Haust 2018
NOR-3012 Nordisk språkvitenskap: Faghistorie, teori og metode - 10 stp

Emnetype

Emnet kan ikkje takast som enkeltemne, men er obligatorisk for studentar som er tatt opp på mastergradsprogrammet i språk, studieretning nordisk og valfritt emne for lektorprogrammet trinn 8 - 13, studieretning nordisk, og mastergradsprogrammet i litteratur, studieretning nordisk.

Studiepoengreduksjon

Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:

NOR-3012 Fellesemne i nordisk språk 10 stp
NOR-3010 Fellesemne i nordisk språk og litteratur 10 stp
NOR-3011 Fellesemne i nordisk språk og litteratur - distanse 10 stp
NORDHFF Nordisk hovedfag fellespensum 10 stp

Innhald

Emnet presenterer faghistoriske, teoretiske og metodiske tilhøve rundt utforskinga av nordiske språk med hovudvekt på norsk.

Kva lærer du

Etter greidd eksamen har studentane følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar

Studentane har:

  • oversyn over den faghistoriske utviklinga i nordisk språkvitskap med vekt på norsk språkforsking
  • innsikt i vitskapsteoretiske forhold
  • innsikt i metodiske forhold
  • har ei sikker og formelt rett språkføring

 

Ferdigheiter

Studentane kan:

  • kjenne att, gjere greie for, vurdere og drøfte ulike faglege og teoretiske orienteringar som inngår i studieemnet
  • utføre sjølvstendig vitskapleg arbeid med språkleg materiale
  • demonstrere kunnskap og evne til sjølvstendig fagleg drøfting

Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråk: norsk

Eksamensspråk: Norsk. Målform: målforma som ikkje blir nytta i mastergradsoppgåva.


Undervisning

Omlag 26 undervisningstimar i form av forelesingar og seminar med førebudde studentinnlegg. Pensumlitteraturen kan være på norsk, skandinaviske språk og/eller engelsk.

 

Kvalitetssikring av emnet:

Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evalueras av studentar og lærar kvart år.


Eksamen

Arbeidskrav:

Følgjande arbeidskrav må vere godkjende av faglærer innan fastsett frist før ein kan framstille seg for eksamen:

  • ein munnleg presentasjon på om lag ein halv time av eit emne innafor pensum.

 

Eksamen består av:

  • ei vekes heimeeksamen over oppgjeve emne. Oppgåva skal vere på 10-15 sider. Eksamensspråk: Norsk. Målform: målforma som ikkje blir nytta i mastergradsoppgåva. Ved alle eksamenar i nordisk blir rett og god språkføring vektlagt.
  • ei vekes heimeeksamen i Wiseflow: 10.12 - 17.12. Eksamensdato er foreløpig og vil kunne bli endret.

Alle skriftlege arbeid er baserte på følgjande standard: Times New Roman, 12 pkt., 1,5 linjeavstand, 2,5 cm marg.

 

Vurderingsutrykk:

Bokstavkarakterar:

Emnet blir vurdert med bokstavkarakterar frå A–F, der F er ikkje greidd.

 

Kontinuasjonseksamen:

Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen/utsett eksamen er 15. januar emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. september for emne som vert gitt i vårsemesteret.


Pensum

Bøker

Hårstad, S., T. Lohndal & B. Mæhlum. 2017. Innganger til språkvitenskap: Teori, metode og faghistorie. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. (210 s.)

 

Johannessen, J.B. (red.) et al. 2003. På språkjakt - problemer og utfordringer i språkvitenskapelig datainnsamling. Oslo: Unipub. Artiklane av Faarlund (s. 530), Lanza (s. 5981) og Johannessen (s. 133171). (88 s.)

 

Artiklar (kompendium)

Generelt pensum

Platzack, C. 1988. Att forska i nordiska språk  problem, teorier och forskningstraditioner. (17 s.)

Longum, L. 1995. Nordistikken og det nasjonale. (20 s.)

Jahr, E.H. [1996] 2008. Nynorsk språkforskning en historisk oversikt. (16 s.)

 

Eldre språkhistorie

Rindal, M. 1984. Marius Hægstads arbeid med gammalnorske dialektar. (15 s.)

Christoffersen, M. 1995. Om forholdet mellom filologi og historisk lingvistikk. (24 s.)

Kristoffersen, K.E. 1996. Marius Nygaards arbeid med norrøn syntaks i eit vitskapsteoretisk lys. (16 s.)

Delsing, L.-O. 2000. Diakron syntaks i ljuset av generativ grammatikk. (20 s.)

 

Nyare språkhistorie

Vikør, L.S. 1991. Språhistorie og språkmedvett. (15 s.)

Jahr, E.H. 1993. Forklaringsmodeller i norsk språkhistorieskriving. (16 s.)

Vikør, L.S. 1994. Korfor fekk vi språkstrid? Forklaringsmodellar i nyare norsk språkhistorie (8 s.)

Longum, L. 1989. Språkforskning og språkstrid. (30 s.)

 

Talemål og sosiolingvistikk

Beito, O.T. [1968] 1973. Utsyn over norsk målføregransking. (10 s.)

Sollid, H. 2009. Utforskning av nordnorske etnolekter i et faghistorisk lys. (23 s.)

 

Kognitiv lingvistikk

Janda, L.A. 2015. Cognitive linguistics in the year 2015. (24 s.)

 

Etikk

Eckert, P. 2013. Ethics in linguistic research. (15 s.)

Kor kan pensumlitteraturen kjøpast/lånast?

Pensumbøkene er å få tak i på Akademika Tromsø (campus) og Universitetsbiblioteket (KS). Artikkelpensumet blir trykt i eit kompendium som studentane må kjøpe på Akademika ved semesterstart.

Error rendering component

  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 10
  • Emnekode: NOR-3012
  • Tidligere år og semester for dette emnet