vår 2017
NOR-2045 Norsk som andrespråk - 10 stp

Emnetype

Valfritt emne i bachelor i språk og litteratur, lektorutdanning trinn 8-13, studieretning nordisk, emnet kan takast som enkeltemne.

Opptakskrav

Opptakskrav: Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Søknadskoden er: 9199 - enkeltemne lågare grad (ikkje realfag).

Emnet kan takast som enkeltemne.


Obligatorisk forkunnskapskrav

NOR-1011 Nordisk språkvitenskap: Moderne språkstruktureller NOR-1021 Moderne språkstruktur. Spesialemne for internasjonale studenter

Studiepoengreduksjon

Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:

NOR-2055 Norsk som andrespråk. Spesialemne for internasjonale studenter. 10 stp

Innhold

Emnet gir ei innføring i kva eit andrespråk er, og kva som kjenneteiknar variantar av mellomspråk. Det blir gitt ei grundig innføring i ulike andrespråksteoriar, og korleis ein kan bruke desse til å analysere norsk språkbruk hos andrespråksinnlærarar. Hovudvekta vil bli lagt på undersøkingar og analyse av sjølve språksystemet (fonologi, vokabular, morfologi og syntaks). Ulike aspekt ved norsk grammatikk vil bli presentert i eit samanliknande perspektiv. Teoretiske aspekt ved andrespråkstileigning blir også i nokon grad kopla til andrespråksundervising.

Anbefalte forkunnskaper

NOR-1012 Talemål og språklig mangfold, NOR-1022 Talemål og språklig mangfold. Spesialemne for internasjonale studenter

Hva lærer du

I løpet av kurset skal studentane få forståing for relevansen av undervisings- og forskingsfeltet norsk som andrespråk i skule og samfunnsliv.

Etter bestått emne har studentane følgande læringsutbytte:

Kunnskapar:

Studenten har kunnskap om:

  • andrespråkstileigning, og korleis denne skil seg frå førstespråkstileigning og fleirspråklegheit
  • ulike teoriar om universalgrammatikken og morsmålet si rolle i andrespråkstileigning
  • kva eit andrespråk er, og kva som kjenneteiknar mellomspråksvariantar
  • sentrale omgrep, teoriar, analysemodellar og metodar i andrespråksforsking

 

Ferdigheiter:

Studenten kan:

  • bruke det teoretiske analyseapparatet på ein sjølvstendig måte
  • grunngi analysar av sentrale fenomen i norsk som andrespråk
  • diskutere spesielle utfordringar ved det å tileigne seg norsk som andrespråk
  • presentere fagstoffet munnleg og skriftleg

Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk (bokmål/nynorsk)

Undervisning

Ca. 26 timar undervising i form av 13 dobbelttimar over 13 veker. Forelesingar og diskusjonar.

Alle emne skal evaluerast ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva slags emne som skal evaluerast av studentar og lærar per år.


Eksamen

Arbeidskrav:

Følgande arbeidskrav må vere gjennomførte og godkjente før ein kan framstille seg til eksamen:

  • ein munnleg presentasjon i par/grupper på 2-3 studentar
  • ei skriftleg øvingsoppgåve

Målform i skriftleg arbeidskrav: nynorsk

Vurderingsuttrykka for arbeidskrava er godkjent/ikke godkjent.

 

Eksamen består av følgande: 

  • Skuleeksamen på 4 timar.

Valfri målform bokmål/nynorsk.

 

Vurderingsuttrykk:

Eksamen blir vurdert med bokstavkarakter A-F, der F blir rekna som stryk/ikkje bestått.

 

Kontinuasjonseksamen:

Ved karakter F (ikkje bestått) får kandidaten tilbod om å gå opp til kontinuasjonseksamen i byrjinga av påfølgande semester. Ved gyldig forfall får kandidaten tilbod om å gå opp til utsett eksamen i byrjinga av påfølgande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen er 15. januar for eksamen i haustsemesteret og 15. august for eksamen i vårsemesteret.


Pensum

Tekstbok

Eide, Kristin (red.) (2015): Norsk andrespråkssyntaks. Novus forlag, Oslo.

Boka kan dere kjøpe på Akademika. Mesteparten av boka er pensum.

 

Artikler

  • Alstad, Gunhild Tomter (2015): "Barnehagen som læringsarena for gryende flerspråklighet - en oversikt over forskning 1985-2015", NOA norsk som andrespråk 30.1-2, s. 284-309 (26 s.)
  • Anderssen, Merete, m.fl. (Under utarbeidelse): "The acquisition of word order i L2 Norwegian: The case of subject and object shift"
  • Brautaset, Anne (2009): "Norsk som andrespråk", i De mange språk i Norge, Tove Bull og Anne-Riitta Lindgren (red.), Oslo: Novus, s. 163-184 (21 s.).
  • Golden, Anne (2014): "Ordforrådet hos individer og i tekster¿ (kap. 3) og "Ordlæring" (kap. 7) i Ordforråd, ordbruk og ordlæring, 4. utg., Oslo: Gyldendal, s. 67-91 og 140-170 (56 s.)
  • Haznedar, Belma (2013): "Child second language acquisition from a generative perspective", Linguistic Approaches to Bilingualism 3.1, s. 26-47 (22 s.)
  • Hilditch, Grethe & Aarsæther, Finn (2008): "Andrespråkseleven og målspråket", i Språkdidaktikk for norsklærere. Mangfold av språk og tekster i undervisningen, Mette Elisabeth Nergård & Ingebjørg Tonne (red.), Oslo: Universitetsforlaget, s. 43-66 (15 s.)
  • Nergård, Mette E. & Tonne, Ingebjørg (2008): "Elevteksten ¿ et grammatisk utstillingsvindu", i Språkdidaktikk for norsklærere. Mangfold av språk og tekster i undervisningen, Mette Elisabeth Nergård & Ingebjørg Tonne (red.), Oslo: Universitetsforlaget, s. 27-42 (15 s.)
  • Ryen, Else & Gram Simonsen, Hanne (2015): "Tidlig flerspråklighet ¿ myter og realiteter", NOA norsk som andrespråk 30.1-2, s. 195-217 (23 s.)
  • Unsworth, Sharon (2016): "Early child L2 acquisition: Age or input effects? Neither, or both?", Journal of Child Language 43.3, s. 608-634 (27 s.)

 

 

Stoff utenom pensumboka vil bli distribuert via Fronter ved semesterstart.

Error rendering component

  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 10
  • Emnekode: NOR-2045
  • Tidligere år og semester for dette emnet