Error rendering component



UiT Open Research Data

UiT Open Research Data er ei dataarkiveringsteneste for arkivering, deling, gjenbruk og sitering av forskingsdata, til fremme av open og reproduserbar forsking.

 

 

UiT Open Research Data er eit arkiv for opne forskingsdata der alle tilsette og studentar ved UiT kan lasta opp forskingsdata sine. Arkivet, som er drifta av Universitetsbiblioteket, er bygd på programvara Dataverse, med metadataskjema som oppfyller kravene til DataCite. Kvart datasett får tildelt ein DOI og ein automatisk generert referanse til bruk i publikasjonar. Arkivet har også versjonskontroll, som registrerer og synliggjer alle endringar som er gjorde i datasettet etter publisering.

For meir informasjon og brukerguidar, sjå site.uit.no/opendata. Du kan også kontakta oss på research-data@support.uit.no.

Universitetsbiblioteket tilbyr korte kurs som gjev ei innføring i korleis du kan arkivera data i UiT Open Research Data. Kursa blir annonserte på uit.no/tavla.



Ansvarlig for siden: Philipp Conzett
Sist oppdatert: 31.08.2017 22:17
Skip to main content