Page 49 - UiT - Labyrint 04_2011

Basic HTML Version

Universitetet i Tromsø –
Labyrint 4/11
•••
49
Den nordnorske rangstigen
Kronikk av Øystein A. Vangsnes
Er Nord-Noreg ein
landsdel i humanistisk
krise?
Korleis kan eit einsleg skilt med det lule-
samiske namnet
Bådåddjo
føra til rama-
skrik og bråk utan sidestykkje på
Avisa
Nordland
sine debattsider? Kvifor har anti-
samiske innlegg fylt kommentarfelta hjå
avisene
Nordlys
og
iTromsø
i samband med
debatten om Tromsø skulle gå inn i forvalt-
ningsområdet for samisk språk? Spørsmå-
let omkring særlege tiltak for fremjing og
synleggjering av samisk språk har til fulle
fått fram dei djupe fordommane mot eigne
minoritetar som finst i den nordnorske
befolkninga.
Debatten har til delsvore
hatsk og rasistisk
, men den blir
også framført med tilsynelatande rasjonelle
argument som at det kostar for mykje å
bruka ekstra ressursar på å sikra at samisk
språk lever vidare og at det er ikkje naud-
synt med tospråkleg skilting og forvaltning
for alle samar i Noreg meistrar jo norsk.
At dei samiske språka, med sine 25-30.000
talarar fordelt på ni språk, er den mest trua
språkgruppa i heile ­Europa, spelar liten
rolle for mange. Argumentet om at samisk
språk er ein viktig del av nordnorsk og
nordisk kulturarv, sjølve limet i den gren-
selause kulturen på Nordkalotten, synest
vanskeleg å svelgja.
Sjølvsagt har ikkje ALLE nordlendingar
djupe fordommar mot det samiske, men
det at eit så stort mindretal av befolkninga
i det heile torer å ope gi til kjenne så sterke
anti-samiske hald­ningar, gir grunn til
bekymring, for då er det mange som anten
deler meiningane eller ikkje bryr seg.
Kan det vi har vore vitne til det siste året
botna i dårleg sjølvtillit i den nordnor-
ske befolkninga? Eg trur det er ein del av
forklaringa. «Etnisk norske» nordlendingar
kjenner seg underlegne «søringar» og tek
det ut på dei som kjem lenger ned på rang-
stigen, det vil seia på samar og kvenar.
Og den dårlege nordnorske
sjølvkjensla er velkjend.
I eit intervju med Dag og Tid 4. november
fortel den nordnorske lyrikaren Helge
Stangnes følgjande
«–Nordlendingane har hatt eit dårlegare
sjølvbilde enn folk sørpå. Den fyrste som
bruka nordlandsdialekten på radio, var
Carl Bertheussen frå Hillesøy, det var i åra
like etter krigen. Føredraga hans var popu-
lære på Sørlandet, men nordlend-ingane
slo av apparatet i skam over målet sitt.»
Ein skulle kanskje tru at det ikkje var slik
lenger, men nyleg sa ein ung, oppegåande
tromsøværing til meg:
«De e i utgangs-
punkte kjipt å være nordlending. Viss du i
tillegg e same!...»
. Med det sa han to ting:
1) Han stadfesta den dårlege nord­norske
sjølvkjensla og 2) han plasserte samar
under nordlendingar i hierarkiet.
Og det er gjennom språket den unge
mannen og alle andre nordlendingar blir
identifiserte som nettopp nordlendingar.
Ved dialekten. Den dårlege sjølvkjensla er
innbakt i språket. Skal ein få opp sjølv-
kjensla, må ein difor etablera ei stolheit for
eige mål.
Det same gjeld for samar.
Samar må føla at språket deira har ein
verdi. Kvifor skal dei elles halda på det?
Kvifor skal eit samisk barn som er i eit
norskdominert språkmiljø satsa på å også
tilegna seg samisk viss samisk ikkje har
nokon verdi? Synleggjering i det offentlege
rom gjennom skilting og bruk i forvaltning
er då viktige symbol på at språket faktisk
har ein verdi.
Fredag 18. november vart den første nord-
områdemeldinga
lagt fram i Bodø. Nordområdesatsinga har
fokus på internasjonalt samarbeid i nord
om ressursutnytting, vekst i økonomi og
sysselsetjing, og no skal den flyttast på
land, «for det er der menneskene bor»
kunne Jonas Gahr Støre fortelja. Styres-
maktene gjer då klokt i å fokusera også på
mellommenneskelege relasjonar.
Først når folk i nord får betre
sjølvkjensle
, vil dei bli i stand til å
verdsetja det unike kulturelle mangfaldet
som landsdelen har å by på. Og først då
vil befolkninga makta å setja ut i livet den
satsinga som styresmaktene ønskjer for
landsdelen. Då er kunnskap viktig. Kunn-
skap om språk, kultur og historie.
Det trengst med andre ord ei humanistisk
nordområdesatsing!
Øystein A. Vangsnes, forskar, CASTL, Universitetet
i Tromsø. Er fast bloggar på Forskning.no: http://
www.forskning.no/blog/vangsnes
Er den samiske språkstriden vi har vore vitne til i Nord-
Noreg det siste året botna i dårleg sjølvtillit i den nordnor-
ske befolkninga, spør Øystein A. Vangsnes i kronikken.
Foto: Flickr/ Oriol Salvador