Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Eksamensreglement for graden master i rettsvitenskap

EKSAMENSREGLEMENT FOR 1.-4. AVDELING (FELLESDELEN) I GRADEN MASTER I RETTSVITSKAP

Vedtatt 9.9.2009 av Studieutvalget ved Det juridiske fakultet, med hjemmel i Forskrift for eksamener av 7.5.2009 (SU 61-09). Sist endret 23.03.2018 i sak SU 17/18 av Studieutvalget ved Det juridiske fakultet.

 

§ 1 Prøvingsformer
Desse prøvingsformene vert brukte på 1.-4. avd. master (fellesdelen):

- munnleg presentasjon
- semesteroppgåve
- heimeeksamen med etterfølgjande munnleg prøving
- skriftleg skuleeksamen
- munnleg skuleeksamen


Det går fram av studieplanen kva prøvingsformer som kan brukast på kvar einskild avdeling. Der det er sett opp alternative prøvingsformer, er det avdelings leiar på vedkommande avdeling eller den han gir fullmakt som bestemmer kva prøvingsform som skal nyttast i det enkelte tilfellet.

§ 2 Oppgåveutval og fastsetting av eksamensoppgåver
Eksamensoppgåvene blir fastsette av eit oppgåveutval for kvar avdeling. Medlemmer i slike utval skal vera:
- avdelingsleiar som leiar for oppgåveutvalet, viss ikkje anna er bestemt.
- ein nestleiar.
- ein ekstern sensor.
- to studentrepresentantar oppnemnde av Juridisk studentutval ved Det juridiske fakultet (JSU). Studentrepresentantane i oppgåveutvalet må ha tatt vedkommande avdeling. Namnet på studentane skal ikkje gjerast kjent.

Oppgåveutvalet skal halda det første møtet sitt i god tid før eksamen, slik at det er mogleg å halda eitt eller fleire møte til vidare drøfting av oppgåvene. Minst to timar før møtet skal medlemmene få høve til å gjera seg kjent med og vurdera oppgåveforslaga. Nye møte bør haldast dersom eit av medlemmene ønskjer det. Faglærarane kan få høve til å delta på møta.

Dei som har undervist i faget har plikt til å koma med forslag til semesteroppgåver og eksamensoppgåver på den einskilde avdelinga.

Leiar av oppgåveutvalet sørgjer for at det blir utarbeidd utkast til eksamensoppgåver på den einskilde avdelinga.

§ 3 Munnleg presentasjon
Presentasjonen skal haldast i samband med fagseminar eller gjennom deltaking i prosedyrekonkurranse eller forhandlingskonkurranse. I særlege tilfelle kan studentar søkja om å halda munnlege presentasjonar i eigne seminar.

Avdelingsleiar eller den han gir fullmakt bestemmer tema og oppgåve.

Presentasjonen skal vurderast av ein lærar. Vurderingsuttrykket er godkjend/ikkje godkjend. Den munnlege presentasjonen skal vara omtrent 10 minutt. Resultatet skal ikkje vera med på vitnemålet.

§ 4 Semesteroppgåve
Semesteroppgåva kan vere:

- ei skriftleg oppgåve som skal avgrensast opp til 15 sider,
- ein kombinasjon av skriftleg og munnleg oppgåve, eller
- ei munnleg oppgåve.

Ved skriftleg oppgåve vil kravet til format vera tilsvarande som for heimeeksamen jf. §6. Forsida, innhaldsforteknelsen og kjeldeliste vert ikkje berekna inn i sidemengda. Oppgåva vert ikkje send til sensurering dersom han ikkje overheld formkrava. 

Semesteroppgåva vert avvikla over 4 virkedagar. Svaret skal vere eit sjølvstendig arbeid. Kjeldehenvisningane skal vere presise og må kunne etterprøvast, jf. retningslinjer til hjemmeoppgaver ved graden master i rettsvitenskap.

Avdelingsleiar eller den han gir fullmakt bestemmer oppgåveform, oppgåvetekst og ramma for oppgåvesvarets omfang, innafor rammene av studieplan og reglement. Innleveringsfristen for semesteroppgåva kan forlengjast om særlege grunnar er til stades.

