Page 28 - Labyrint Nr. 3-2011

This is a SEO version of Labyrint Nr. 3-2011. Click here to view full version

« Previous Page Table of Contents Next Page »
28
•••
Labyrint 3/11
– Universitetet i Tromsø
Fredeleg sameksistens i snart 700 år
For dette blir Støre og Lavrov kreerte til
æresdoktorar ved Universitetet i Tromsø.
– Det er vanskeleg å vera nøyaktig når
ein skal dele ut ære. Men når Noreg og
Russland/Sovjetunionen også tidlegare
har nærma seg kvarandre, er det ofe
­resultat av tillitsbygging mellom per-
sonar på høgt nivå, seier Stian Bones,
post.doc på prosjektet «Det asymme-
triske naboskap. Norge og Russland
1814–2014».
– Me såg det i danninga av Barents-
regionen med dåverande utanriksminister
Stoltenberg og utanriksminister Kozyrev,
og då ­Gerhardsen og Khrustsjov ivra for
normalisering under den kalde krigen
på 1950-talet. Samstundes skal me ikkje
underslå at det er eit nitid diplomatisk
arbeid over mange tiår som no har ført til
at delelineavtala vart signert.
God kontakt
Leiar for forskingsprosjektet, professor Jens
Petter Nielsen, er samd:
– Tydinga av slike forhandlingar som
går føre seg i 40 år er også stor for det
fredelege forholdet elles. Me kan sjå ein
parallell i tilhøvet mellom Sverige og Noreg
i unionstida; den lange tradisjonen med
forhandlingar bidrog til å unngå krig i
1905, meiner han.
– Ein slik forhandlingstradisjon gjer noko
med innstillinga til diplomatiet, som går
gjennom og overlever skife i makt og stil-
lingar og ulike «ups and downs» i tilhøvet
mellom statane. På heile 70-talet var det
faste møte på toppnivå i UD – sjølv om
det elles var konfiktfylt mellomNoreg og
Utanriksministrane Jonas Gahr Støre og Sergej
Lavrovmakta å dra i land avtala som fastset delelina
mellomNoreg og Russland i Barentshavet, etter 40
års usemje statane imellom.
Utenriksministrene Støre og Lavrov undertegner delelinjeavtalen i Murmansk. Foto: Utenriksdepartementet