Heim
 
Nettverk
 
Korpus/Database
 
Aktivitetar
 
NORMS
 
N'CLAV
 
Media
 
Bibliografi
 
Ressursar
 
Blogg
 
[ Logg inn ]
Printer friendly


3

Ja tè sognamaol!


Øystein A. Vangsnes
forskar, dr. art.
Universitetet i Tromsø

Jan Olav Fretland og Ragnhild Anderson (f. Haugen) har i intervju og debattinnlegg teke til motmæle mot mine påstandar om raske endringar i indresognsmålet (og då meiner eg dei tradisjonelle bygdemåla frå Vik/Balestrand og innover). Det er bra! Det er fleire ting dei seier, eg kunne tenkja meg å forfølgja, men lat meg aller først seia at eg  – som sogning – håpar dei har rett og at eg tek feil!

Dynamikken i språkendring

Dinest skal det seiast at samanlikna med dei grundige studiane av sogndalsmålet som Anderson har gjort og som ho kan støtta seg på, blir det eg har å seia, berre synsing. Men som ein ropar i skogen, får ein svar. Det er ikkje spesielt overraskande at ungdommar med foreldre frå bygda har fleire tradisjonelle dialekttrekk i talemålet sitt enn ungdommar med utanbygds foreldre. Men korleis er balansen mellom dei ulike gruppene i ungdomskullet totalt sett? Viss tala for ao-lyden er høvesvis 86% (to sogndalsforeldre), 69% (ein sogndalsforelder) og nesten 50% (ingen foreldre frå Sogndal), kva er då prosenttalet for ungdomsgruppa totalt sett, justert for styrkeforholdet mellom dei tre gruppene?

Dynamikken i språkendring er komplisert, og ungdommar kan sjølvsagt i takt med vaknande lokal identitet medvite eller umedvite velja eit meir tradisjonelt talemål enn dei hadde i barneåra. Like fullt er det det målet ein tilegnar seg som barn – altså i tida før sterke identitetskjensler veks fram – som vil sitja sterkast, og her er det viktig å ha klart for seg at andre born, og gjerne dei som er litt eldre, generelt sett er vel så viktige språklege førebilete som foreldre, besteforeldre og andre vaksne. Skilnaden mellom lat oss seia 75 og 50 prosent ao-lyd i innputtet som dei språktilegnande borna får frå leikekameratane sine, blir då særs viktig, ikkje minst når dette innputtet skal samanstillast med anna innputt frå familien og storsamfunnet (barne-TV m.m.). Slik sett blir det me ser i talemålet til ungdommane, for symptom å rekna – diagnosen kan me strengt tatt berre stilla i målet til småborna!

Rask endring er muleg!

Og sjølv om eg i ettertid gjerne skulle ha unngått den subjektive og upresise termen ‘dramatisk’ om språkendringane i indresognsmål – for eg er sjølvsagt fullstendig einig med Fretland i at det er eit langt meir dramatisk dialektskifte me ser t.d. i fjellbygdene i Valdres og Hallingdal – opplever eg det som ganske dramatisk når venene mine fortel at i klassen til ungane deira i småskulen er det kanskje ein fjerdedel som har ao-lyd. Det er muleg dei overdriv, men det er heilt i tråd med den kjensla eg sjølv har og som eg tillet meg å synsa noko på grunnlag av.

Når det er sagt, heng det ikkje på greip når både Fretland og Anderson set fram at skilnadane mellom sognamål og fjordamål er FOR store til at dei kan bli borte. Er ikkje kanskje skilnadane mellom tradisjonelt hallingmål og hovudstadsmål vel så stor, om ikkje større? Sjølvsagt KAN hovudskilnadane mellom indresognsmål og resten av fylket bli borte!

NRK si rolle

Fretland er vidare ueinig i at NRK Sogn og Fjordane bidreg til tilnærming mellom indresognsmål og fjordamål og det same er Svein Mardal i sin underhaldande petitartikkel 19. januar. Det blir trekt fram at det er fleire sogningar der som brukar dialekten i sendingar. Men det er ei avsporing å trekkja fram enkeltjournalistar. Poenget er at NRK Sogn og Fjordane har vore identitetsskapande og at lyttarar frå Indre Sogn meir enn før er blitt eksponert for fjordamål. (Dessutan er eg ikkje så sikker på at indresogningane i NRK verkeleg snakkar så kav sogning anna enn når dei skal vera underhaldande.)

Nynorskens rolle

Til slutt vil eg imøtegå Fretlands påstand om at nynorsken fremjer den tradisjonelle dialekten. Her må ein rett nok tolka intervjuet, men Fretland trekkjer fram samanfallet mellom dei to formene "dè" og "dikka" i berre ei form "dikka" hjå unge i Lærdal, og han spør seg om den opphavlege distinksjonen mellom subjekts- og objektsform vil komma inn att i vaksen alder. Viss Fretland tenkjer seg at det skulle skje fordi nynorsk har skiljet mellom "de" og "dykk", tykkjer eg det vitnar om eit temmeleg naivt syn på kva rolle nynorsken spelar. Denne endringa synest for meg å vera meir eller mindre gjennomført hjå dei yngste i dei fleste sognebygdene og er nettopp eit prov på at endringane ikkje går i retning av nynorsk, men heller i retning av omkringliggjande målføre. (Og tek eg ikkje feil, kjem indresognsmålet her diltande etter sunnfjordsmålet der samanfallet er gjennomført eit par generasjonar tidlegare. Eit alternativ er faktisk at me her ser ei endring i retning av bokmål i og med at me får det same systemet som der med berre ei form (dere)!)

Lokal identitet er avgjerande

Lat meg avrunda som eg opna: Eg skulle ønskja at det gjekk an å halda på eit meir tradisjonelt sognemål. Til liks med Ragnhild Anderson trur eg det vil avhenga av om sogningane kan dyrka fram ein endå sterkare og stoltare lokal identitet. Men det skal mykje til, og innsatsen for dialekten må setjast inn i både barnehage og småskule, skal det vera håp. Spørsmålet er om det i det heile er gjennomførbart utan at ein endar opp i etiske dilemma. 


Det humanistiske fakultet, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø TLF: 776 44240
Oppdatert av forskar Øystein A. Vangsnes den 30.01.2008 10:38
Ansvarlig redaktør: fakultetsdirektør Jørgen Fossland


Read this page in: Bokmål