Seminar om norsk som fagspråk

Studentmållaget i Tromsø og Tromsø mållag inviterer til seminar om norsk som fagspråk. Seminaret er ope for alle som ønskjer å delta, anten det er på eitt eller to innlegg, eller heile seminaret. Påmelding for lunsj til styreleiar i Tromsø mållag, Olaug Husabø: olaug.husabo@uit.no.

Arrangør: Studentmållaget i Tromsø og Tromsø mållag.
Stad: HSL-bygget, UiT Noregs arktiske universitet, Hansine Hansens veg 36,
Tromsø
Rom: SVHUM E0101 + grupperom i nærleiken
Tid: laurdag 17. februar 2018 10.00 – 15.00.

Logo for Studentmållaget i Tromsø

Kl. 10.00 – 10.15 Opning og velkomst ved styreleiar i Studentmållaget i Tromsø, Gunnhild Skjold.
Kl. 10.15 – 11.00 Professor Trond Trosterud: Treng vi vitskapleg publisering på norsk?
Kl. 11.00 - 11.15 Pause
Kl. 11.15 – 11.45 Prorektor Kenneth Ruud: Korleis følgjer UiT opp ansvaret sitt etter uhl. § 1-7?
Kl. 11.45 – 12.30 Lunsjpause.
Kl. 12.30 – 13.15 Doktorgradsstudent Åsmund Mikalsen Kvifte: Ordbøker og fagspråk
Kl. 13.15 – 13.30 Pause
Kl. 13.30 – 14.00 Olaug Husabø, styreleiar Tromsø mållag: Er det no så nøye?
Kl. 14.00 – 15.00 Gruppearbeid
Kl. 15.00 – Kanskje ferdig

Når: 17.02.18 kl 10.00–15.00
Hvor: SVHUM E0101
Sted: Tromsø
Målgruppe: alle
E-post: smit@nynorsk.no
Legg i kalender