undervisings- og læringsformer som individuelt arbeid, gruppearbeid og tverrfagleg samarbeid, samt bruk av eigen praksis for å prøve ut undervisningsopplegg.

Emnet blir evaluert munnleg og skriftleg minimum ein gong kvart tredje år.


Eksamen

Følgjande arbeidskrav må vere godkjent før ein kan framstille seg for eksamen:

  • praktisk utprøving i skolen mellom samlingar, med munnleg presentasjon av desse utprøvingane på samling
  • to obligatoriske refleksjonstekstar, kvar på om lag 1200 ord
  • 80 % deltaking på undervisning

 

Eksamen består av:

  • munnleg eksamen på 30 minutt, individuell eller i grupper på 2-3 studentar, med individuell vurdering.

Ved bedømming av eksamen nyttar ein karakterar etter ein skala frå A til E for bestått, og F for ikkje bestått, med A som beste karakter.

Ved karakteren F/ikkje bestått kan ein ta kontinuasjonseksamen i byrjinga avpåfølgjande semester.


Error rendering component

  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 10
  • Emnekode: LRU-3681
  • Tidligere år og semester for dette emnet