Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

HSL-fakultetets utfyllande reglar til ph.d.-forskrifta

Ph.d.-program i humaniora og samfunnsvitskap

Fastsatt av: Fakultetsstyret ved HSL-fakultetet med heimel i forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (25.10.2012. ePh.ref. 2011/2871-11 og -12).
Gjeldande frå: 24. oktober 2017 (ePh.ref.: 2017/2453-4).
Ansvarlig eining: Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning
Erstattar: Ph.d.-program i humaniora og samfunnsvitskap - utfyllande reglar til forskrift for graden ph.d. frå 10. juni 2013 (ePh. 2012/6159-13)

 

Punkt 1. Verkeområde (jf. forskrifta § 1)

Disse utfyllande regler gjeld doktorgradsutdanninga ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning (HSL-fakultetet) som fører fram til graden ph.d. i humaniora og samfunnsvitskap. Dei gir utfyllande reglar til forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet når det gjeld opptak, gjennomføring og avslutting av ph.d.-graden ved HSL-fakultetet. Graden kan takast innanfor ei av desse fjorten studieretningar:

  • arkeologi
  • dokumentasjonsvitskap
  • filosofi
  • historie
  • kunsthistorie
  • litteratur og kultur
  • pedagogikk
  • reiseliv
  • religionsvitskap
  • samfunnsplanlegging og kulturforståing
  • sosialantropologi
  • sosiologi
  • språkvitskap
  • statsvitskap

(Organisering av ph.d.-studiet med studieretningane er vedtatt 19.11.2009 av universitetsstyret, arkivref.: 2009/4604-15, samt fullmaktssak F80-16, arkivref.: 2016/2699-4 (gjeld namneendring på studieretning kunstvitskap til kunsthistorie).

Punkt 2. Målsetjing (jf. forskriftas § 2)

Ph.d.-studiet i humaniora og samfunnsvitskap har eit sjølvstendig forskingsarbeid med ei vitskapleg avhandling på høgt, fagleg nivå som mål. Som del av forskingsutdanninga skal ph.d.-studenten gjennomføre ein opplæringsdel. Målet med opplæringsdelen er å vidareutvikle den vitskaplege skuleringa som ph.d.-studenten har fått gjennom tidlegare studium. Den skal gi ph.d.-studenten ferdigheiter ut over avhandlingsarbeidet og vere ei støtte for arbeidet med avhandlinga. 

I løpet av studiet vil ph.d.-studenten oppnå følgjande læringsutbytte:

KUNNSKAP – kandidaten

  • er i kunnskapsfronten innan teori og metode på fagområdet sitt og kan bidra til å utvikle denne
  • kan diskutere vitskapsteoretiske problemstillingar innan fagområdet sitt på avansert nivå
  • kan knyte eige prosjekt til breiare vitskaplege diskusjonar og vurdere bruk av ulike metodar og framgangsmåtar innan forskinga

FERDIGHEIT – kandidaten

  • kan handtere komplekse faglege utfordringar ved å gjennomføre forskingsprosjekt i forskingsfronten i sitt fag
  • kan skrive ulike typar akademiske tekstar innan sitt fagområde og reflektere over skriveprosessen
  • kan delta i faglege diskusjonar og gi konstruktiv tilbakemelding på vitskaplege arbeid

GENERELL KOMPETANSE – kandidaten

  • kan identifisere, reflektere over og handtere relevante forskingsetiske problemstillingar og gjere forsking med fagleg integritet
  • kan formidle forsking og utviklingsarbeid gjennom anerkjente kanalar; vitskaplege og allmennretta, skriftleg og munnleg
  • kan bidra sjølvstendig i komplekse og nyskapande prosjekt

 

Punkt 3. Ansvar for doktorgradsutdanninga (jf. forskrifta § 3)

Ph.d.-program i humaniora og samfunnsvitskap er vedtatt av fakultetsstyret ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning og gir utfyllande reglar til forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Tromsø - Noregs arktiske universitet.

Programstyre er ph.d.-utvalet ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning. Mandat og oppgåver for ph.d.-utvalet er nedfelt i Reglement for Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning.

