Sirkka Seljevold har mastergrad frå Visuelle kulturstudier med masteroppgaven When it is easier to watch yourself cry than to watch yourself read in your mother tongue. - Kven Language and Culture in the Making, 2008 og med masterfilmen The Language of My Heart, 2007. Dei siste sju åra har ho arbeidd med visuell antropologi i ulike forskings- og formidlingsprosjekt i kvenske, sjøsamiske og nyinnvandrarmiljø i Nord-Norge. Ho vil med utgangspunkt i eksempel frå dei etnografiske filmprosjekta sine i Finnmark og Nord-Troms og frå eit barneskoleprosjekt i Kåfjord kommune vise korleis materiell kultur får ei sentral rolle med å synliggjøre lokal kulturarv, språk inkludert. I video- og fotoportretta som blir presentert, ser vi korleis folk skaper og bruker språkbaserte ting - "språkgjenstandar" – til å kommunisere kulturelt tilhør. Kva kan slike grasrotinitiativ i tradisjonelt flerspråklige miljø fortelje om kva relevans dei kan ha i revitaliseringsprosessen av eit språk?