Heim
 
Nettverk
 
Korpus/Database
 
Aktivitetar
 
NORMS
 
N'CLAV
 
Media
 
Bibliografi
 
Ressursar
 
Blogg

Engelsk flagg2
Norsk flagg
 
[ Logg inn ]
Printer friendly

Status for prosjektet september 2009

Hovudaktivitetane i ScanDiaSyn-samarbeidet føregår no innanfor ramma av NORMS, det Noregs Forskingsråd-støtta norske delprosjektet (NorDiaSyn) og ei ny løyving frå NOS-HS til delprosjektet Nordic Dialect Corpus and Collaboration (NorDiaCorp).

Infrastrukturbyggjing
Infrastrukturløyvingar frå Universitetet i Oslo og NordForsk dei siste åra har muleggjort utvikling av korpuset og databasen til ScanDiaSyn. Ein demo version of the corpus vart lansert sommaren 2008 og ein første versjon av databasen med spørjeskjemadata er no også oppe og går. Både innleggjing av meir data og vidare utvikling av grensesnitt og funksjonar føregår for fullt ved Tekstlaboratoriet ved Universitetet i Oslo. Eit NordForsk-støtta PhD-kurs relatert til ScanDiaSyn-infrastrukturen vart arrangert på Fefor i juni 2009. ScanDiaSyn deltek for øvrig i eit samarbeid om utveksling av tankar, idéar og ekspertise rundt infrastruktur for variasjonslingvistikk (RILiVS), sjå nedanfor.

Datainnsamling
- Innsamling av tale- og spørjeskjemadata frå 11 danske målepunkt vart fullført i 2008 innanfor delprosjektet DanDiaSyn .
- Innsamling av hovudsakleg spørjeskjemadata frå omlag 35 islandske målepunkt vart fullført i 2008 i delprosjektet IceDiaSyn.
- Spontantaledata frå over 100 målepunkt i det svenske dialektområdet (inkl. Finland) frå SweDia 2000-prosjektet blir no også lagt til korpuset, og innsamling av spørjeskjemadata frå omlag halvparten av desse målepunkta kjem til å bli utført i 2009-2010.
- Innsamling av både tale- og spørjeskjemadata frå omlag 100 målepunkt i Noreg vil bli fullført i 2010 og lagt til korpuset og databasen. – Spontantaledata frå færøyske dialektar vart samla inn under NORMS-feltarbeidet på Færøyane i 2008 og ytterlegare spørjeskjemadata kjem til å bli samla inn i 2009.

NorDiaSyn
I desember 2008 vart det klart at Noregs Forskingsråd kom til å støtta det fireårige norske delprosjektet under ScanDiaSyn i perioden 2009-2012. Delprosjektet (NorDiaSyn) blir utført som eit samarbeid mellom gruppene ved Universitetet i Oslo, NTNU (Trondheim), og Universitetet i Tromsø med professor Janne B. Johannessen (UiO) som ansvarleg prosjektleiar. Løyvinga frå Forskingsrådet gjer det muleg å fullføra datainnsamlinga – både opptak og spørjeskjemaundersøkingar – frå minst 100 målepunkt i Noreg, og dette arbeidet nærmar seg no slutten: Så langt er omlag 80 målepunkt besøkte. Løyvinga omfattar for øvrig ei postdokk-stilling (ved UiO) og ei PhD-stilling (NTNU) og begge desse stillingane er no fylte.

NorDiaCorp
I januar 2009 ga NOS-HS si støtte til to av arbeidspakkane i ein søknad kalla Nordic Dialect Corpus and Collaboration (NorDiaCorp). Dei to arbeidspakkane omfattar (i) spørjeskjemainnsamling frå rundt 50 målepunkt i Sverige og Finland og (ii) fire forskarårsverk for utvikling av oversyn, kart og anna vitskapleg produksjon på basis av dei dataa som har blitt samla inn under ScanDiaSyn-paraplyen dei siste åra. Datainnsamlinga i Sverige og Finland kjem til å bli utført i 2009 og 2010, og saman med opptak frå SweDia 2000-prosjektet vil dette gi ganske parallelle dataressursar i det svenske og det norske dialektområdet. Ansvarleg prosjektleiar for NorDiaCorp-prosjektet er Øystein A. Vangsnes (UiT).

Atlas, oversyn, and vitskapleg utkome
Dei fire forskarårsverka i NorDiaCorp og postdokk-stillinga i NorDiaSyn betyr at det no er eit solid grunnlag for å utføra komparativ forsking på dei dataa som så langt er blitt samla inn under ScanDiaSyn-paraplyen dei siste åra. For øvrig er følgjande vitskaplege utkome av aktivitet under paraplyen nært foreståande:

– Ei artikkelsamling om elvdalsk syntaks vil bli gitt ut på John Benjamins seint i 2009 eller tidleg i 2010.
– Ei artikkelsamling om færøysk syntaks basert på NORMS-feltarbeidet i august 2008 blir for tida samanstilt.
– Ei artikkelsamling om nordnorsk dialektsyntaks blir førebudd.
– Ei artikkelsamling om nordösterbottnisk dialektsyntaks er på planleggjingsstadiet.
– Ei artikkelsamling om nordgermanske eksklamativar vil komma rundt årskiftet 2009/2010.

Nettverksaktivitet
Nettverksløyvinga frå NordForsk tek slutt ved årskiftet. Denne løyvinga har vore hovudfinansieringskjelda til dei årlege stormøta i nettverket, no sist det 5. stormøtet i Älvdalen. Eit nytt treårig NordForsk-nettverk, Nordic Collaboration on LAnguage Variation (N'CLAV), startar i 2010. Dette nettverket vil ha ei vidare tilnærming til språkleg variasjon i Norden (ikkje berre syntaks, ikkje berre nordgermansk), og hovudaktiviteten vil vera årlege stormøter og årlege feltekskursjonar (à la NORMS-feltarbeida).

NORMS-prosjektet varar ut 2010 og eit avsluttande seminar/workshop er tentativt planlagt i samanheng med neste års stormøte for ScanDiaSyn og N'CLAV i Tromsø i den andre veka av juni 2010 (og vidare i så fall etterfulgt av CGSW 25).

Innanfor NORMS vart det sjette intensive feltarbeidet arrangert i Hedmark og Värmland i mai 2009 og det sjuande kjem til å finna stad på Fosen i Trøndelag 20.-23. September 2009. Ei rekkje tematiske workshopar har vore avvikla i løpet av det siste året. Eit oversyn over aktivitetane i NORMS finn ein på denne sida.

NOS-HS har støtta ein serie av utforskande møte ("exploratory workshops") om forskingsinfrastruktur for språkleg variasjon (RILiVS), og eit større møte i denne serien finn stad i Oslo 17.-18. september. Denne serien bring saman fleire nordiske nettverk og forskingsgrupper som arbeider med språkleg variasjon (ScanDiaSyn, Medieval Nordic Text Archive (Menota), Swedish Dialect Database (SweDat; vidareføringa av SweDia 2000) og eit nettverk for samisk dokumentasjon og revitalisering), og samarbeidet inviterer vidare til samarbeid med andre tilsvarande grupper i Europa og andre stader.




Det humanistiske fakultet, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø TLF: 776 44240
Oppdatert av forskar Øystein A. Vangsnes den 07.06.2010 01:07
Ansvarlig redaktør: fakultetsdirektør Jørgen Fossland


Read this page in: Bokmål | English