Punkt 4. Terminologi (jf. forskrifta § 4)
Punkt 5. Innhaldet i doktorgradsutdanninga (jf. forskrifta § 5)

Punkt 6. Opptakskrav til ph.d.-program (jf. forskrifta § 6)

For å bli tatt opp blir det stilt krav om eit karaktersnitt på B eller betre (eller tilsvarande gode karakterar etter andre karaktersystem) på mastergraden. Karaktersnittet gjeld også for integrert 5-årige mastergradar på 300 studiepoeng der alle emna skal inngå i berekninga av snittkarakteren. For det tidligare norske karaktersystemet med tall og desimalar,  er opptakskravet 2,5 eller betre.

Unntaksvis kan det takast opp ph.d.-studentar med karaktersnitt på C (eller tilsvarande) på mastergraden. Då må det samtidig dokumenterast vitskapleg arbeid ut over mastergraden. Døme på kva som kan reknast som vitskapleg arbeid, er publiserte referee-artiklar, publiserbare faglege arbeid og faglege rapportar og utreiingar. (Bloggar, kronikkar, lesarinnlegg og faglege formidlingsarbeid tel i denne samanhengen ikke som vitskapeleg arbeid).

Det er doktorgradsprosjektets faglege karakter (metodar, perspektiv, teoriar) som avgjer kva for fagdisiplin prosjektet høyrer til. Søkjaren skal difor søke opptak ved det instituttet som doktorgradsprosjektet fagleg fell innanfor, uavhengig om det er dette faget søkjaren har mastergrad i.

Unntaksvis kan søkjarar som har ein bachelorgrad på 180 studiepoeng og ein utanlandsk mastergrad (75 eller 90 ECTS), få opptak etter individuell vurdering. Mastergraden må innehalde eit større skriftleg arbeid tilsvarande 30 ECTS og eitt av følgjande tilleggskrav:

  • Ekstra emne på masternivå for å oppnå totalt 120 studiepoeng på mastergradsnivå.
  • Vitskaplege arbeid som ut frå ei skjønnsvurdering kan seiast å vege opp for manglar i formell utdanning (desse arbeida kan ikkje inngå i ph.d.-studiet).

 

Punkt 7. Søknaden (jf. forskriftas § 7)

Når ein søkjer på stipendiatstilling ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning, blir ein samtidig vurdert for opptak til ph.d.-programmet.

For søkjarar utan stipendiatstilling ved UiT Noregs arktiske universitet er søknadsfristane til ph.d.-program i humaniora og samfunnsvitskap 1. april og 1. oktober. Søknaden skal skrivast på fastsett søknadsskjema. Søknaden skal sendast til UiT Noregs arktiske universitet, Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning, Postboks 6050 Langnes, 9037 Tromsø.

Dersom søkjaren ønskjer å bruke eit anna språk i avhandlinga enn dei som er godkjende i punkt 19, skal søknad om dette leverast saman med søknad om opptak.

 

Punkt 8. Opptakskomité (jf. forskriftas § 8)

Tilsettingsutvalet ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning er opptakskomité for ph.d.-studentar som blir tilsette som stipendiatar ved fakultetet. Alle må levere utdanningsplan og eventuelt revidere prosjektbeskrivinga si ein månad etter at dei har starta i stillinga. Fullført opptak (handsaming av eventuell revidert prosjektbeskriving, utdanningsplan, stadfesting av opptaksperiode og eventuell komplettering av rettleiarar) blir handsama i ph.d.-utvalet.

For søkjarar som blir tilsette som stipendiat ved andre einingar ved universitetet, og søkjarar utan stipendiatstilling ved UiT Norges arktiske universitet, er det ph.d.-utvalet ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning som gjer opptak.

For søkjarar utan stipendiatstilling ved UiT Noregs arktiske universitet tar fakultetet imot søknad jamfør punkt 6 og vidaresender den til institutta. Gjeldande institutt/senter tar nærare stilling til om søkjaren er kvalifisert for opptak, vurderer plan for studiet og foreslår rettleiarar. Slik fagleg vurdering på institutta/sentra skal gjennomførast av minimum to personar. Etter innstilling frå gjeldande institutt tar ph.d.-utvalet ved fakultetet endeleg avgjerd om opptak.

 

Punkt 9. Avgjerd om opptak (jf. forskriftas § 9)

 

Punkt 10. Opptak til emne i opplæringsdelen (jf. forskrifta § 10)

Søkjarar med erfaringsbasert mastergrad (90 eller 120 studiepoeng) kvalifiserer ikkje for opptak til ph.d.-emne. Dette gjeld søkjarar i kategori 4, jf. forskriftas § 10.

