Velkommen til Seksjon for fartøy og tekniske tjenester

Velkommen

Forskingsfartøya ved UiT Noregs arktiske universitet administrerast av Fartøyseksjonen. UiT Noregs arktiske universitet disponerer 3 forskingsfartøy for fleiraktivitets marin forsking og undervisning. F/F «Hyas» (12.4 m) brukast mest i nærområda og drifta er vanlegvis basert på dagsturar. F/F «Johan Ruud» (30.5 m) dekker dei oppgåvene som skjer i fjord og kystområda frå Lofoten til Varangerfjorden. F/F «Helmer Hanssen» (63.8 m) er spesielt utrusta for aktivitetar i Norskehavet og Barentshavet, Svalbard og andre islagte område. Alle fartøya har mannskap med solid opplæring og erfaring frå ulike forskingsaktivitetar.

Brukargruppene på forskingsfartøya kjem frå ulike fakultet på UiT Noregs arktiske universitet og andre nasjonale forskingsinstitusjonar. I nokre tilfelle vil utanlandske forskingsmiljø stå som leigetakarar av fartøytida. Både nasjonale og internasjonale forskingsmiljø er til eon kvar tid velkomne til å spørje om leige av fartøytid hjå oss. Nærmare detaljar og teknisk informasjon om fartøya er gitt på lenker til dei enkelte båtane.

Fartøya FF Helmer Hanssen og FF Johan Ruud inngår i Nasjonalt toktprogram, eit oppdatert program er tilgjengeleg på Havforskningsinstituttet si side (sjå lenke i høgremargen). Dei som ønskjer tokttid med FF Hyas ber vi om å ta kontakt med Johnny Johansen.

Ansatte ved Seksjon for fartøy og tekniske tjenester:


Johan-Ruud

[Loading...]

[Loading...]

[Loading...]

Annet

Nasjonalt toktprogram

Toktprogram - Havforskninga

Skip to main content