Blomstringsvarsel fra 23. juni

Blomstringsvarsel 2015-4, 23. juni →    i Tromsø arktisk-alpine botaniske hage – GÅ IKKE GLIPP AV:

 

1.     Ei uvanleg løvetann! Taraxacum pseudoroseum veks vilt i Sentral-Asia og er rosa med kvitt auge. I sola er denne planten veldig vakker, står i skråninga i Sibir-samlinga.
 

 
2.     I Sør-Amerika er det no full blomstring på dei fire patagonske gaukesyre-artene. Den kvite Oxalis loricata er den sjeldnaste, men det er også ulike variantar av dei andre. Diverre opnar blomstrane seg berre i sol.
 
3.     Mørkeblå, store, klokkeforma alpesøter i Søte-samlinga.
 
4.     Knallraude silkevalmuesøster (Meconopsis punicea) i Himalaya. Lange, elegante, hengjande kronblad minner om silkestoff. Arten døyr etter blomstring og må oppformerast årleg med frø.
 
5.     Den flotte, kvitblomstra og puteforma minneblomen/forglemmegei (Myosotis cf. pulvinaris) og ein stor, gul smørblomster (Ranunculus insignis) i New Zealand-samlinga.
 
 Polarflokk (Polemonium boreale) på øvre side av Arktis-haugen. Kun kjent frå Bugøynes i Aust-Finnmark på fastlandet, men vanlegare på Svalbard.  Og mot vest, den sjeldne myrklegg-arten Pedicularis groenlandica. Blomstrane har nærmas tein elefantsnabel.

Starter: 23.06.15 kl 00.00
Slutter: 01.07.15 kl 00.00
Hvor: Botanisk hage
Sted: Tromsø
Målgruppe: alle
Legg i kalender
Vedlegg / Bilder:
Blomstringsvarsel-4-2015
Highlights-4-2015