Kvar oppgåve skal vurderast av ein sensor. Så langt som mogleg skal ein nytta interne sensorar. Vurderingsuttrykket er godkjent / ikkje godkjent. For å få godkjent må oppgåvesvaret minst ha eit nivå som tilsvarer karakteren D. Studentar som ikkje får godkjent semesteroppgåva skal arbeide vidare med oppgåva og levere den på nytt innan ein fastsatt frist. Semesteroppgåva kan leverast på nytt ein gong. Studentar som ikkje får godkjent semesteroppgåva etter andre innlevering, får ikkje gå opp til eksamen dette studieåret.

Studentane skal gjevast skriftleg tilbakemelding på arbeidet. Særskilt gode arbeid skal innrapporterast til dekan.


§ 5 Beskriving av bokstavkarakterane A-F
Sjå Forskrift for eksamenar ved Universitetet i Tromsø § 36 og retningslinjer vedrørande karakterar for juridiske fag.

§ 6 Heimeeksamen med munnleg prøve
Heimeeksamen vert avvikla over fire virkedagar og skal avgrensast opp
til 15 sider. Oppgåva vert levert ut kl. 09.00 første dag og skal leverast inn seinast kl. 15.00 siste eksamensdag. Svaret skal vere eit sjølvstendig arbeid. Kjeldetilvisningane skal vere presise og må kunne etterprøvast.

Oppgåva skal leverast elektronisk i den innleveringsportalen studentane på forhånd får beskjed om å benytte. Skrifttypen skal vera Times New Roman, skriftstorleiken 12 pkt., linjeavstanden 1,5 og margane 2,5. Forsida, innhaldsforteknelsen og kjeldeliste vert ikkje berekna inn i sidemengda. Oppgåva vert ikkje send til sensurering dersom han ikkje overheld formkrava. Studenten vil då reknast som ikkje møtt/ikkje levert jf. Forskrift for eksamener ved UiT §16.


Oppgåveutvalet jf § 2 bestemmer oppgåveform og oppgåvetekst, innafor rammene av studieplan og reglement.

Avdelingsleiar sørgar for at det vert utarbeidd sensorrettleiing. Medlemmene i oppgåveutvalet kan gi merknader til rettleiinga før ho vert sendt ut til sensorane.

Prestasjonane skal vurderast av ein kommisjon på to sensorar. Kvar sensor er normalt med i to kommisjonar. Kvar kommisjon skal så langt mogeleg vera ulikt samansett.

Det skal fastsetjast ein foreløpig karakter på den skriftlege delen av heimeeksamen. Denne karakteren skal offentleggjerast. Alle som har bestått den skriftlege delen vert innkalla til munnleg prøve. Etter munnleg prøve vert endeleg karakter fastsett. Den endelege karakteren skal ikkje avvike meir enn ein karakter. Vurderingsuttrykket er karakterskalaen A-F. Sensorane kan fastsetje karakteren F ( ikkje bestått) også etter munnleg prøve.

Kandidatar med studierett som ikkje står på heimeeksamen, får kontinuera, jf § 22 i forskrift for eksamenar ved Universitetet i Tromsø.

§ 7 Skriftleg skuleeksamen
Oppgåveutvalet jf § 2 bestemmer oppgåveform og oppgåvetekst innafor rammene av studieplan og reglement.

Avdelingsleiar sørgar for at det vert utarbeidd sensorrettleiing. Medlemmene i oppgåveutvalet kan gi merknader til rettleiinga før ho vert sendt ut til sensorane.

Prestasjonane skal vurderast av ein kommisjon på to sensorar. Ein av sensorane bør vera ekstern. Kvar sensor er normalt med i to kommisjonar. Kvar kommisjon skal så langt mogeleg vera ulikt samansett. Vurderingsuttrykket er karakterskalaen A-F.

Der det er meir enn ein eksamensdag på ei avdeling, skal det fastsetjast separat karakter for kvar eksamensdag.

Kandidatar med studierett som ikkje står på skuleeksamen, får kontinuera, jf § 22 i forskrift for eksamenar ved Universitetet i Tromsø. Der det er meir enn ein eksamensdag på ei avdeling, ser ein på kvar dag som ei separat prøve.

