vår 2014
SPL-6304 Helse og omsorg i plan - 30 stp

Søknadsfrist

3. mai, 2013

Emnetype

Arbeidskrav:
Det er eit arbeidskrav at studenten deltek aktivt i utarbeiding og presentasjon av ei prosjektoppgåve. Arbeidskravet må vere godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen. Alle samlingane er øvingsbaserte, der kommunikasjon mellom deltakarane for å løyse eigne og andre sine utfordringar står sentralt.

Vurdering og eksamen:
Eksamen består av to eksamensdelar, ei prosjektoppgåve og ein heimeeksamen:

1. Prosjektoppgåva skal koplast mot utfordringar og utvikling som er relevante for eige arbeidsfelt. Det skal gjerast greie for problemstilling, teorigrunnlag, metode, resultata som er nådde og dei tiltaka som kan utleiast av desse. Omfanget av prosjektoppgåva er ca. 20 sider (inntil 8000 ord) når ein student skriv åleine eller to skriv saman, og ca. 30 sider (inntil 12000 ord) når fleire enn to skriv saman. Faglærarane gjev rettleiing på prosjektoppgåva.

2. Heimeeksamen: Det skal svarast på oppgåveteksten i løpet av 2 dagar, utlevering av oppgåvetekst kl. 0900 dag en, og innlevering av oppgåve kl. 1400 dag to. Oppgåva skal skrivast utan rettleiing, og den skal teste studentane sine evner til å bruke kompetansen som er utvikla gjennom undervisning og pensum i ein intensiv arbeidssituasjon. Omfanget av heimeeksamenen er ca. 3000 ord.

Avsluttande vurdering i emnet skjer på grunnlag av dei to eksamensdelane, prosjektoppgåva og heimeeksamenen. Det blir gitt ein samla karakter der prosjektoppgåva tel 40 prosent og heimeeksamenen 60 prosent.

Det blir gitt bokstavkaraktar. Skalaen går frå A til F der A er best, og E er lågaste ståkarakter.

Det blir gitt tilbod om kontinuasjonseksamen ved karakteren F.


Opptakskrav

Det er krav om 3 år høgre utdanning tilsvarande bachelorgrad

Innhold

Hovedtema:

Samling 1: Overordna perspektiv
Før første samling skal studentane identifisere ei utfordring som dei opplever som relevant for vidare arbeid som prosjektoppgåve. På denne samlinga blir det lagt vekt på at studentane blir kjende med kvarandre, og at dei får formidla og kommentert dei utfordringane og forventningane dei har. Dette skal bidra til å avgrense prosjektoppgåver og utvikle prosjektgrupper. Vidare blir det lagt vekt på ei innføring i emnet og på å introdusere viktige perspektiv, omgrep og verdigrunnlaget for folkehelsearbeid og helse- og omsorgstenester og hovudmåla knytt til samhandlingsreforma. Dette vil bli utdjupa på seinare samlingar.

Samling 2: Lov, plan og helse
På denne samlinga går ein nærare inn på utvalde delar av sentrale lover, regelverk og politiske og faglege føringar. Under dette folkehelselova, helse- og omsorgstenestelova og helseforetakslova, med tilhøyrande retningslinjer og rettleiarar. Når det gjeld plan- og bygningslova, vil det det bli lagt vekt på plansystemet si oppbygging og funksjon som styringsreiskap. Det vil bli lagt vekt på samhandlingsreformas forventningar og krava til nye roller for kommunane som samfunnsaktør og samarbeidsarena, under dette større satsing på førebyggande og helsefremjande arbeid for å skape gode levekår og avlaste helsetenestene. Vidare blir det lagt vekt på langsiktige helse- og velferdsutfordringar og forståing, tolking og framstilling av data om desse. På denne samlinga blir det rettleia på prosjektoppgåvene, problemstillinga skal godkjennast og gruppearbeidet startar.

Samling 3: Alle skal med. Planlegging som reiskap for samordning, samhandling og samforståing.

Her går ein nærare inn på rasjonalitetsformer i planlegginga, synet på makt, aktørar og strukturar og ulike teoretiske retningar, samfunnsstyring, reformer i offentleg sektor, nettverksorganisasjonar, samfunns- og sektorplanlegging og også samhandlingsutfordringar. Studentane skal også få prøve seg på ulike metode- og prosessverktøy som blir brukte i plan- og utviklingsarbeid, med særleg vekt på medverking. Prosjektgruppene presenterer arbeida sine, og blir rettleia både av medstudentar og faglig tilsette.

Samling 4: Innovasjon og utviklingsarbeid. Frå kunnskap til handling i folkehelse- og helse- og omsorgsarbeid.

På denne samlinga blir det vist korleis planlegging i praksis og på utvalde område kan knyte eksisterande kunnskap til handling for å fremje innovasjon, samhandling, beste effektive omsorgsnivå, folkehelse og tenesteproduksjon. Samlinga blir avslutta med presentasjon og kommentering av studentane sine prosjektoppgåver frå medstudentar og faglærarar. Informasjon om eksamen blir gitt.


