Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning har gleda av å invitere ferdige mastergradskandidatar med familie til offisiell markering for alle som avsluttar sin mastergrad i grunnskolelærarutdanning våren 2022 på studiestad Tromsø.
Markeringa finn stad tysdag 31. mai 2022 kl. 17.00 på TEO-H1 Auditorium 1.
På programmet vil det vere talar og kunstnariske innslag.
Etter programmet blir det fotografering og enkel servering av finere snitter på ILP-bygget for påmeldte kandidatar med gjester.
Påmeldinga gjeld for dei ferdige kandidatane. Påmeldingsfrist for kandidatar: 20. mai kl. 12.00.
Markeringa i auditoriet er open for alle som ønskjer å heidre dei ferdige kandidatane, både studentar, rettleiarar, tilsette og venner.