Stor, fin to-roms leilegheit – Charlottenlund/Prestvatnet
To-roms leilegheit (72 m²), eigen inngang, vestvendt mot grøntområde, mellom Charlottenlund og Prestvatnet. 30 meter til lysløypa, gang-/sykkelavstand til UiT og sentrum. Kort veg til matbutikk og busstopp. Ledig f.o.m. 1. april.
Delvis møblert med kombinert kjøleskap/frysar, komfyr, vaskemaskin, oppvaskmaskin, spisebord/stolar, bokskap m.m.
Leige per månad kr. 10 000,-. 2 mnd. depositum.
Internett-tilgang og kabel-tv er inkludert i leiga. Strøm kjem i tillegg.
Røyking og husdyr er ikkje tillatt. Ingen parkeringsplass for bil.
Leilegheita passar best for student/studentpar. Ved interesse, send e-post til olav.skare@yahoo.no med ein kort presentasjon av deg sjølv. Etter vurdering av interesserte, tar vi kontakt med eit utval og inviterer til visning.