Haust 2021
NOR-3024 Fleirspråklegheit - 10 stp

Sist endra 31.05.2021

Søknadsfrist

1. juni for emner som tilbys i høstsemesteret. 1. desember for emner som tilbys i vårsemesteret

Emnetype

Emnet kan takast som enkeltemne dersom studenten oppfyller opptakskravet til master i nordisk språk og litteratur. Emnet er eit valemne i master i språk og litteratur og lektorutdanning 8-13, studieretning nordisk. Emnet kan også takast som vidareutdanning av lærarar.

Opptakskrav

Opptakskrav:

Bachelorgrad i nordisk språk og litteratur, eller tilsvarande grad. Grada må ha ei fagleg fordjuping på minimum 80 studiepoeng i nordisk, med 60 studiepoeng (stp.) på 1000-nivå og 20 stp. på 2000-nivå. Som eit unntak kan emne utanfor grada takast med som ein del av fordjupinga. Kontakt instituttet for nærare informasjon om dette.

Det er òg krav om gjennomsnittskarakter på C (2,5) eller betre. Karakteren blir berekna som eit vekta gjennomsnitt av alle emna som inngår i grunnlaget for opptak (bachelorgraden, 180 stp.). Emne med vurderingsuttrykk 'bestått' blir ikkje tatt med i utrekninga.


Studiepoengreduksjon

NOR-2024 Flerspråklighet 10 stp
HIF-2012 Flerspråklighet 10 stp
NOR-6005 Flerspråklighet 10 stp

Innhald

Emnet gjev ei innføring i allmenne teoriar om fleirspråklege samfunn og individ, forholdet mellom majoritets- og minoritetsspråk, fleirspråklegheit i skolen, fleirspråkleg utvikling i individet og kontakt mellom ulike språk. Emnet tek opp både historiske og notidige perspektiv, og det fleirspråklege Nordkalotten vil bli særleg vektlagt. Vektlegginga av tema i emnet kan elles variere.

Kva lærer du

Etter bestått eksamen har studentane følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar

Studenten har:

•    kunnskap om allmenne teoriar om fleirspråkleg utvikling og fleirspråklege samfunn og om ulike sider ved språkforholda i fleirspråklege samfunn

Ferdigheiter

Studenten kan:

•    skildre og drøfte problemstillingar knytte til fleirspråklegheit på ein klår måte og med korrekt språkføring

Kompetanse

Studentane kan:

•    bruke kunnskap om fleirspråklegheit til å reflektere over situasjonar der fleirspråklegheit er eit sentralt tema


Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningspråk: norsk

Eksamensspråk: norsk (bokmål eller nynorsk)


Undervisning

Ordinær undervisning blir gjeven i form av ca. tre samlingar over to dagar med ca. 8 timar i kvar der det blir føresett aktiv deltaking frå studentane i form av framlegg, diskusjonsinnlegg o.l.

Eksamen

Følgjande arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg for eksamen:

  • I løpet av semesteret skal studenten skrive tre tekstar på mellom 8000 og 10000 teikn knytt til ulike tematiske delar av kurset nærmare fastsett av den/dei kursansvarlege.

Minst ein av tekstane skal vere skriven på bokmål og minst ein på nynorsk. Den tredje teksten skal skrivast på valfri målform, evt. anna språk etter avtale med emneansvarleg. Tekstane kan skrivast individuelt eller i ei gruppe på to eller tre: ein samskriven tekst må vere på minst 10 000 teikn og ikkje meir enn 20 000 teikn. Gruppesamansetjing kan variere frå gong til gong. Tekstane blir evaluerte med godkjent/ikkje godkjent.

Eksamen består av:

•    Ei semesteroppgåve som er ei vidareutvikling av ein av dei tre tekstane skrivne som arbeidskrav.

Oppgåva kan skrivast individuelt eller i gruppe på to eller tre. Ei individuell semesteroppgåve skal ha eit omfang på 10-15 sider/4 000-6 000 ord, medan ei gruppeoppgåve må ha eit omfang som gjev tilsvarande arbeidsinnsats frå alle deltakarane. Føremålet med semesteroppgåva skal vere å knyte teoristoffet til relevante problemstillingar som gjeld fleirspråklege individ eller eitt eller fleire samfunn. Eksamensspråk: norsk (bokmål eller nynorsk). Alle skriftlege arbeid er baserte på følgjande standard: Times New Roman, 12 pkt., 1,5 linjeavstand, 2,5 cm marg.

Ved bedømming av eksamen vert det nytta karakterar etter ein skala frå A til E for bestått, og F for ikkje bestått, med A som beste karakter.  

Kontinuasjon

Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ei semesteroppgåve som har fått karakteren F (ikkje greidd), kan leverast inn til ny vurdering i omarbeidd form. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen/utsett eksamen er 15. januar for emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. august for emne som vert gitt i vårsemesteret.


  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 10
  • Emnekode: NOR-3024