 

Punkt 11. Avtale (jf. forskriftas § 11)

 

Punkt 12. Studierett (jf. forskrifta § 12)

Dersom det er gitt utviding av studieretten med to år utover normert studietid etter § 12 og kandidaten framleis ikkje er ferdig før denne studieretten går ut, kan det søkjast om ytterlegare forlenga studierett for ein avgrensa periode på 6 månadar for å ferdigstille avhandlinga. Søknaden skal sendast til fakultetet og må innehalde ei grunngjeving for forseinkinga og ein plan for avslutting av studiet. Ein slik søknad skal vere utarbeidd i samarbeid med rettleiar(ar).

 

Punkt 13. Permisjon (jf. forskrifta § 13)

Ph.d.-studentar kan søke permisjonar utover § 13 i forskrifta. Søknaden skal sendast til fakultetet og må innehalde ei grunngjeving for permisjonen og ein plan for kva innverknad denne har på studiet.

 

Punkt 14. Doktorgradsutdanninga (jf. forskriftas § 14)

 

Punkt 15. Opplæringsdelen (jf. forskriftas § 15)

Fakultetet har det formelle ansvaret for utdanningstilbodet innanfor opplæringsdelen, og dei einskilde undervisningstiltaka blir godkjende av ph.d.-utvalet.

Fakultetet tilbyr ph.d.-emne innan vitskapsteori, forskingsetikk og formidling som tilfredsstiller krava i opplæringsdelen. Desse blir arrangerte kvart år. Fagspesifikke ph.d.-emne i teori og metode/faglege tilnærmingar og posisjonar blir gitt av institutta/sentra og varierer frå år til år.

Ph.d.-studenten kan delta på ph.d.-emne arrangert av fakultetet eller andre fakultet/institusjonar. Det er tilrådeleg at ph.d.-studenten deltar på emne i regi av nasjonale forskarskolar og ved andre institusjonar. Opplæringsdelen bør gjennomførast innan dei fyste to-tre semestera av doktorgradsstudiet.

Ph.d.-utvalet skal godkjenne opplæringsdelen før avhandlinga kan leverast til vurdering.

Innanfor studieretning filosofi omfattar opplæringsdelen desse komponentane: 

  • Vitskapsteori og forskingsetikk. Totalt 10 studiepoeng.
  • Formidling. Totalt 5 studiepoeng.
  • Faglege tilnærmingar og posisjonar. Totalt 15 studiepoeng.  

 

Innanfor studieretningane arkeologi, dokumentasjonsvitskap, historie,  kunsthistorie, litteratur og kultur, pedagogikk, reiseliv, religionsvitskap, samfunnsplanlegging og kulturforståing, sosialantropologi, sosiologi, språkvitskap og statsvitskap, omfattar opplæringsdelen desse komponentane:

  • Vitskapsteori og forskingsetikk. Totalt 10 studiepoeng.
  • Formidling. Totalt 5 studiepoeng.
  • Fagspesifikk teori og metode. Totalt 15 studiepoeng, der minst 5 studiepoeng må vere innan fagspesifikk teori og minst 5 studiepoeng innan metode.

 

Særskilt for forskarskolen ved CASTL:

Ph.d.-studentar som er tatt opp til den lokale forskarskolen ved CASTL følgjer eit alternativt studieopplegg i språkvitskap. I tillegg til opplæringsdelen kjem obligatoriske arbeidskrav som ikkje gir studiepoeng. Desse komponentane blir her skildra i den grad dei skil seg ut frå det vanlege opplegget.

  1. Emne som gir studiepoeng: a) 10 av 15 studiepoeng innanfor fagspesifikk teori og metode skal vere frå emne som blir arrangert i regi av CASTL. For dei 5 resterande studiepoenga kan ph.d.-studentar nytte seg av lokale, nasjonale eller internasjonale tilbod. b) For å få 5 studiepoeng innan formidling bør ph.d.-studenten ta emnet HIF-8008 Workshop on Professional Skills in Linguistics. Emnet blir arrangert jamleg i regi av CASTL.
  2. Arbeidskrav som ikkje gir studiepoeng: a) Ph.d.-studentar på forskarskolen skal kvart semester (bortsett frå det siste året) delta aktivt på minst to semesterlange seminar, kurs eller liknande som er godkjende av CASTL. Progresjonen blir vurdert av forskarskolekoordinatoren. For å få godkjent progresjonen som tilfredsstillande må alle arbeidskrava for dei seminara/kursa som er valde, vere fullførte. b) Ph.d-studentar på forskarskolen skal skrive tre essay som må vere godkjende av forskarskolen, før dei startar med avhandlinga. Desse essaya kan vere knytte til tidlegare CASTL-seminar og utgjere delar av avhandlinga.

