Prosjekt under ScanDiaSyn-paraplyen
Nordisk dialektsyntaks (ScanDiaSyn) har ei kompleks organisering. På grunn av finansieringssituasjonen er prosjektet sydd saman av fleire delprosjekt, noko som organisatorisk sett gjer det naturleg å omtala ScanDiaSyn som ein prosjektparaply snarare enn eitt prosjekt. Innanfor "paraplyen" er og blir det definert felles målsetningar, og dei ulike delprosjekta er anten retta direkte mot desse målsetningane eller kombinerer dei felles måla med eigne mål.
NOS-HS og NordForsk har vore svært viktige støttespelarar for Nordisk dialektsyntaks - ScanDiaSyn. Begge ga såkornmiddel til samarbeidet i 2003/2004, og medan NordForsk ga ei nettverksløyving for perioden 2005-2007 og sidan 2008-2009, støtta NOS-HS samarbeidet direkte med ei løyving for prosjektleiing i perioden 2005-2007. NCoE-løyvinga til NORMS kjem frå NOS-HS og NordForsk i samarbeid. NordForsk har elles gitt infrastrukturmiddel til prosjektet i 2008-2009, og NOS-HS har gitt ei løyving til delprosjektet NorDiaCorp i perioden 2009-2012.
Nedenfor følgjer ein oversikt over dei ulike delprosjekta under ScanDiaSyn-paraplyen som har eigen øyremerkt finansiering. (Individuelle doktorgradsprosjekt er ikkje tekne med sjølv om dei i nokre tilfelle kjem utanom delprosjekta.)
– NorDiaCorp – Nordic Dialect Corpus and Collaboration (støtte frå NOS-HS i 2009-2012)
– NorDiaSyn – Norwegian Dialect Syntax (støtte frå Noregs forskingsråd i 2009-2012)
– Nordisk dialektkorpus og -database (støtte frå Universitetet i Oslo i 2007-2008 og frå NordForsk i 2008-2009)
– DanDiaSyn – Dansk dialektsyntaks (støtte frå det danske Forskningsrådet for Kultur og Kommunikation i 2007 og 2008)
- IceDiaSyn – Tilbrigði í setningagerð (støtte frå Rannsóknamiðstöð Íslands i perioden 2005-2007)
- SveDiaSyn - svensk dialektsyntaks (støtte frå Vetenskapsrådet (Sverige) i perioden 2005-2007)
- Network for Scandinavian Dialect Syntax (støtte frå NordForsk i perioden 2005-2007 med forlening i 2008-2009)
- Nordic Center of Excellence in Microcomparative Syntax (NORMS)(støtte frå NOS-HS i perioden 2005-2010)
- ScanLex - internordisk elektronisk leksikon (støtte frå Nordens Språkråd i 2005)
– Nominalfraskonstruktioner i finlandssvenska varieteter (støtte frå Finlands Akademi i 2007-2009)
|