§ 8 Munnleg skuleeksamen
Oppgåveutvalet jf §2 vedtek tema innafor rammene av studieplan og reglement. Utvalet bestemmer også kor lang tid på førehand studentane skal få delt ut tema for prøven.

Prestasjonane skal vurderast av ein kommisjon på to sensorar. Ein av sensorane bør vera ekstern. Kvar sensor er normalt med i to kommisjonar. Kvar kommisjon skal så langt mogeleg vera ulikt samansett.

Vurderingsuttrykket er karakterskalaen A-F.

Kandidatar med studierett som ikkje står på prøven, får kontinuera, jf § 22 i forskrift for eksamenar ved Universitetet i Tromsø.

§ 9. Adgang til å ta ny prøve
Det er adgang til å ta ny prøve på kvar avdeling jf forskrift for eksamener ved Universitetet i Tromsø, § 25. Studentar som har avlagt avsluttande eksamen på ei høgare avdeling kan ikkje avlegge eksamen på lågare avdelingar. Bestemminga gjelder ikkje for masteroppgåver ved Det juridiske fakultet.

§ 10 Hjelpemiddel på skuleeksamen
Det er lov å ha med desse hjelpemidla til skuleeksamen;

alle utgåver av Noregs lover

ukommenterte særtrykk av lover

traktatsamlinga "Global and European treaties" av Fauchald og Tuseth og traktatsamlinga "Global and Regional Treaties" av samme redaktører

"EU- og EØS-relevante tekster" av Hamre og Sejersted (red.)

"Rettshistoriske årstall", et hjelpemiddel til Rett. En internasjonal historie av Dag Michalsen

 

På examen facultatum er det tillate med alle utgåver av Noregs lover. Andre hjelpemidler er ikkje lov.

Det er lov å streka under og i margen i hjelpemidla, eller utheva tekst på anna måte, t.d. med gjennomsiktig tusj, i lovsamlinga og eventuelle andre hjelpemiddel. Det er også lov å visa til andre stader i hjelpemidlet, eller til dei andre tillatne hjelpemidla. Illojal understreking/utheving og tilvising er ikkje lov. Det er t.d. ikkje lov å understreka/utheva einskildbokstavar i ord.

§ 11 Usemje ved sensur.
Blir kommisjonssensorane ikkje samde om karakterfastsetjinga, skal ein tredje sensor, som skal væra ekstern, trekkjast inn. Sensuren vert endeleg fastsett ved samrøystes, eller ved at to av sensorane sine standpunkt blir utslagsgjevande. Dersom usemja gjeld prestasjon på munnleg prøve, kan to av sensorane fastsetja at det skal haldast ny munnleg prøve, der alle tre sensorane deltek.

§ 12 Teieplikt.
Alt arbeid med oppgåver og sensur er underlagt teieplikt så langt ikkje anna er fastsett. Dette gjeld:

- Oppgåver, oppgåveforslag og drøftingar om oppgåver.
- Opplysningar på førehand om kven som er studentrepresentant i oppgåveutvalet der det er oppnemnt særskilt representant.
- Forfattar av praktiske oppgåveforslag m.m.
- Interne notat og karakterlister som gjeld sensuren


§ 13 Anonymitet
Eksamensnummeret til eksamenskandidaten, men ikkje namn, skal stå på dei skriftlege svara. Kandidaten sitt namn skal ikkje gjerast kjent for sensorane før dei har avslutta den skriftlege delen av sensuren.

§ 14 Klage på sensur
Klage på sensur skjer i samsvar med § 46 i Forskrift for eksamenar ved Universitetet i Tromsø.

§ 15 Vitnemål.
Når kandidaten har bestått munnleg prøve til fjerde avdeling og har oppnådd 60 studiepoeng på femte avdeling, får han/ho vitnemål som master i rettsvitskap. Før vitnemålet vert levert ut, må kandidaten med handtrykk eller skriftleg gi løfte som forordning av l0.2.l736 påbyr:

"Aldrig vidende at ville vige fra Ret og Retfærdighed, mindre raade nogen til ufornødne Processer eller i andre Maader med sine Raad befordre nogen uretvis Sag eller Intention".