Haust 2019

NOR-3135 Nordiskfaget og samfunnet - 10 stp

Sist endra 05.11.2019

Ansvarleg fakultet

Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning

Studiestad

Tromsø |

Søknadsfrist

1. juni for emne som blir gitt i haustsemesteret og 1. desember for emne som blir gitt i vårsemesteret.

Emnetype

Emnet kan takast som enkeltemne og er eit valemne på master i nordisk språk og litteratur og lektorutdanning 8-13, studieretning nordisk.

Opptakskrav

Søknadskode 9371 - Enkeltemne på masternivå.

Opptakskrav: Bachelor i språk og litteratur (eller tilsvarande gradsutdanning) med fordjuping i nordisk (80 studiepoeng). Av dei 80 studiepoenga (stp) i nordisk må 60 stp vere frå 1000-nivå og 20 stp frå 2000-nivå, og det er eit krav om eit karaktergjennomsnitt tilsvarande C eller betre i desse emna i nordisk. I merknadsfeltet må du oppgje emnekoden på emnet du ynskjer å søke opptak til.

Innhald

Emnet tek opp den rolla nordiskfaget har for forvaltninga av norsk språkpolitikk og ivaretakinga av norsk som samfunnsberande språk i Noreg. Språkplanlegging og litteraturpolitikk blir tematisert og drøfta. Historiske, faghistoriske så vel som nåtidige perspektiv blir lagt til grunn, og også komparative nordiske perspektiv og samanlikningar med andre land er aktuelle.

Kva lærer du

Etter greidd emne har studentane opppnådd følgjande læringsutbytte:

Kunnskaper

Studenten har:

  • utvida kunnskapar om den politiske språkhistoria i Noreg frå 1814 fram til i dag
  • kunnskapar om den faghistoriske utviklinga i nordiskfaget
  • innsikter i samspelet mellom politikk, forvaltning, skulefaget norsk og universitetsfaget nordisk
  • kunnskapar om det litterære system i Noreg, om litterær vurdering og om litteraturarbeidet i skulen
  • kunnskapar om litteraturformidling og korleis ein litterær kanon blir danna

 

Ferdigheter

Studenten kan:

  • gjere greie for kvifor nordiskfaget er sentralt for norsk skule og samfunnsliv
  • drøfte språkspørsmål i eit politisk perspektiv
  • diskutere rolla skjønnlitteraturen og sakprosaen spelar for utviklinga av nasjonalspråket
  • demonstrere kunnskap og evne til sjølvstendig fagleg drøfting

Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråket er norsk og eventuelt andre skandinaviske språk. Undervisning på engelsk førekjem berre unntaksvis.

Undervisning

Emnet har eit omfang på omlag 26 undervisningstimar i form av førelesingar og seminar med førebudde studentinnlegg. Pensumlitteraturen vil vere på norsk, skandinaviske språk og/eller engelsk.

Høsten 2019 går dette emnet samlingsbasert med ca. tre samlingar over to dager.

Eksamen

Følgjande arbeidskrav må vere godkjende av faglærer innan fastsett frist før ein kan framstille seg for eksamen:

  • eit skriftleg samandrag av ei førelesing i kurset etter nærmare avtale med faglærar som skal gjerast tilgjengeleg for kursdeltakarane
  • ein munnleg presentasjon om eit tema som ligg innanfor kursemnet, valt i samråd med den/dei kursansvarlege
  • frammøte på minst 80 % av undervisninga

 

Eksamen består av:

  • munnleg eksamen i form av ei førelesing over eit sjølvvalt emne godkjent av faglærar. Førelesinga skal vare i inntil 30 minutt der minst fem og høgst ti minutt av tida skal setjast av til spørsmål og kommentarar frå eksaminatorane og eventuelt publikum som er til stades. Førelesinga skal normalt vere open. Dersom særlege forhold tilseier det, kan kandidaten få høve til å førelese berre for eksamenskommisjonen.

 

Vurderingsuttrykk:

Eksamen blir vurdert med vurderingsuttrykket greidd / ikkje greidd.

 

Kontinuasjonseksamen: 

Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen er 15. januar emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. september for emne

Eksamensdato

En muntlig prø
ve 05.12.2019

Eksamensdato er førebels og vil kunne bli endra. Endeleg eksamensdato vert kunngjort på uit.no/eksamen og i studentweb primo mai for vårsemesteret og primo november for haustsemesteret.



Kontakt
TorhildSkill

Torhild Skillingstad


Studiekonsulent for nordisk, russisk, Russlandsstudier og tysk
Telefon: +4777644227 torhild.l.skillingstad@uit.no

Mørck-Endre.jpg

Endre Mørck


Professor norrøn filologi
Telefon: +4777644238 endre.morck@uit.no