høst 2020
NOR-6020 Norsk 2 for 5-10 trinn, del 1: Språkdidaktikk - 15 stp

Søknadsfrist

Søk på Utdanningsdirektoratets nettsider innen 01. mars. Eventuelle ledige plasser utlyses på UiTs nettsider i april/mai.

Emnetype

Vidareutdanning for lærarar på lågare grad. 

Opptakskrav

  •  Fullført lærarutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning eller anna pedagogisk utdanning som kvalifiserer for å undervise på 5-10 trinn.
  •  Fullført 30 studiepoeng i norsk.

Deltakarane må vere i et tilsettingsforhold på 5-10 trinn i grunnskolen som tillet at dei kan prøve ut pedagogiske opplegg i eigen klasse. UiT vil ikkje krevje dokumentasjon på tilsettingsforholdet, men dette er ein føresetnad for å kunne gjennomføre arbeidskrava.


Studiepoengreduksjon

Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:

NOR-6003 Norsk 2 - Videreutdanning for lærere 15 stp
VID-6040 Norsk 2 for ungdomstrinnet: Språkdidaktikk 15 stp
NORSKUNGTR Norsk 2 med vekt på norskdidaktikk for ungdomstrinnet 15 stp

Innhold

Emnet omfattar desse område:

Språkleg variasjon og mangfald Basert på kunnskap om språkhistorie og dagens forhold ser vi på utviklinga av mangfaldet i den norske språksituasjonen, og korleis språket blir påverka av samfunnstilhøva. Området omfattar kunnskap om norsk som andrespråk.

Skriftlege og munnlege tekstar Området omfattar utforsking, produksjon og drøfting av munnlege og  skriftlege tekstar i ulike sjangrar. Respons i skriveprosessen og vurdering av tekst blir diskutert med utgangspunkt i elevtekstar og studentane sine eigne skriveprosessar. Området omfattar også vurdering av munnlege tekstar. 

Kunnskap om og utforsking av språk Området omfattar kunnskap om språket som system og språket i bruk, samt evna til å nytte denne kunnskapen i praksis. For å kunne diskutere tekstar, må studentane ha eit omgrepsapparat knytt til ulike sider av grammatikken og tekstgrammatikken.


Hva lærer du

Kunnskapar og forståing:

Studentane skal  

  • ha utvida innsikt i korleis elevar med norsk som første- og andrespråk kan vidareutvikle grunnleggande språkferdigheiter og gode lese- og skrivestrategiar. 
  • ha utvida innsikt i korleis ein kan arbeide med munnlege tekstar.  
  • ha innsikt i språkets rolle som identitetsmarkør. 
  • ha innsikt i  språkleg variasjon og endring, med særleg fokus på nordnorske forhold. 
  • ha kunnskap om nyare norsk språkhistorie og om gjeldande normering av nynorsk og bokmål.  
  • ha utvida kunnskap om grammatikk.  

Ferdigheiter:  

Studentane skal 

  • kunne bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for rettleiing og vurdering.  
  • kunne stimulere elevar til variert munnleg og skriftleg bruk av språket.  
  • kunne bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremmar samarbeid og fagleg progresjon i den vidare lese- og skriveopplæringa. 
  • kunne vurdere skriftlege og munnlege tekstar og gi læringsfremmande respons til alle elevar.
  • kunne skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og legge til rette for og gjennomføre undervisning på nynorsk. 

Kompetanse:

Studentane skal  

  • kunne planlegge, grunngi, gjennomføre og vurdere opplæring i norsk i samsvar med læreplanen for grunnskolen og fagdidaktisk forsking.  
  • kjenne til fagdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kunne drøfte forskingsetiske problemstillingar. 
  • ha innsikt i norskfaget  og kunne reflektere kritisk og konstruktivt ut frå ulike perspektiv  og historia til faget. 

Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk er undervisningsspråk, og skriftlege produkt skal vere på nynorsk

Undervisning

Emnet er samlingsbasert med inntil tre samlingar á inntil tre dagar. På samlingane vil undervisninga bli lagt opp rundt forelesingar, diskusjonar, obligatoriske munnlege framføringar og rettleiing knytt til obligatorisk arbeid. Mellom samlingane må studentane rekne med å bruke mykje tid til individuelt arbeid og til å delta i gruppearbeid, fysisk og/eller via nettet.

Gjennom heile emnet blir det lagt opp til at både fagleg kunnskap og forståing, språklege ferdigheiter og fagdidaktisk kompetanse blir utvikla gjennom utprøving i eigne klasserom. Erfaringane frå klasserommet blir tatt vidare i diskusjonar med faglærarar og medstudentar, og dannar grunnlag for delar av arbeidskrava og eksamenstekstane.


Siste eksamenstermin

Emnet legges ned og siste mulighet til å avlegge eksamen etter dette semesteret, er høst 2021

Her finner du mer informasjon om eksamen i nedlagte emner

Eksamen

Arbeidskrav

Desse arbeidskrava må vere gjennomførte og godkjende før ein kan framstille seg for eksamen: 

  • 80 % deltaking på samlingar
  • ein fagtekst med respons og refleksjonsnotat
  • munnleg gruppepresentasjon med utgangspunkt i empirisk undersøking
  • to notat

Eitt eller fleire av arbeidskrava skal vere knytt til andre IKT- verktøy enn Canvas, til dømes Wiki eller ulike samskrivingsverktøy.

Eksamen og vurdering

  • Heimeeksamen (fem dagar). Målform nynorsk. 

Eksamen blir vurdert med karakterar etter ein skala med fem trinn frå A til E for bestått og F for ikkje bestått. A er beste karakter.

Ved karakteren F/ ikkje bestått kan ein ta kontinuasjonseksamen ved starten av følgjande semester.


  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 15
  • Emnekode: NOR-6020
  • Tidligere år og semester for dette emnet