Error rendering component

Statsministeren besøkte UiT: Basket og studentvelferd

For første gong sidan 2019 er det «ordentleg» studiestart hjå UiT. På onsdag besøkte statsminister Støre UiT og Noregs arktiske studentsamskipnad for å møte studentane.

Det var ein lyttande statsminister Jonas Gahr Støre som besøkte UiT i Tromsø på onsdag. Studentane har bak seg 5 vanskelege semester, med sterkt redusert sosial omgang og undervisning, både på vidaregåande og universiteta. Statsministeren ville vete korleis studentane har det no i sin første studiestart etter pandemien.

Ein mann speler basket
SWOSH: Statsminister Jonas Gahr Støre testa basketkurven på Kraft. Foto: Jørn Berger Nyvoll / UiT

– Eg likar alltid å vere på UiT, og i dag var det viktig for meg å treffe studentane. Eg ville sjå korleis dokker tar imot både nye og gamle studentar no når me endeleg har eit normalår, sa statsministeren.

Ein aktiv campus

Støre brukte mesteparten av tida si på Kraft sportssenter, kor han møtte vanlege studentar, studentpolitikarar, studentorganisasjonar og tilsette hjå UiT og Noregs arktiske studentsamskipnad. Etter ein kort runde basket, fekk han og høyre om den tredje fadderveka: AktivCampus.

For etter DebutUKA sine to feststemde veker med konsertar og sosiale arrangement, kjem ein aktiv veke med fokus på sosial, fysisk aktivitet. AktivCampus-veka skal gje økt livsmeistring, meir glede i kvardagen og skal redusere einsemd. For fleire undersøkingar, mellom anna SHOT, visar at einsemd er ei utfordring for studentane.

–  Det tar me på fullt alvor, seier rektor Dag Rune Olsen.

– Me må hjelpe studentane å finne seg til rette og bygge nettverk, spesielt no etter pandemien, seier han.

Idretten er viktig

Trening og aktivitet er ein viktig del av studentlivet for mange. Å studere skal vere sosialt og utviklande, men òg ein tid for å ta vare på seg sjølv. For fysisk og mental helse går hand i hand, og det er rektor medviten om.

– Då er idretten, som til dømes her på Kraft, ein av fleire måtar me kan forebygge einsemd og mentale plagar, seier han.

portrett av ei kvinne i kofte og ein mann i treningstøy
MØTTE STØRE: Oda Andersen og Trym Due Stensvold. Foto: Jørn Berger Nyvoll / UiT

Oda Andersen frå Kirkenes og Trym Due Stensvoll frå Drøbak møtte begge Støre for å fortelje han korleis det er å vere student i Tromsø no. Stensvoll er fersk student på UiT og synest studentlivet er fantastisk utan koronarestriksjonar.

– Det er veldig godt å sleppe å tenkje på restriksjonar heile tida. Det gjer det mykje lettare å vere sosial, seier Stensvoll.

Andersen begynte på UiT i fjor, og hadde derfor sitt første studieår under pandemien. Ho seier det har vore ein stor overgang frå å for det meste vere aleine på hybelen til å no kunne sosialisere igjen.

– Det er jo sjølvsagt mykje betre å kunne vere sosial og ha fysisk undervisning. Men det har vore litt turbulent òg, seier ho.

Rektor er glad for at studentane fekk møte statsministaren og fortelje korleis dei har det.

– Mange av studentane våre har no tre heilt spesielle år bak seg på skule og universitet, så me må vere ekstra gode på å ta dei imot og gje ulike tilbod så alle kan finne noko som passar for seg. Og ikkje berre no i starten, men i heile studeieåret, seier Olsen.

Sei ja!

Dei to studentane har begge vore med på DebutUKA og ser no fram til å møte endå fleire under AktivCampus. Dei trur at ein må tørre å by på seg sjølv når ein er ny, sjølv om det kan vere vanskeleg. Ein må seie ja til å vere med på aktivitetar, for det er slik ein skaffar seg vener og eit nettverk i studentmiljøa.

– Eg kjende ingen i Tromsø, men etter desse to vekene har eg vorte kjend med mange, seier Stensvoll.

to menn sit ved eit bord og lyttar
LYTTANDE JONASAR: Statsminister Jonas Gahr Støre og leiar for Studentparlamentet, Jonas Toft. Foto: Jørn Berger Nyvoll / UiT

– Mitt råd er å vere med på så mykje som mogleg. Sei ja til alt først, og så kan du helde fram med det som passer deg best på sikt, oppfordrar han.

Statsminister Støre seier det var verdifullt å treffe studentar og andre som kan fortele om studentkvardagen:

– Eg har sett mykje håp og god vilje i dag. Eg synest eit idrettssenter er riktig satsing frå samskipnaden, for eg trur det er viktig for både fysisk helse, psykisk helse og for læring, seier Støre.

Andersen synest det var et godt møte med statsministaren.

– Det er viktig at han tar seg turen nordover og snakkar med studentar så han veit korleis me har det. For det er jo tross alt me som skal ta over landet på sikt, seier ho.


Ansvarlig for siden:
Sist oppdatert: 25.08.2022 09:04