vår 2020
VID-6311 Matematikk lærerspesialist, del 2 - Læring og kartlegging i tall og algebra - 15 stp

Søknadsfrist

Søk  før 01.mars på Utdanningsdirektoratets nettsider 

Emnetype

Vidareutdanning på masternivå retta mot lærarar i grunnskolen. Emnet er ein del av lærarspesialistutdanninga i matematikk. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne

Opptakskrav

  • Fullført lærarutdanning eller tilsvarande utdanning som kvalifiserer til arbeid i grunnskolen.
  • Minst 60 studiepoeng i matematikk/matematikkdidaktikk.

Deltakarane må være i eit tilsettingsforhold i grunnskolen, som tillater at deltakaren kan prøve ut pedagogiske opplegg i eiga klasse. UiT vil ikkje kreve dokumentasjon på tilsettingsforholdet, men dette er ein forutsetning for at studentane kan gjennomføre sine arbeidskrav.


Innhald

I matematikk er det heilt egne utfordringar innanfor kvart emne, knytt til korleis ein lærer og underviser. Dette emnet skal fokusere på læring og kartlegging i emna tal og algebra. Læring handlar om forsking på korleis elevane lærer heile tal, brøk og desimaltal, generalisering og tidleg algebra, og meir formell algebra. Fokus vil bli delt mellom elevar med stort lærings-potensiale, normal-elevar, og elevar med matematikkvanskar. Kartlegging vil handle om å bruke ulike verktøy for kartlegging og ta med kartleggingar frå eiga klasse til undervisninga.

Kva lærer du

Etter bestått emne har studentane følgjande læringsutbytte:

Kunnskap Studenten har kunnskap om:

  • matematisk kompetanse
  • summativ og formativ vurdering
  • ulike kartleggingsverktøy
  • forsking på elevar si læring innanfor
    •  telling og heile tal
    • desimaltal, brøk og prosent
    • tidleg algebra
    • algebra

Ferdigheter Studenten kan:

  • undervise på ulike måtar for å oppnå ulike kompetansar
  • gjennomføre målretta kartlegging av ulike kompetansar og av ulike matematiske tema
  • integrere formativ vurdering i eiga undervisning

Kompetanse 

  • kunne rettleie kollegaer innanfor undervisning i tal og algebra på sitt trinn (barnetrinn, mellomtrinn, eller ungdomstrinn) 
  • kunne utvikle og systematisere kartlegging i eiga klasse og på eige trinn, med fokus på ulike kompetansar og ulike matematiske tema


Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk

Undervisning

Emnet er samlingsbasert. Undervisninga blir ei blanding av forelesingar, gruppearbeid med refleksjonar rundt pensum, og rapportering frå utprøving i eiga klasse.

Eksamen

Arbeidskrav

Følgande arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før ein kan ta eksamen:

  • 70 % deltaking på undervisning
  • Vise fram kartlegging av eigne elevar med fokus på ulike kompetansar og ulike matematiske tema
  • Rapportere frå rettleiing av kollegaer innanfor formativ vurdering, undervisning i tal og algebra, og kartlegging

Eksamen og vurdering

Eksamen består av:

  • Presentasjon av plan for læring innanfor tal og algebra på eige trinn (barnetrinn, mellomtrinn, ungdomstrinn), inkludert plan for kartlegging. Presentasjonen skal være for medstudentar, med korte oppfølgingsspørsmål. Individuell presentasjon på 20 minutt eller presentasjon i par på 30 minutt.

Eksamen vert vurdert med bokstavkarakter A-F, der F er ikkje bestått.

Kontinuasjonseksamen Ved karakter F/ikkje bestått eller gyldig forfall får ein tilbod om kontinuasjonseksamen påfølgande semester. Frist for å melde seg til kontinuasjonseksamen er 15. januar for eksamen i haustsemesteret og 15. august for eksamen i vårsemesteret.


  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 15
  • Emnekode: VID-6311
  • Tidligere år og semester for dette emnet