høst 2015
HIS-1003 Nasjonalisme, imperialisme og globalisering 1850-2000 - 10 stp

Søknadsfrist

1. juni for emner som tilbys i høstsemesteret. 1. desember for emner som tilbys i vårsemesteret.

Emnetype

Emnet er obligatorisk i bachelorstudiet i historie, og for studenter på lektorutdanning med studieretning eller fag 2 historie. Emnet kan tas som enkeltemne, og passer som støtteemne innen andre humanistiske og samfunnsvitenskapelige fag. 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Søknadskode 9199 enkeltemner - lavere grad, etc.


Studiepoengreduksjon

Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:

HIS-1111 Arctic Norway - aspects of history 1 stp

Innhold

Emnet omhandlar norsk og internasjonal historie frå utgangen av napoleonskrigane og fram til inngangen av det 21. århundret. Sentrale tema i 1800-talets historie er framveksten av dei moderne nasjonalstatane, demokratisk konsolidering, spreiing av industrialismen og europeisk imperialisme. Sentrale emne i 1900-talets historie er årsaker og verknader av dei to verdskrigane og oppkomst og avvikling av den kalde krigen. Siste del tar opp globalisering av økonomi, politikk og kultur og Noreg sin plass i denne omstillinga.

Hva lærer du

Etter bestått eksamen skal studentene har følgende læringsutbytte:
 

Kunnskap:

  • Studentane skal få kunnskap om sentrale utviklingstrekk og endringar i perioden 1850-2000, med vekt på europeisk og norsk historie. Emnet skal vere ein introduksjon til historisk forskning og fagdebatt. 

Ferdigheter:

  • Studentane skal demontrere kunnskapar og evne til fagleg drøfting i mindre skriftleg arbeid. 


Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk.

Undervisning

Undervisninga skjer gjennom førelesingar og rettleiing i samband med skriving av heimeoppgåve. Omfanget av undervisninga tilsvarar ca. 40 timar. Undervisning som er gitt i løpet av semesteret, blir rekna som del av det kunnskapsgrunnlaget studentane kan prøvast i til eksamen. Studentane får tilbod om oppgåvekurs før heimeoppgåva, medan det blir gitt kollektiv rettleiing i samband med denne.
Studentane blir oppmoda til eigenaktivitet, t.d. i form av kollokviegrupper.

Emnet blir gitt kvart vårsemester. Det er ikkje høve til å ta eksamen i haustsemestra.


Kvalitetssikring av emnet
Emnet sluttevalueres hvert tredje år.


Eksamen

Arbeidskrav:

Studentane skriv ei heimeoppgåve på ca. 2000 ord som er obligatorisk for å kunne framstille seg til eksamen. Oppgåva blir vurdert til greidd/ikkje greidd, og studentane får ikkje gå opp til endeleg eksamen dersom oppgåva ikkje er greidd.

Eksamen/vurdering:

4-timars skriftleg eksamen. Denne blir evaluert etter karakterskalaen A-F, der F er stryk. 
Det er høve til kontinuasjonseksamen ved karakteren F.


Pensum

Norsk historie:

Myhre, Jan Eivind: Norsk historie 1814-1905. Å byggje ein stat og skape ein nasjon, kapittel s. 125-302 (177 s.), Det Norske Samlaget 2012.

Stugu, Ola Svein: Norsk historie etter 1905. Vegen mot velstandslandet (308 sider), Det Norske Samlaget 2012.

Verdshistorie:

Eriksen, Tore Linné: Globalhistorie 1750-1900. En sammenvevd og delt verden, Cappelen akademiske forlag 2010 (179 sider). Utdrag: kapittel 5, kapittel 6, kapittel 7 (s. 240-265), kapittel 8 (s. 288-302), kapittel 9 (s. 318-339), kapittel 10 (s. 354-366), kapittel 11 (s. 380-394), kapittel 12 (s. 407-424), kapittel 13 (s. 433-450).

Balsvik, R. Rønning. 2010: Det 20. århundrets historie - et globalt perspektiv (328 sider). Cappelen akademiske forlag 2010.

I kompendium:

* Balsvik, R. Rønning 1991: "Kvinner i nordnorske kystsamfunn" i Historisk tidsskrift nr. 4: 636-655.


* Minde, Henry 2005: "The Alta case: From the local to the global and back again" i Discourses and Silences: 13-34.

* Niemi, Einar 2010: Kvenene ¿ Nord-Norges finner. En historisk oversikt, I A.C.B. Lund og B.B. Moen: Nasjonale minoriteter i det flerkulturelle Norge, Tapir Akademisk Forlag, Trondheim: 33-52.

Error rendering component

  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 10
  • Emnekode: HIS-1003
  • Tidligere år og semester for dette emnet