FORSKING OG FAGLEG OG KUNSTNARISK UTVIKLINGSARBEID

Forskinga og det faglege og kunstnariske utviklingsarbeidet (FoU-arbeid) ved Det kunstfaglege fakultet er nært knytt til utøvande aktivitet og formidling. I kunstfaga er ikkje formidling berre ein metode for å kommunisere resultat frå FoU-arbeidet, men òg ein metode for å eksponere kunstfaglege uttrykk i all sin kompleksitet. 

På formidlingsarenaene vert resultata tilrettelagte, opplevd, vurdert og verdsett av fagfellar i og utanfor dei akademiske miljøa - og av publikum. Meldingene som vert gjeve tilbake direkte eller i form av kritikkar og omtaler, er avgjerande for kvaliteten i det vidare FoU-arbeidet. FoU-arbeidet ved Det kunstfaglige fakultet går ofte føre seg i nært samarbeid med studentane.

Det er altså ein nær samanheng mellom FoU-aktiviteten på fakultetet og kunst- og kulturlivet elles. Studentane og dei tilsette ved fakultetet medverkar aktivt til samfunns- og næringsutviklinga gjennom medverknad i ulike festivalar og i samarbeid med ulike kunst- og kulturformidlarar både i og utanfor landsdelen, nasjonalt og internasjonalt. Dette gjev oss samstundes innsikt i det verdifulle kunstnariske utviklingsarbeidet som skjer utanfor akademia, og tener som inspirasjon til ein kontinuerleg fagleg diskusjon om kunstpedagogiske spørsmål.
Ambisjonen til Det kunstfaglege fakultet er å stå fram som eit interessant nasjonalt og internasjonalt referansemiljø. Vi vil

  • vidareutvikle eit aktivt fagmiljø som bidreg til å nå måla våre gjennom forsking, fagleg og kunstnarisk utviklingsarbeid på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå
  • delta i nasjonale og internasjonale diskusjonar om kunstnarisk forsking og utviklingsarbeid
  • bidra til å identifisere, ta vare på og utvikle kunsten og kulturen i Nordområda

Les meir om kva vi vil ved å klikke på forskings- og utviklingsstrategi i boksen til høgre.

 

FORMIDLING

Det kunstfaglege fakultet vil

  • vere ein premissleverandør for betring av kunsten og kunstfaga sine vilkår, posisjon og samfunnsmessige betydning
  • aktivt formidle studentanes og dei tilsettes verksemd til ulike målgrupper

Les meir om kva vi vil ved å klikke på formidlingsstrategi i boksen til høgre.

 

Våre prosjekter

Vi har 2 forskningsprosjekter ved enheten:
Skip to main content