Haust 2019
NOR-3016 Språkvitenskapelig teori og metode - 10 stp

Søknadsfrist

1. juni for emner som tilbys i høstsemesteret. 1. desember for emner som tilbys i vårsemesteret.

Emnetype

Emnet kan ikkje takast som eit enkeltemne og er eit emne i master i nordisk språk og litteratur og valemne i lektorutdanning 8-13, studieretning nordisk. 

Innhald

Emnet tar utgangspunkt i samspelet mellom teori, metode og data i planlegging og gjennomføring av språkvitskaplege forskingsprosjekt. Studentane blir presenterte for teoretiske tilhøve rundt utforskinga av nordiske språk med hovudvekt på norsk. Dei skal vidare setje seg inn i sambandet mellom teoretiske perspektiv og ulike metodar for å samle inn og handsame ulike typar språkleg materiale frå både munnlege og skriftlege kjelder. Dei skal kritisk vurdere metodiske val både i språkvitskapelege arbeid generelt og i eigne studentprosjekt.

Kva lærer du

Etter bestått emne har studentane følgjande læringsutbytte:

Målet med studiet er at studentane skal kunne gjennomføre ei språkvitskapleg gransking med teoretisk medvit og på ein metodisk best mogeleg måte i høve til målsetjing og problemstilling i prosjektet.

 

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • Forholdet mellom teori, metode og data
  • Vitskapsteoretiske forhold
  • Ulike typar empirisk materiale på det språkvitskaplege feltet, dvs. korleis ein samlar inn ulike språklege data, og kva ulike datasett kan brukast til
  • Etiske retningslinjer for handsaming av språkvitskaplege data

 

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • Kjenne att, gjere greie for, vurdere og drøfte ulike faglege og teoretiske orienteringar som inngår i studieemnet
  • Gjere ei kritisk vurdering av metodisk utforming i språkvitskaplege arbeid generelt
  • Planlegge og gjennomføre ei eiga innsamling av språklege data
  • Analysere dette empiriske materialet og diskutere resultata på bakgrunn av relevant teori


Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk

Undervisning

Undervisinga blir normalt gjeven i form av forelesingar og seminar med ein dobbeltime pr. veke i omlag 13 veker eller eventuelt samlingsbasert med tilsvarande undervisingsomfang. Veker utan undervising skal nyttast til sjølvstudium.

Eksamen

Følgjande arbeidskrav må vere gjennomførte og godkjente før ein kan framstille seg til eksamen:

  • Planlegge og gjennomføre ei avgrensa datainnsamling med utgangspunkt i ei spesifikk problemstilling innan ein fastsett frist.

 

Eksamen består av:

  • Semesteroppgåve på 12 - 15 sider. Oppgåva skal vere ein analyse av heile eller delar av materialet som er samla inn i samband med arbeidskravet.

Oppgåva skal skrivast med rettleiing og leverast innan fastsett frist. Eksamensspråk: Norsk. Målform: den som ikkje blir nytta i mastergradsoppgåva. Ved alle eksamenar i nordisk blir rett og god språkføring vektlagt.

Alle skriftlege arbeid er basert på følgjande standard: Time New Roman, 12 pkt, 1,5 linjeavstand, 2,5 cm marg.

Vurderingsuttrykk:

Eksamen blir vurdert med bokstavkarakterar A-F, der F blir rekna som stryk.  

Kontinuasjonseksamen:

Ved karakter F/ikke bestått tilbys kontinuasjonseksamen i begynnelsen av påfølgende semester. Ved gyldig forfall tilbys utsatt eksamen i begynnelsen av påfølgende semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen er 15. januar for eksamen i høstsemesteret og 15. august for eksamen i vårsemesteret.


Error rendering component

  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 10
  • Emnekode: NOR-3016
  • Tidligere år og semester for dette emnet