Page 45 - Labyrint Nr. 3-2011

This is a SEO version of Labyrint Nr. 3-2011. Click here to view full version

« Previous Page Table of Contents Next Page »
Universitetet i Tromsø –
Labyrint 3/11
•••
45
Kronikk av Anders Folkestad
Dette haustsemesteret
er det feire studentar
enn nokon gong
tidlegare ved dei
mange høgskulane
og universiteta
her til lands. Desse
studentanemedverkar
i høg grad til norsk
verdiskaping, sjølv om
dei i budsjettsamanheng
gjerne blir omtalt som
kostnader.
Høgre utdanning er først og fremst ei
i­nvestering. Studentane blir rusta til
danning og til vidare verdiskaping enten
dei fnn seg arbeid i ofentleg eller privat
sektor.
At stadig feire vil ta høgre utdanning
skaper også utfordringar. Og det vekkjer til
debatt. Ikkje berre blir sjølve utdannings-
systemet sett på nye prøver. Det er ulike
syn på kva for konsekvensar utdannings-
bølgja vil eller bør få for arbeidslivet.
Ved semesterstart hevda professor Ottar
Brox at det er for mange som tar høgre ut-
danning. Samfunnet er ikkje tent med at så
mange studerer så lenge, skal ein tru Brox.
Det er sjeldan å høyre nokon målbere frykt
for at utdanningsnivået skal bli for høgt.
Brox har likevel sine poeng: ­
1. Ikkje alle kan eller bør ta høgre utdan-
ning. ­
2. Det fnst andre kunnskaps- og lærings-
arenaer enn universitet og høgskular. ­
3. Yrkesfagleg kompetanse må oppjuste-
rast. Men mest tar han grundig feil.
Ingen av desse poenga er argument for at
det no er for mange som tar høgre utdan-
ning.
Tvert imot
For det første blir vi meir og meir av-
hengig av næringar med store krav til
­høgkompetent arbeidskraf. Arbeidslivet
blir stadig meir kunnskapsbasert, enten
det handlar om ofentleg eller privat sektor.
Innan sektorar som helse og utdanning,
er det ikkje nok med «varme hender». Det
er i tillegg behov for spesialisert kunn-
skap. I helsesektoren ser vi til dømes at nye
behandlings- og pleie-former, sterkare vekt
på førebygging, ny teknologi og ny orga-
nisering krev høg kompetanse. Velferds-
tenestene byggjer i stadig større grad på
forskingsbasert kunnskap, med tilsvarande
auke i krava til yrkesutøvarane.
Samstundes med at arbeidslivet etterspør
spesialisering, blir det kravd at dei tilsette
skal vere feksible og kunne tilpasse seg
stadige omstillingar. God utdanning og
formelle kvalifkasjonar er eit godt funda-
ment for læring og utviklings i arbeidslivet.
Dermed er solid utdanning ein fordel både
for den enkelte og for arbeidsplassen eller
bedrifa.
For det andre er det ikkje noko som ­tyder
på at det er dei med høgre utdanning som
får problem på arbeidsmarknaden. NIFUs
kandidatundersøkingar viser at nyutdanna
kandidatar frå universitet og høgskular
er ettertrakta på arbeidsmarknaden. Rett
nok fnst variasjonar, men dei aller feste
får relevant arbeid ­etter studiane. Derimot
er det eit problem at det i mange sektorar
er mangel på kvalifsert personell. Både
sjukeheimar, barnehagar og skular må ty
til ufaglærte for å halde hjula i gang. Og eit
søk på NAV ein tilfeldig dag i september
viser at det er over 1000 ledige ingeniør- og
sivilingeniørstillingar.
For det tredje er det slett ikkje slik at «alle»
tar høgre utdanning. Om lag ein trededel
av dagens vaksne har høgre utdanning, om
lag som gjennomsnittet i OECD-landa.
I aldersgruppa 25 til 34 år er andelen
noko høgre, om lag 45 prosent. Godt over
halvparten i denne aldersgruppa verken
tar eller har høgre utdanning. Dei satsar på
annan kompetanse og anna erfaring. Det
trengst også.
Den rette balansen
Det er uråd å slå fast kva som er den rette
balansen mellom akademiske utdannings-
retningar og yrkesretta ­kvalifkasjonar.
Men å sette desse opp mot kvarandre, gir
lita meining. Eg er samd med Ottar Brox
i at det også er stort behov for folk med
yrkesfagleg utdanning. Både nasjonale og
internasjonale prognosar stadfester dette.
Difor er det tvingande nødvendig å få
bukt med det store fråfallet i vidaregåande
opplæring.
Opplæringa må bli meir attraktiv og
relevant. Då kan det vere verdt å lytte
til å lytte til Kjersti Kleven, styreleiar i
­Klevengruppen.Ho peikar på at «iveren
etter å gi fest mogeleg studiekompetanse».
har ført til at «allmennfaga på dei yrkesfag-
lege retningane blir for tunge, medan det
kanskje blir stilt for lave teoretiske krav på
enkelte av dei allmenne studieretningane»
(Sunnmørsposten 20.8).
Her er vi midt i ein annan og viktig
­debatt knytt til veksten i høgre utdanning.
Overgangen frå elite- til masse-utdanning
er krevjande. Sjølv om det er av det gode
at mange tar høgre utdanning, må den
faglege kvaliteten sikrast. Studentane må
ha faglege og teoretiske føresetnader for
å gjennomføre studiane. Vi må vere på
vakt mot ordningar som kan påføre høgre
utdanning eit tilsvarande fråfallsproblem
som fnst i vidare-gåande opplæring.
Utdanning er ein nøkkel til utvikling og
til eit nyskapande Noreg. Kunnskap har
ein fantastisk eigenskap. Det blir meir når
vi deler. Universitet og høgskular er våre
viktigaste arenaer for kunnskap. For å dele
kunnskap.Difor må det satsast på studen-
ten. Difor må det satsast på høgre utdan-
ning.
Anders Folkestad
Unio-leiar
Foto: Privat