Krav til dokumentasjon for å få ph.d.-emne (som er fastsette med studiepoeng) godkjent inn i opplæringsdelen:

  • lokale, nasjonale eller internasjonale ph.d.-emne (doktorgradskurs) som er arrangert med studiepoeng, blir vanlegvis godkjende med opplyst studiepoengomfang
  • godkjent deltaking/paper/eksamen skal dokumenterast med karakterutskrift, kursbevis eller liknande

 

Krav til dokumentasjon for å få konferansedeltaking vurdert som studiepoeng:

  • Det skal vere ein vitskapleg eller fagleg konferanse: Det vil seie at tema på konferansen er vitskapleg, og at føredragshaldarar er vitskapspersonar. Innhaldet i konferansen må vere relevant for opplæringsdelen studiepoenga skal innpassast i; fagspesifikk teori og metode / faglege tilnærmingar og posisjonar.
  • For å få 5 studiepoeng må konferansen minimum strekke seg over 2 dagar, og ph.d.-studenten må ha hatt eit framlegg på minimum 20 minutt.
  • Dokumentasjon på deltaking og framlegg må leggast ved, til dømes ved deltakarliste og konferanseprogram. Studenten sitt framlegg må dokumenterast i form av tekstmanus eller tilsvarande. 
  • Arbeidsomfanget skal vere 150 arbeidstimer, jf. at eitt studiepoeng tilsvarar 30 arbeidstimar.
  • Deltaking på konferanse med kortare tidslengd, eller deltaking utan framlegg, blir ikkje godkjent.
  • Det er berre mogleg å få ei konferansedeltaking godkjent inn i opplæringsdelen.

 

Eitt studiepoeng tilsvarar 25–30 arbeidstimar. For kvart emne må det gjerast ei vurdering av arbeidsmengda som ein går ut frå at studenten vil bruke på emnet sine ulike komponentar: Lesing av pensum, førebuing av plikter på kurset (som til dømes å planlegge innlevering av skisse eller liknande i forkant av kurset, planlegge presentasjonar, lesing av skriftlege innlegg frå medstudentar), oppmøte på emnet, etterarbeid og eksamen.

 

Følgjande minimumskrav må innfriast for at eit ph.d.-emne skal godkjennast med eit omfang på 5 studiepoeng:

  • Emnet blir arrangert over minimum to heile dagar.
  • Undervisninga skal vere på minimum 15 timar. Det blir oppmoda til å aktivisere studentane, men omfattande studentarbeid under emnet bør kome i tillegg til ordinær undervisning.
  • Det blir oppmoda til å finne ei eksamensform som gir studenten øving i sjangrar som ofte blir nytta innan forsking og formidling i faget. Døme kan vere vitskapleg artikkel, review-artikkel, bokmelding, kronikk, blogg, refleksjonslogg. Det er viktig at eksamensforma er tilpassa innhald og sjangeren i emnet.
  • Lengda på eksamen vil variere avhengig av sjanger, men for paper skal det normalt vere ca.15 sider/6 000 ord. 
  • Litteraturomfanget kan variere, men bør minimum vere 700 sider. Eit ph.d.-emne med mindre litteraturomfang kan godkjennast dersom det er særskilt grunngitt.
  • Fagleg ansvarleg skal minimum ha doktorgrad/førsteamanuensiskompetanse.

 

Punkt 16. Rettleiing (jf. forskriftas § 16)

I samband med søknad om opptak kan søkjaren føreslå rettleiarar, men det er fakultetet som nemner opp rettleiarar etter innstilling frå gjeldande institutt eller senter. Det skal vere minimum to rettleiarar, der minst ein av dei skal vere tilsett i fagmiljø relevant for studentens ph.d.-prosjekt enten ved institutt eller senter ved fakultetet. Det er 240 timar rettleiingsressurs per ph.d.-student, og denne ressursen skal fordelast etter avtale mellom rettleiarane.