Hva lærer du

Gjennom forelesingar, dialog, heimeoppgåver og praktiske øvingar skal studiet bidra til at studentane:

Kunnskap

  • Har innsikt i relevant lov- og regelverk.
  • Har inngåande kunnskap om teoriar, omgrep, modellar og empiri om samfunnsutvikling, styring, planlegging, partnarskap og samhandling med relevans for folkehelse og helse- og omsorgstenester.
  • Har avansert kunnskap om ulike teoriar, omgrep, modellar og empiri som er relevant for folkehelse og helse- og omsorgstenester.
  • Har avansert kunnskap om helsetilstand og helseutfordringar i eit langtidsperspektiv og ulike forhold som determinerer både individuell helse og folkehelse, under dette sosial ulikheit i helse.
  • Har avansert kunnskap om planlegging på samfunns- og sektornivå som reiskap for helsefremming og sjukdomshemming, gjennom inngrep i strukturerande krefter som påverkar helsetilstanden og gjennom mobilisering av menneske til å ta større ansvar for eiga helse.

Ferdigheiter

  • Har ferdigheiter i å hente inn og presentere både primær- og sekundærdata om helsetilstanden i befolkninga, kvaliteten av tenesteytinga og i å utvikle lokale indikatorar.
  • Har ferdigheiter i å analysere utviklingstrekka og utfordringane i eit langsiktig og breitt folkehelse- og helse- og omsorgsperspektiv, og å beskrive mogelege konsekvensar av aktuelle tiltak (konsekvensutgreiingar). Sosial ulikheit i helse inngår.
  • Har ferdigheter i å analysere grunnlaget for folkehelsearbeid og helse- og omsorgstenester som tverrfagleg samarbeid i kommunen og på tvers av forvaltningsnivåa.
  • Har ferdigheter i langsiktig og heilskapleg planlegging, medverking, utviklingsarbeid og innovasjon, herunder kompetanse i å planlegge og implementere aktivitetar og tenester i samhandling med andre aktørar innan folkehelsearbeidet og helse- og omsorgstenester. Her inngår samhandlingskompetanse.

Generell kompetanse

  • Har evne til kritisk vurdering av ulike data og metodar for planlegging, organisering, implementering, evaluering og læring.
  • Har evne til kritisk refleksjon over rolla som planleggar, forvaltar og tenesteprodusent i samhandling på tvers av fag, sektorar og forvaltningsnivå, med vekt på innovasjons- og utviklingsarbeid innan helse og omsorg.
  • Har god forståing av teoriar, metodar, lovverk og styringsmekanismar innan samfunnsplanlegging og avgjerdsprosessar, med særlig vekt på kommunen som arena.

Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk

Undervisning

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Den pedagogiske tilnærminga tar utgangspunkt i studentanes forforståing og arbeidsoppgåver, og har som mål å styrke handlingskapasiteten deira til å omsetje kunnskap i handling. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine praksisfelt. Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane, og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering. Deltakarane får tilgang til ei eiga elektronisk nettbasert læringsplattform som både fungerer som plattform for samhandling, dokumentasjon av studiet og oppgåveinnlevering.

Studentane skal utarbeide ei prosjektoppgåve med utgangspunkt i ei utviklingsoppgåve relevant for eige arbeidsfelt. Det er rettleiing knytt til prosjektoppgåva. Prosjektoppgåva bør skrivast i grupper sett saman av folk frå både planleggingssida, ulike sektorar og forvaltningsnivået. Gruppene bør vere frå 2-4 personar. Presentasjon og drøfting av desse prosjektoppgåvene vil bli trekte inn i undervisninga på alle samlingane. Sjå meir om prosjektoppgåva i eige rettleiingsdokument.

Undervisninga er organisert i 4 samlingar på 3-4 dagar med til saman 15 dagar.


Eksamen

Arbeidskrav

Det er eit arbeidskrav at studenten har deltatt aktivt i utarbeiding og presentasjon av ei prosjektoppgåve. Arbeidskravet må være godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen. Alle samlingane er øvingsbaserte, der kommunikasjon mellom deltakarane for å løyse eigne og andre sine utfordringar står sentralt.

Vurdering og eksamen

Eksamen består av to eksamensdelar, ei prosjektoppgåve og ein heimeeksamen:

1. Prosjektoppgåva skal koplast mot utfordringar og utvikling som er relevant for eige arbeidsfelt. Det skal gjerast greie for problemstilling, teorigrunnlag, metode, resultata som er nådd og dei tiltaka som kan utleiast av desse. Omfanget av prosjektoppgåva er ca. 20 sider (inntil 8000 ord) når ein student skriv åleine eller to skriv saman, og ca. 30 sider (inntil 12000 ord) når fleire enn to skriv saman. Faglærarane gjev rettleiing på prosjektoppgåva.

2. Heimeeksamen: Oppgåveteksten skal besvarast individuelt i løpet av 2 dagar, frå kl 0900 til 1400 dag to. Denne skal skrivast utan rettleiing og den skal teste studentane sine evner til å bruke kompetansen som er utvikla gjennom undervisning og pensum i ein intensiv arbeidssituasjon. Omfanget av heimeeksamenen er ca. 3000 ord.

Avsluttande vurdering i emnet skjer på grunnlag av dei to eksamensdelane, prosjektoppgåva og heimeeksamenen. Det blir gitt en samla karakter der prosjektoppgåva tel 40 prosent og heimeeksamenen 60 prosent.

Det blir gitt bokstavkaraktar. Skalaen går frå A til F der A er best, og E er lavaste ståkarakter.

Det tilbys kontinueringseksamen ved karakteren F.


Error rendering component

  • Om emnet
  • Studiested:
  • Studiepoeng: 30
  • Emnekode: SPL-6304
  • Tidligere år og semester for dette emnet