Page 29 - Labyrint Nr. 3-2011

This is a SEO version of Labyrint Nr. 3-2011. Click here to view full version

« Previous Page Table of Contents Next Page »
Universitetet i Tromsø –
Labyrint 3/11
•••
29
­Sovjetunionen. Og endå omUngarn i -56
og Tsjekkoslovakia i -68 førde til ei nedkjø-
ling, verkar logikken i diplomatiet slik at
ein raskt plukkar opp att tråden. Det nor-
male har vore god kontakt mellomNoreg
og vår store nabo i aust, sjølv om det ikkje
alltid har vore så godt kjent, seier Bones.
Store Russland, vesle Noreg
Og at vår nabo i aust er stor og mektig
og Noreg er liten og meir ubetydeleg,
er noko av det som ligg i tittelen på
forskings­prosjektet «Det asymmetriske
naboskap» – det største forskingssam-
arbeidet mellomNoreg og Russland om
norsk-russiske ­historiske relasjonar nokon
gong, med ­bidrag frå forskarar i Tromsø,
Oslo, ­Kirkenes, Murmansk, Arkhangelsk,
­Moskva og St. Petersburg.
– Noreg er eit lite land samanlikna med
Russland. Dei har interesser og potensielle
konfiktar i nord og sør og aust og vest,
og også der me møtest i nord er dei store
i forhold til oss. Men likevel har det aldri
vore krig mellomNoreg og Russland i
Nordområda, og dette er eit poeng som har
vorte og stadig blir understreka og brukt i
den politiske retorikken på begge sider. Det
er ikkje heilt sant – i sein­mellomalderen
var det herjingstokt begge vegar i aksen
Kvitsjøen–Bjarkøy, nært knytt til dei han-
dels- og skattleggingsinteressene som både
Novgorod og Noreg hadde i dette feir­
kulturelle området.
På slutten av napoelonskrigane var
­Danmark/Noreg og Russland på mot-
sett side, men utan at det førde til væpna
konfikt. Difor – på eit overordna plan kan
ein seia det har vore fredeleg sameksistens
mellomNoreg og Russland i snart 700 år,
sidan fredsavtalen i Novgorod i 1326, fortel
Nielsen.
Då det store fellesområdet på ­Nordkalotten
skulle skifast ut, og den ­endelege grensa
mellomNoreg og ­Russland vart trekt i
1826, var det i Noregs interesse at Russland
la makt og autoritet bak avgjerda.
– Noreg tente på at tsar-Russland var
autoritært og hadde evne til å skjera gjen-
nom dei mange ulike interessene hjå til
dømes pomorar, fnnar og russiske samar.
På sett og vis har me same nytta i dag – det
er ­intern usemje i Russland om den nye
avtala, men det er uaktuelt for Russland
å sleppe fram denne opposisjonen, seier
Nielsen.
Forskingssamarbeid
Utover 1800-talet tok det nasjonsbyg-
gande Noreg, på same vis som Russland,
sterkt del i det polare kappløpet om å kapre
­rekordar og kartleggje ressursar i nord.
Men nyare arkivstudium syner at også
graden av samarbeid, ikkje minst på det
vitskaplege planet, var større enn det ein
før har visst om.
– Vitskapsmenn lærte av kvarandre og
delte funna dei hadde gjort, noko Nansen
er eit godt døme på. Russiske havforskarar
var hjå forskingsfartyet Johan Hjort på
Havforsknings-instituttet i Bergen, som i
denne perioden var i front på den inter-
nasjonale vitskaplege arenaen. Russland på
si side hadde økonomi til å ruste ut store
ekspedisjonar som feire fekk del i, fortel
Kari Aga ­Myklebost, den andre post.doc.-
stipendiaten på prosjektet.
Etter revolusjonen i 1917 tok det nokre
år før maktskifet påverka forskingssam-
arbeidet, men med lite fruktbare tiår
mellom krigane, vart det, som på diploma-
tiets område, utpå 50-talet etterkvart meir
kontakt att. Sovjetunionens samanbrot
førde til opning av arkiv som dei siste 20
åra har vore avgjerande både for mykje ny
kunnskap om norsk-russiske relasjonar, og
ikkje minst har lagt grunnen for blømande
samarbeid historieforskarane imellom.
– I lys av det tykkjer eg det er spesielt artig
at det er ein russisk ph.d.-stipendiat på
prosjektet vårt, Konstantin Zaikov, som
studerer grensedraginga i 1826 – det hadde
ikkje vore mogeleg før 1991, seier Mykle-
bost.
Fruktbar asymmetri
Asymmetrien viser seg altså å vera
fruktbar. Heile forskingsprosjektet har ei
totalramme på 20 millionar kroner, og til
grunnlovsjubileet i 2014 ligg det føre eit
bokverk i to band på norsk, i tillegg til ei
russisk utgåve tilpassa den russiske mark-
naden. Undervegs blir nærare 75 artiklar
publiserte.
Les meir her: http://uit.no/asymmetry
Aktuelt: Æresdoktorar ved UiT
Tekst: Sigrun Høgetveit Berg
Delelineavtala
• Avtale mellom Noreg og Russland om
maritim avgrensing og samarbeid i
Barentshavet og Polhavet.
• Tingingar gått føre seg sidan 1970.
• Underskriven av utanriks­ministrane
Jonas Gahr Støre og Sergej Lavrov 15.
september 2010, i verknad frå 7. juli
2011.
• Avtala er venta å få store positive ring-
verknader for aktørane i nordområda.
• Resultat av mange års ­personleg diplo-
matisk samarbeid på ­ministernivå.
«Det asym­metriske
naboskap. Norge og
Russland 1814–2014»
• Forskingssamarbeid mellom Univer-
sitetet i Tromsø, Institutt for forsvars-
studium (Oslo), Det nordlege arktiske
føderale universitetet (Arkhangelsk),
Murmansk statlege humanistiske
universitet og Institutt for verdshisto-
rie ved Det russiske vitskapsakademiet
(Moskva).
• Prosjektleiar: professor Jens Petter
Nielsen.
• Bokverk i to band kjem ut i 2014.
• Totalramme circa 20 millionar kroner.
• Finansiert av Forskingsrådet,
Tromsø forskningsstifelse, Fritt Ord,
­Nansenfondet, Utanriksdepartementet,
Sparebank1 Nord-Norge, Universitetet
i Tromsø.