Koronaviruset:

På grunn av koronasituasjonen kan det bli endringer i undervisning og eksamen høsten 2020. Informasjon om eventuelle endringer, kunngjøres direkte til studenter som er oppmeldt i emnet.

vår 2021

ERN-3900 Masteroppgave i klinisk ernæring - 54 stp

Sist endret: 05.06.2020

Ansvarlig fakultet

Det helsevitenskapelige fakultet

Studiested

Tromsø |

Emnetype

Emnet er forbeholdt studenter på master i klinisk ernæring, og kan ikke tas som enkeltemne. 

Obligatorisk forkunnskapskrav

ERN-3000 Klinisk ernæring 1, ERN-3002 Klinisk ernæring 2, ERN-3004 Epidemiologi, statistikk og forskningsmetoder, ERN-3006 Masteroppgave - forskningsprotokoll

Innhold

Innhaldet i dette emnet byggjer på arbeidet som vart gjort i ERN-3006 Masteroppgåve - protokollemne. Studenten skal no utføra eit individuelt forskingsprosjekt, i samarbeid med rettleiarar. Studenten skal analysera data, skriva saman resultata og drøfta funna, og setja dei inn i ein større vitskapleg samanheng. Studentane skal også leggja fram prosjektet munnleg på ulike steg i forskingsprosessen.

Hva lærer du

Etter avslutta emne skal studentane kunna:

Kunnskapar:

  • Gjera greie for dei ulike stega i forskingsprosessen
  • Gjera greie for etiske vurderingar som er gjort i eit forskingsprosjekt

 

Ferdigheter:

  • Formulera ei vitskapleg problemstilling, samanstilla og drøfta litteratur som klargjer denne, og argumentera for ein konklusjon underbygd av vitskaplege funn
  • Planleggja og gjennomføra eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med forskingsetiske normer
  • Bearbeida og analysera vitskaplege data ved hjelp av statistiske metodar
  • Formidla resultat frå prosjekt- og forskingsarbeid skriftleg og munnleg
  • Skriva ein akademisk tekst med rett bruk av referansestil, fagspråk og sjanger
  • Diskutera styrkar og veikskapar ved prosjektet

 

Generell kompetanse:

  • Reflektera over eigen fagkompetanse og opptre i samsvar med etiske normer i klinisk praksis og i forskningsarbeid
  • Vedlikehalda og utvikla kompetansen sin over tid og bidra til kunnskapsutvikling innan ernæringsfaget
  • Opparbeida kunnskapar og ferdigheiter som gjer studenten i stand til å delta i og gjennomføra framtidige forskings- og utviklingsprosjekt

Det blir også vist til læringsutbytte for langsgåande tema i Vitskapleg og Profesjonell kompetanse i ernæring, og ERN-3006 Masteroppgåve - forskingsprotokoll

Undervisnings- og eksamensspråk

Oppgåva og munnleg eksamen kan føregå på norsk eller engelsk, eventuelt andre skandinaviske språk (i blanding).

Undervisning

  • Sjølvstendig arbeid (under rettleiing)
  • Seminar

Pensum: Studenten (saman med rettleiar) definerer pensum gjennom vurdering av kva som er relevant litteratur for oppgåva. 

Eksamen

Arbeidskrav:

  • Framlegg på midtvegsevalueringsseminar

Eksamen:

Innlevering av masteroppgåve 15. mai. Justerande munnleg eksamen i juni (maksimalt ein karakter opp eller ned). Det gis bokstavkarakter A-F, der F er ikke bestått. 

Oppgåva og munnleg eksamen kan føregå på norsk eller engelsk, eventuelt andre skandinaviske språk (i blanding).

Kontinuasjons-eksamen: Studenten kan søkja om utsett levering av masteroppgåva. Fristane for sensur kan då vera annleis.

Timeplan