høst 2021
HIS-6300 Forskningsfordypning etter mastergrad - 10 stp

Sist endret: 13.04.2021

Søknadsfrist

1. august.

Emnetype

Emnet er et videreutdanningsemne på post master-nivå.

Målgruppa for studiet er alle som har fullført master i arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi samt tilstøytane fag som russlandsstudiar, kunsthistorie, indigenous studies eller peace studies.

Emnet er relevant for alle som har fullført masterutdanninga og som ønskjer å publisere i vitskaplege tidsskrift og vurderer å søkje forskarutdanning (Ph.d).


Opptakskrav

Mastergrad i arkeologi, historie, religionsvitskap, teologi, russlandsstudiar, kunsthistorie, indigenous studies eller peace studies med karakteren A eller B på masteroppgåva.

Fullført lektorutdanning for trinn 8-13 med historie eller religionsvitskap som fag 1 med karakteren A eller B på masteroppgåva.

Maksimum 12 deltakarar.

Om det er meir enn 12 kvalifiserte søkjarar til emnet gjerast opptak etter følgjande prioritering:

  • Søkjarar med mastergrad i arkeologi, historie, religionsvitskap, teologi, russlandstudiar eller lektorutdanning for trinn 8-13 med historie eller religionsvitskap som fag 1. Dei med karakter A på masteroppgåva går framom dei med karakter B, jf vanlege opptaksreglar.
  • Søkjarar med mastergrad kunsthistorie, indigenous studies eller peace studies. Dei med karakter A går framom dei med karakter B, jf vanlege opptaksreglar.

Om fleire søkjarar står likt blir opptak avgjort ved loddtrekning. 


Innhold

Emnet gjev studentane kjennskap til korleis publisere i vitskaplege tidsskrift, til bokmeldingar, til utforming av forskingsprosjekt/ Ph.d.-søknad og til utarbeiding av abstrakt til artiklar/konferansar.

Gjennom praktisk øving får studentane trening i å gje og ta i mot tilbakemeldingar på vitskaplege artiklar, såkalla fagfellevurdering.

Med utgangspunkt i masteroppgåva skal studentane:

- arbeide fram eit abstrakt til artikkel/konferansepresentasjon.

- arbeide fram eit utkast til vitskapleg artikkel i eit vitskapleg tidsskrift på nivå 1 eller 2.

- arbeide fram eit utkast prosjektskisse til eit tenkt Ph.d.-prosjekt.


Hva lærer du

Etter bestått emne skal studentene ha følgende læringsresultat:

Kunnskapar og forståing

Studenten har avanserte kunnskapar om vitskaplege publiseringsorgan, bokmeldingar, publiseringspraksis, skriveprosess og fagfellevurdering av artiklar og ph.d-søknader.

Ferdigheiter

Studenten kan skrive ein vitskapleg artikkel, ein forskingssøknad og har erfaring i å gi og ta i mot fagfellevurdering og til å førebu eit eige paper til ein fagleg konferanse.

Kompetanse

Studenten kan ordlegge seg klart, tydeleg og målfokusert, strukturere tankane sine og komme med kritisk tilbakemelding til andre sitt arbeid.


Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråket er normalt norsk.

Eksamen på norsk, dansk, svensk eller engelsk, evt anna språk etter nærmare avtale. 


Undervisning

Studiet er organisert som eit deltidstudium over eitt semester.

Undervisninga skjer i form av:

  • Seminar, normalt fire seminar á fire timar på ettermiddag- og kveldstid
  • På nett, i Canvas, der studentane arbeider med tekstane omtalt under «fagleg innhald».
  • Individuell rettleiing. Kvar student får eigen rettleiar/mentor. Normalt vil dette vere rettleiaren frå MA-oppgåva, evt andre med særleg kjennskap til fagfeltet/tematikken.

Studentane må rekne med å legge ned ein betydeleg innsats i å lese og kommentere andre sine tekstar samt skrive eigne tekstar.


Eksamen

Følgjande arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Deltaking på seminarsamlingar (minst 75 prosent)
  • Godkjent utkast til eit abstrakt til artikkel/konferansepresentasjon basert på eiga MA-oppgåve
  • Godkjent tilbakemelding av medstudentars abstrakt til artikkel/konferansepresentasjon
  • Godkjent utkast til artikkel basert på eigen MA-oppgåve.
  • Godkjent fagfellevurdering av medstudentars artikkelutkast
  • Godkjent utkast til prosjektskisse til eit tenkt ph.d.-prosjekt
  • Godkjent tilbakemelding av ei prosjektskisse til eit tenkt ph.d.-prosjekt

 

Eksamen er ei mappe med tre delar:

  • abstrakt til artikkel/konferansepresentasjon basert på eiga MA-oppgåve (1 side)
  • utkast til artikkel basert på eiga MA-oppgåve (15-20 sider)
  • prosjektskisse til eit tenkt ph.d-prosjekt (5-10 sider)

Mappa må innehalde alle tre delane og alle tre delane må vere vurdert som greidd for at emnet skal vere bestått.

Eksamen vurderast med "Bestått" / "Ikke bestått".


Timeplan

  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 10
  • Emnekode: HIS-6300