vår 2020
LER-1101 Norsk 1-7 Begynneropplæring - 15 stp

Emnetype

Emnet er eit obligatorisk emne i master i lærarutdanning for 1.-7. trinn. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne.

Forkunnskapskrav: Jf. opptakskrav og progresjonskrav i studieplanen for grunnskolelærarutdanning for 1.-7. trinn.


Innhold

Dette emnet har eit særleg fokus på barns språkutvikling. Det blir lagt vekt på overgangen barnehage - skole og på begynnaropplæring i lesing og skriving for einspråklege og fleirspråklege elevar med vekt på tilhøva i Nordnoreg. Studentane blir kjent med ulike tilnærmingar til lesing og skriving, med førebygging av lese- og skrivevanskar og med ulike former for kartlegging.

Vidare skal studentane lese eit utval barnelitteratur i ulike sjangrar med sikte på å skape interesse og motivasjon for lesing. Arbeid med IKT og multimodale tekstar er ein sjølvsagd del av emnet.


Hva lærer du

Etter bestått emne har studentane følgande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten har:

  • brei kunnskap om barns språkutvikling og barns skrive- og leseutvikling
  • kunnskap om språket som system med vekt på fonologi og morfologi
  • kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og språkleg mangfald som ein ressurs
  • kunnskap om ulike tilnærmingar til lesing, skriving og munnleg kommunikasjon, særleg i begynnaropplæringa
  • kunnskap om litterær analyse og litteraturdidaktikk
  • kunnskap om lese- og skrivevanskar i eit førebyggande perspektiv

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for val som kan fremme munnleg og skriftleg språkutvikling for alle elevar
  • gjere greie for og reflektere over val av ulike metodar i den første lese- og skriveopplæringa
  • analysere og tolke ulike typar tekstar, også samiske
  • samtale om og formidle litteratur på varierte måtar som kan stimulere elevers leselyst og vidare lesing
  • bruke ulike kartleggingsverktøy og oppdage forsinka lese- og skriveutvikling
  • reflektere over tilpassa opplæring i lese- og skriveopplæringa
  • vurdere norskfaglege læremiddel med tanke på læringa til ulike elevar

Kompetanse

Studenten:

  • kan planlegge og reflektere over norskundervisning i ulike emne og for elevar med ulik bakgrunn, særleg i begynnaropplæringa
  • kan reflektere over korleis ein som norsklærar kan drive innovativ og fantasifull undervisning som fører til meistring og utvikling


Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisnings- og eksamensspråket er norsk.

Undervisning

Studentane vil møte eit variert utval av studentaktive undervisnings- og læringsformer. Det blir lagt vekt på at studentane får utvikla ferdigheitene sine i lesing og skriving gjennom arbeidsmåtar som lesekonferansar og prosesskriving, og gjennom vurdering av eige og andres arbeid. Studentane skal også produsere og prøve ut digitale læringsressursar og utvikle sin norskfaglege digitale kompetanse. Studentane skal få erfaring med arbeidsformer som ein kan bruke i skolen.

Antal undervisningstimar utgjør om lag 75 timar, inkludert seminarundervisning.

Kvalitetssikring av emnet

Alle emne blir evaluert ein gong i løpet av programperioden.

Praksis

For nærmare informasjon om praksis, sjå eigen praksisplan.


Eksamen

Følgande arbeidskrav må vere gjennomførte og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen:

  • 70 % deltaking på undervisning
  • ein fagtekst (omlag 3000 ord) skrive i eit prosessorientert løp med eigenvurdering og respons til medstudent
  • ein grammatikktest
  • produsere og/eller vurdere ein digital multimodal tekst
  • eit notat knytt til barnelitteratur

Notatet kan utformast for eksempel som refleksjonstekst knytt til teori og praksiserfaringar (inntil 1200 ord), som multimodal, digitale tekst, som munnleg framføring eller som nettdiskusjon.

Begge målformer skal vere representert.

Eksamen består av:

  • Heimeeksamen (5 dagar). Multimodal digital tekst og eit skriftleg notat knytt til denne på omlag 1500 ord. Målform: bokmål

Eksamen blir vurdert med bokstavkarakter A-F, der F blir rekna som stryk.

Ved karakter F/ikkje bestått blir det tilbydt kontinuasjonseksamen i byrjinga av påfølgande semester. Ved gyldig forfall blir det tilbydt utsatt eksamen i byrjinga av påfølgande semester. 


  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 15
  • Emnekode: LER-1101
  • Tidligere år og semester for dette emnet