Haust 2021
HIF-2012 Fleirspråklegheit - 10 stp

Sist endra 31.05.2021

Søknadsfrist

1. juni for emne som blir gitt i haustsemesteret og 1. desember for emne som blir gitt i vårsemesteret.

Emnetype

Emnet kan takast som enkeltemne. Studentar som vil bruke emnet til å oppnå undervisningskompetanse i norsk, studentar som går bachelor i nordisk språk og litteratur, eller lektorutdanning 8-13, må ta dette emnet under koden NOR-2024 frå og med hausten 2018. Emnet kan også takast av internasjonale studentar (utvekslings-/gjestestudentar) som har norsk eller nordisk språk og litteratur som studiefag ved eit utanlandsk universitet.

Anbefalte forkunnskapar er språkvitskaplege emne på 1000-nivå eller tilsvarande.

Emnet har 100 % overlapp med NOR-2024.


Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Søknadskode 9199 - Enkeltemne( ikkje realfag), lågare nivå. Ordinære og nettbaserte emner. Du treng ikkje oppgje kva for emne du søker opptak til.


Studiepoengreduksjon

NOR-2024 Flerspråklighet 10 stp
NOR-6005 Flerspråklighet 5 stp
NOR-3024 Flerspråklighet 10 stp

Innhald

Emnet gjev ei innføring i allmenne teoriar om fleirspråklege samfunn og individ, forholdet mellom majoritets- og minoritetsspråk, fleirspråklegheit i skolen, fleirspråkleg utvikling i individet og kontakt mellom ulike språk. Det fleirspråklege Nordkalotten med både gammal og ny fleirspråklegheit vil bli særleg vektlagt. Vektlegginga av tema i emnet kan elles variere.

Kva lærer du

Etter bestått eksamen har studentane følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar

Studentane har:

  • kunnskap om allmenne teoriar om fleirspråkleg utvikling og fleirspråklege samfunn og om ulike sider ved språkforholda i fleirspråklege samfunn.

Ferdigheiter

Studentane kan:

  • skildre og drøfte problemstillingar knytte til fleirspråklegheit på ein klår måte og med korrekt språkføring


Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråk: norsk/skandinavisk og ev. engelsk.

Eksamensspråk: norsk (bokmål eller nynorsk), svensk, dansk, engelsk og ev. andre språk i den grad det let seg praktisk gjere å gjennomføre.

Pensumlitteraturen er på norsk, andre skandinaviske språk og/eller engelsk. Sjølvvalt pensum kan være på andre språk etter avtale med emneansvarleg.


Undervisning

Hausten 2021: Ordinær undervisning blir gjeven i form av ca. tre samlingar over to dagar med ca. 8 timar i kvar der det blir føresett aktiv deltaking frå studentane i form av framlegg, diskusjonsinnlegg o.l.

Kvalitetssikring av emnet:

Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærarar kvart år.


Eksamen

Arbeidskrav:

Følgjande arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg for eksamen:

I løpet av semesteret skal studenten skrive tre tekstar på mellom 8000 og 10000 teikn knytt til ulike tematiske delar av kurset nærmare fastsett av den/dei kursansvarlege. Tekstane kan skrivast individuelt eller i ei gruppe på to eller tre: ein samskriven tekst må vere på minst 10 000 teikn og ikkje meir enn 20 000 teikn. Gruppesamansetjing kan variere frå gong til gong. Tekstane blir evaluerte med godkjent/ikkje godkjent.

Eksamen består av:

Ei semesteroppgåve som er ei vidareutvikling av ein av dei tre tekstane skrivne som arbeidskrav. Oppgåva kan skrivast individuelt eller i gruppe på to eller tre. Ei individuell semesteroppgåve skal ha eit omfang på 10-15 sider/4 000-6 000 ord, medan ei gruppeoppgåve må ha eit omfang som gjev tilsvarande arbeidsinnsats frå alle deltakarane. Føremålet med semesteroppgåva skal vere å knyte teoristoffet til relevante problemstillingar som gjeld fleirspråklege individ eller eitt eller fleire samfunn. Eksamensspråk: norsk (bokmål eller nynorsk) og/eller engelsk og ev. andre språk i den grad det let seg praktisk gjere å gjennomføre.

Alle skriftlege arbeid er baserte på følgjande standard: Times New Roman, 12 pkt., 1,5 linjeavstand, 2,5 cm marg.

 

Vurderingsuttrykk

Ved bedømming av eksamen vert det nytta karakterar etter ein skala frå A til E for bestått, og F for ikkje bestått, med A som beste karakter.  

 

Kontinuasjonseksamen:

Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ei semesteroppgåve som har fått karakteren F (ikkje greidd), kan leverast inn til ny vurdering i omarbeidd form. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen/utsett eksamen er 15. januar for emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. september for emne som vert gitt i vårsemesteret.


  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 10
  • Emnekode: HIF-2012