Page 27 - Labyrint Nr. 3-2011

This is a SEO version of Labyrint Nr. 3-2011. Click here to view full version

« Previous Page Table of Contents Next Page »
Universitetet i Tromsø –
Labyrint 3/11
•••
27
Bildedokumentar
Tekst: Jan Magne Gjerde, Tromsø Museum - Universitetsmuseet
Foto: Raymon Skjørten Hansen, Tromsø Museum - Universitetsmuseet
Anheng i skifer, ca 6 cm.
Anhenget har truleg vore festa i ei skinnsnor rundt halsen som eit
smykke. Deler av anhenget er slipt. Ein ser tydeleg at det er slipt hakk
til å feste snora i eine enden. Anhenget kan ha hatt tydingar som er
vanskeleg å tolke i dag, eller være ein rein pyntegjenstand.
Bor i bergkrystall, ca 4 cm.
Spissen på boret er omstendeleg danna ved forsiktig å hogge til spissen og presse små avslag
frå begge sider. Truleg er dette fnarbeidet gjort med reiskap av gevir. Boret kan ha vore nytta
til å lage hull i skinn eller bore i gevir, bein eller tre.
Fiskesøkkje i glimmerskifer, ca 9 cm.
Fiskesøkkjer til bruk ved fske frå båt med krok. Det er hogd spor rundt heile steinen for å feste
snøret. Hogginga er utført om lag på same måte som ein lagar helleristningar. Nokre av fske-
søkkja kan og ha vore garnsøkkje. Slike fskesøkkjer har vore i bruk heilt fram til i dag.