vår
2022
NOR-6005 Fleirspråklegheit - 15 stp
Opptakskrav
• Fullført lærarutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning eller anna pedagogisk utdanning som kvalifiserer for å undervise på 8.-13. trinn.
• Fullført norsk 1 eller tilsvarende 30 studiepoeng i norsk eller nordisk.
Deltakarane må vere i eit tilsettingsforhold på ein skole som tillét at dei kan prøve ut pedagogiske opplegg i eigen klasse. UiT vil ikkje krevje dokumentasjon på tilsettingsforholdet, men dette er ein føresetnad for å kunne gjennomføre arbeidskrava.
Innhald
Emnet gjev ei innføring i allmenne teoriar om fleirspråklege samfunn og individ, forholdet mellom majoritets- og minoritetsspråk, fleirspråkleg utvikling i individet og kontakt mellom ulike språk. Emnet tek opp både historiske og notidige perspektiv. Fleirspråklegheit i skolen vil bli særleg vektlagt, og emnet gjev også ei innføring i sentrale didaktiske problemstillingar for arbeid med fleirspråkligheit i skolen.Kva lærer du
Etter bestått eksamen har studentane følgande læringsutbyte:
Kunnskapar
Studentane har:
• kunnskap om allmenne teoriar om fleirspråkleg utvikling og fleirspråklege samfunn og om ulike sider ved språkforholda i fleirspråklege samfunn.
• kunnskap om rettar og vilkår for fleirspråklegheit i skolen slik det blir uttrykt i opplæringslova, Læreplanverket for kunnskapsløftet 2020 og i internasjonale avtalar.
Ferdigheiter
Studentane kan:
• skildre og drøfte problemstillingar knytte til fleirspråklegheit på ein klår måte og med korrekt språkføring
• bruke ny teknologi for å fremje fleirspråklegheit i skolen
• gjennomføre ei empirisk undersøking rundt eigen undervisning der fleirspråklegheit er eit sentralt tema
Generell kompetanse
Studentane kan:
• bruke kunnskap om fleirspråklegheit til å planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning der fleirspråklegheit er eit sentralt tema
Eksamen
Følgande arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg for eksamen:
• Studenten skrive ein tekst på mellom 700-1000 ord knytt til eit tema nærmare fastsett av dei kursansvarlege. Teksten skal skrivast på nynorsk. Teksten kan skrivast individuelt eller i gruppe på to eller tre studentar. Ein tekst frå ei gruppe skal vere på minst 1000 ord ikkje meir enn 2000 ord. Teksten blir evaluert med godkjent/ikkje godkjent.
• Studenten skal gjere opptak av ein munnleg presentasjon på 8-10 minutt av ei empirisk undersøking av undervisning der fleirspråklegheit er eit sentralt tema. Denne presentasjonen skal gjerast tilgjengeleg for medstudentar på emnet. Presentasjonen kan gjerast individuelt eller i gruppe på to eller tre studentar: ein gruppepresentasjon skal vere på 13-15 minutt. Presentasjonen blir evaluert med godkjent/ikkje godkjent
Eksamen består av følgande:
• Sju dagar heimeeksamen. Eksamen skal vere på omlag 3000 ord og skal skrivast på nynorsk.
Ved bedømming av eksamen vert det nytta karakterar etter ein skala frå A til E for bestått, og F for ikkje bestått, med A som beste karakter.
Alle skriftlege arbeid er baserte på følgjande standard: Times New Roman, 12 pkt., 1,5 linjeavstand, 2,5 cm marg.
Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen/utsett eksamen er 15. januar for emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. august for emne som vert gitt i vårsemesteret.
- Om emnet
- Studiested: Nettbasert |
- Studiepoeng: 15
- Emnekode: NOR-6005
- Ansvarlig enhet
- Institutt for språk og kultur
- Kontaktpersoner
-
-
- Tidligere år og semester for dette emnet