Forvalting av forskingsdata

Livssyklus forskningsdataFor svært mange forskarar omfattar forskingsaktiviteten å samla inn og/eller generera forskingsdata. Dette betyr at forskaren må handtera og forvalta dataa sine på ein trygg og god måte for å sikra at dei ikkje går tapt eller på eit eller anna vis blir reduserte i kvalitet. Søknader om forskingsfinansiering må innehalda beskrivingar av korleis data skal forvaltast etter innsamling og takast vare på etter avslutta forsking. Også tidsskrifta stiller stendig oftare krav om at forskingsdata som ligg til grunn for artiklane dei publiserer, skal vera tilgjengelege. Og dessutan er det av stor verdi for vidare forsking om data blir tekne vare på og gjort tilgjengelege.

Allereie før ein går i gang med eit prosjekt, bør ein difor ha ein plan for korleis ein skal handtera data. På UB kan du få hjelp med å skriva ein databehandlingsplan som tilfredsstiller krava til forskingsfinansiøren din, og – kanskje endå viktigare – som gjer det lettare for deg å halda oversikt over prosjektet ditt.

Nyttige verktøy

Når du er i gang med forskingsprosjektet, finst det ei rekkje verktøy som hjelper deg med å handtera dataa dine. Det kan t.d. vera eit vanleg tekstredigeringsprogram, eit reknearksprogram eller meir avanserte program for statistisk analyse eller lagring av større datamengder. Samarbeider ein med andre forskarar, kan det vera nyttig å bruka ei delingsteneste. For mindre datamengder i gjengse filformat som .doc og .xls kan Udoc (UiTs dokumentområde for prosjekt) vera ei eigna teneste. Dette verktøyet kan samtidig brukast til samskriving av artiklar eller bokmanus. For litt større mengder kan UNINETT si lagrings- og fildelingsteneste Box vera eit aktuelt alternativ. Andre løysingar finst også, men då bør eigarskap til innhald og sikker handtering vurderast først. Meir informasjon finn du på nettsidene til Seksjon for digitale forskningstjenester.

Ved prosjektslutt oppstår det ofte behov for å finna ei eigna dataarkivteneste der dataa dine kan arkiverast på ein trygg måte, og der dei kan gjerast synlege for og delast med andre, i den grad det kan tillatast.

Det gjeld spesielle krav for forvalting av sensitive forskingsdata. Ta kontakt med forskingsseksjonen ved ditt fakultet dersom du treng hjelp med avklaring av spørsmål knytte til dette.

Ta kontakt

Har du spørsmål eller ønskjer å bli kontakta om våre tenester, så bruk din fagreferent, eller kontakt oss på forskning@ub.uit.no



Ansvarlig for siden: Philipp Conzett
Sist oppdatert: 20.04.2017 13:13
Skip to main content