Page 26 - Labyrint Nr. 3-2011

This is a SEO version of Labyrint Nr. 3-2011. Click here to view full version

« Previous Page Table of Contents Next Page »
26
•••
Labyrint 3/11
– Universitetet i Tromsø
Under dei arkeologiske utgravingane til Tromsø Museum på Tønsnes i Tromsø
i år, vart det gjort særs spanande og rike funn frå steinalderen. Om lag 50
bustadstrukturar frå steinalderen vart avdekka. Talet på funn ser ut til å kome
opp i om lag 70 000, sjølv om fnteljinga gjenstår. Alt frå små avslag til fne
praktgjenstandar. Det vart funne anheng, bor, fskesøkkje, pilspissar og skraparar
som vitnar om eit særs rikt liv. Funna som vart gjort er foreløpig datert til mellom
10 000 år sidan og 4000 år sidan.
Praktgjenstandar frå steinalderen
Kniv i skifer, ca 22 cm.
Eit skiferemne er omhyggeleg slipt
for å laga ein kniv. Kniven har nok
ikkje vore i dagleg bruk, men fun-
gert som pryd eller statusgjenstand.
Slik raud skifer ser ut til å ha kome
langvegs frå. Kniven har truleg vore
verdfull for folk i steinalderen.
Meisel i grønstein, ca 12 cm.
Meiselen har nok vore nytta til
fnt trearbeid. Det spesielle med
denne meiseilen er at han er slipt i
begge endar med ulik vinkel. Dette
indikerar at han har hatt feire
bruksområde. Kanskje ein slag
multi-tool frå steinalderen?
Øks i grønstein, ca 12 cm.
Øksa har truleg vore nytta til trear-
beid og skjefa i tre. Etter å ha hogd
ut eit økseemne er øksa omhyggeleg
slipt til ei rund form med spiss
nakke og hol egg, altså ei spissnakka
holøks. Ein del av øksene kan ha
vore nytta i sosiale eller rituelle
samanhengar.