Dataarkivtenester

Forskingsfinansiørar stiller som regel krav om at data som er eit resultat av forskingsprosjektet dei har (del)finansiert, blir arkiverte på ein forsvarleg måte, og det finst ei rekkje arkivtenester for forskingsdata som kan tilfredsstilla slike krav. Dersom du har fått finansiering frå Norges forskningråd med krav om arkivering hos NSD, er du pliktig til å avlevera data dit.

Er du forskar på UiT, kan du arkivera dataa dine i UiT Open Research Data. Men det kan òg vera aktuelt å velja ei teneste utanfor UiT i staden, t.d. eit veletablert arkiv innanfor ditt fagområde. På nettsida re3data.org får du tilgang til eit omfattande register over forskingsdataarkiv i heile verda. Dette kan også vera ei relevant kjelde til supplerande data og samarbeidsmiljø. Her kan du bla igjennom og søkja etter fagdisiplin («Subject», t.d. Linguistics, Physics), innhaldstype («Content Type», t.d. Audiovisual data, Plain text) og land («Country»):

Søk i r3data

Ver merksam på at ulike forskingsfinansiørar kan stilla ulike krav til kva slags arkiv du bør velja til å arkivera dine data. Eit stadig meir vanleg krav er at resultatdata skal vera ope tilgjengelege. I så fall skal du haka av i feltet «Open Access» når du søkjer i re3data-registeret. Du bør også haka av i feltet «Persistent Identifier». Det inneber at kvart datasett får tildelt ei permanent nettadresse.

Nokre nyttige lenkjer:

Ta kontakt

Dersom du er i tvil om kva arkivteneste du skal velja eller har spørsmål om våre tenester, så bruk din fagreferent, eller kontakt oss på forskning@ub.uit.no

 



Ansvarlig for siden: Philipp Conzett
Sist oppdatert: 22.03.2016 14:20
Skip to main content