vår 2021
VID-6313 Matematikk lærerspesialist 4 for 1-10 trinn - 15 stp

Søknadsfrist

01.03 på http://udir.no/videreutdanning

Emnetype

Vidareutdanning på masternivå retta mot lærarar i grunnskolen. Emnet er ein del av lærarspesialistutdanninga i matematikk. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne

Opptakskrav

  • Fullført lærarutdanning eller tilsvarande utdanning som kvalifiserer til arbeid i grunnskolen.
  • Minst 60 studiepoeng i matematikk/matematikkdidaktikk.

 

Deltakarane må være i eit tilsettingsforhold i grunnskolen, som tillater at deltakaren kan prøve ut pedagogiske opplegg i eiga klasse. UiT vil ikkje kreve dokumentasjon på tilsettingsforholdet, men dette er ein forutsetning for at studentane kan gjennomføre sine arbeidskrav


Innhold

Som lærarspesialist skal ein drive utvikling på eigen skule og rettleie kollegaer. Dette emnet handlar lærer om konkrete metodar (systematikk gjennom observasjon og logg) og verktøy (som MAM og Lessons Study) som skal brukast i rettleiing av kollegaer og utvikling av skolen. Grunnlaget for å mestre dette emnet er emne 1, 2 og 3.

Hva lærer du

Etter bestått emne har studentane følgjande læringsutbyte:

Kunnskap
Studenten har kunnskap om:

  • Forskingsmetodar som observasjon, intervju og logg.
  • Systematiske metodar for utvikling av matematikk-undervisning i eit kollegium, slik som til dømes MAM (Mestre Ambisiøs Undervisning), Lesson Study og Thinking Classroom.
  • Translasjonsteori (oversettelsesteori) relatert til innføring av nye idear i skulen.

 

Ferdigheter
Studenten kan:

  • Samle data som grunnlag for rettleiing av kollegaer ved bruk av forskingsmetodar for observasjon, intervju og logg.
  • Rettleie kollegaer ved bruk av forskingsbasert kunnskap om læring og undervisning i matematikk.
  • Bruke metoder for utvikling av matematikk-undervisning, slik som til dømes MAM, Lesson Study og Thinking Classroom.

 

Kompetanse 

  • Kan bruke ulike metodar for å systematisk forbetre undervisning og elevdeltaking.
  • Kan leie eit utviklingsarbeid på eigen skule basert på forskingsbasert kunnskap om læring og undervisning.
  • Kan bruke kollektiv profesjonsutvikling for å utvikle forskingsbasert undervisning i matematikk.
  • Kan bidra til å utvikle både kunnskap om undervisning og læring i matematikk og bruk av slik kunnskap i praksis.

Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk

Undervisning

Emnet er samlingsbasert. Undervisninga blir ei blanding av forelesingar, gruppearbeid med refleksjonar rundt pensum, og rapportering frå utprøving i eiga klasse. Emnet er samlingsbasert. Undervisninga blir ei blanding av forelesingar, gruppearbeid med refleksjonar rundt pensum, og rapportering frå utprøving i eiga klasse.

For emne som startar om hausten vil pensum-lista være klar innan 15. juni. For emne som startar om våren vil pensum-lista være klar innan 15. desember.


Eksamen

Følgande arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før ein kan ta eksamen:

  • 70 % deltaking på undervisning
  • Prøve ut MAM eller Lesson study på eigen skule
  • Gjennomføre datainnsamling som grunnlag for rettleiing av ein kollega (observasjon, intervju, logg)

 

Eksamen består av:

  • Presentasjon av ein plan for eit utviklingsarbeid på eigen skule.

 

Presentasjonen skal være for med-studentar, med korte oppfølgingsspørsmål. Individuell presentasjon på 20 minutt eller presentasjon i par på 30 minutt.

Eksamen vert vurdert med bokstavkarakter A-F, der F er ikkje bestått.

Ved karakter F/ikkje bestått eller gyldig forfall får ein tilbod om kontinuasjonseksamen påfølgande semester. Frist for å melde seg til kontinuasjonseksamen er 15. januar for eksamen i haustsemesteret og 15. august for eksamen i vårsemesteret


  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 15
  • Emnekode: VID-6313
  • Tidligere år og semester for dette emnet