Blomstringsvarsel

I Tromsø arktisk-alpine botaniske hage er hausten enno fargerik . Gå ikkje glipp av disse som blomstrar nettopp no.

 

 Meconopsis staintonii Foto: Arve Elvebakk, UM.

1. Den mannshøge, kvite valmuesøster-arten Meconopsis staintonii! MEN IKKJE STJEL FRØKAPSLANE! Planten døyr etter blomstring, og vi MÅ hauste frø for å få laga nye plantar. Den er sjelden og ikkje lett å skaffe frå andre. Vil du at den skal bli borte frå Hagen?

 

2. Søtesamlinga. Kinasøte-gruppen held på å ta over for frynsesøtene og vil blomstre til ut i november med knallblå blomster.

 

3. Ulleungdo-rogna (Sorbus ulleungensis). Det rare namnet har det etter sin einaste vekseplass på ei lita vulkansk øy aust for Korea-halvøya. Der er det subtropisk om sommaren, men kald sibirsk luft om vinteren gjer at den er hardfør. Planten ved Primula-fossen har verdas finaste haustfarge som vil vere på topp ca. 5.‒ 10. okt.

 

4. Ein veldig rar plante mot nord oppe i Himalaya-samlinga. Den liknar på ei slags sjøstjerne, men er frå 3500 m høgde i Kina. Den er i same slekt som vår fjelltistel, og kom som Saussurea stella. Men den siste døyr etter blomstring, medan vår plante har utløparar og mykje smalare blad. Den er ikkje beskrive i ny spesial-litteratur og kan faktisk vere ein ubeskriven art. 

 

5. Den sitrongule eittåringe tøffelblomsteren Calceolaria mexicana lengst ned i Sør-Amerika.

 

6. Mange haustfarger, høge urtar plantar er under nedskjæring, men nyt finveret i Hagen!

 

Følg med på vekas Facebook-video lagt ut av Martin Hajman på: https://www.facebook.com/tromso.arktisk.alpine.botaniske.hage/

 

Last ned blomstringsvarsel som word-fil her:

Blomstringsvarsel 1 - 2020

Blomstringsvarsel 2 - 2020

Blomstringsvarsel 3 - 2020

Blomstringsvarsel 4 - 2020