Blomstringsvarsel fra 7. juli

Blomstringsvarsel 6-2015, 7. juli  →  i Tromsø arktisk-alpine botaniske hage – GÅ IKKJE GLIPP AV:

 

1. Himmelvalmuesøster (Meconopsis ’Lingholm’), oppe til h. Dette er ein himmelblå hagehybrid som fekk kromosomfordobling og som derfor oppfører seg som ein eigen art. Dette er den vanlegaste blåe fleire stader i hagen. Oppe til v. den ekte, ville ‘stor valmuesøster’ (M. grandis), som har islett av fiolett i ulik grad. Den blomstrar no i Himalaya saman med fleire, mest toårige blå artar (nede til h.). Men blå valmuesøster (M. baileyi, før betonicifolia; nede til venstre) har ei mindre skarp blå farge, og blomstrar seinare. Den har så vidt begynt like ved kaféborda.
 

 
2. Alpesøte (Gentiana acaulis) − på toppen i søtesamlinga.
 
3. Mattedannande floks-artar (Phlox) i Nord-Amerika. Flott sommarblomstring også i Tradisjonshagen og i Kaukasus.
 
4. Sildresamlinga. Hagesildrene mot nord og bergfrueseksjonen frå toppen av ryggen ned i den nord-vendte bergveggen.
 
5. Full blomstring også utafor hagen. Legg merke til enga heilt kvit av hundekjeks (Anthriscus sylvestris).
 
6. Nokre som enno blomstrar i Rhododendron-samlinga, serleg kamtsjatkarhododendron (Therorhodion camtchaticum) øvst i dalen.

Starter: 07.07.15 kl 00.00
Slutter: 28.07.15 kl 00.00
Hvor: Botanisk hage
Sted: Tromsø
Målgruppe: alle
Legg i kalender
Vedlegg / Bilder:
Blomstringsvarsel-6-2015
Highlights-6-2015