Dersom ein ph.d.-student ønskjer å skifte rettleiar(ar), skal ein grunngjeven søknad om dette rettast til institutt og/eller ph.d.-utvalet. Dersom ein ønskjer å skifte rettleiar fleire gonger, skal det saman med søknaden føreliggje ein detaljert plan over korleis den perioden som står att skal brukast.

Punkt 17. Tilknyting til forskarmiljø (jf. forskriftas § 17)

Punkt 18. Utstyr (jf. forskriftas § 18)

Punkt 19. Krav til doktoravhandlinga (jf. forskriftas § 19)

Ein monografi skal normalt ikkje vere lenger enn 300 sider. Ph.d.-studenten skal vere eineforfattar på avhandlinga.

Ei artikkelsamling skal bestå av ei kappe og minst tre artiklar av vanleg storleik. Ved artiklar med fleire forfattarar kan det vere grunn til å utvide talet på artiklar.

Artiklane skal ha eit nivå tilsvarande det som blir kravd for publisering i anerkjente fagtidsskrift med fagfellevurdering. Dette gjeld også bokkapittel.

I kappa skal studenten ikkje berre samanfatte, men også samanstille i eit samla perspektiv, dei problemstillingane og konklusjonane som blir lagde fram i delarbeida, og på den måten dokumentere samanhengen i avhandlinga. I dette ligg også ei klargjering av avhandlingas bidrag til det forskingsfeltet ho er posisjonert innanfor. I kappa skal kandidaten også gjere greie for metode- og teoribruk i avhandlinga dersom dette ikkje går fram av delarbeida. Ved tidlegare publiserte artiklar skal kappa også innehalde faglege ajourføringar, slik at avhandlinga som heilskap står fram som fagleg oppdatert. Alternativt skal slike ajourføringar gjerast i kvar artikkel. Kappa skal vere utforma av ph.d.-studenten åleine. Samandraget skal normalt vere mellom 40 og 80 sider.

Avhandlinga skal følgje forskingsetiske reglar og konvensjonar for fagleg kvalitetssikring av forsking. Ved artiklar med fleire forfattarar skal Vancouver-reglane normalt leggast til grunn. Dersom det er avvik frå Vancouver-reglane, skal årsaka til dette skildrast i erklæring om medforfattarskap.

Avhandlingsspråk:

Avhandlinga skal skrivast på norsk, svensk, dansk, engelsk eller samisk. Dersom studenten ønskjer å nytte eit anna språk, skal det vere søkt om særskilt godkjenning av dette ved opptak, jf. punkt 6.

Avhandlingar som inkluderer film / audiovisuelt materiale / andre medium:

Ei avhandling kan også inkludere film eller anna materiale. I så tilfelle må det tydeleggjerast korleis eit slikt materiale skal sjåast i samanheng med avhandlinga. Dersom ikkje dette kjem klart fram av sjølve avhandlinga, kan det utdjupast i eit vedlagt skriv til avhandlinga.

Punkt 20. Arbeid som ikkje blir godtekne (jf. forskriftas § 20)

Punkt 21. Offentleggjering (jf. forskriftas § 21)

Punkt 22. Kvalitetssikring og rapportering (jf. forskriftas § 22)

Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning skal ha instituttbaserte ordningar der det skal gjennomførast  minst ei undervegsevaluering (obligatorisk). Denne bør fortrinnsvis gjennomførast som ei midtvegsevaluering. Det er valfritt for institutta om dei i tillegg vil ha fleire tilbod, til dømes med ei sluttevaluering. 

Ph.d.-student og rettleiarar skal kvart år levere framdriftsrapport. Manglande rapportering frå studenten kan medføre heving av doktorgradsavtalen jamfør Kap. VII i forskrift for ph.d.-graden ved UiT Noregs arktiske universitet. Med utgangspunkt i framdriftsrapporten skal instituttet gjennomføre årleg forskarsamtale med ph.d.-studenten. Instituttet lagar ein instituttrapport som blir behandla i ph.d.-utvalet.

Punkt 23. Plikt til å melde frå om resultat (jf. forskriftas § 23)

Punkt 24. Friviljug avslutting (jf. forskriftas § 24)

Punkt 25. Tvungen avslutting (jf. forskriftas § 25)
Punkt 26. Innlevering (jf. forskrifta § 26)

Hovudrettleiar skal melde frå om nært føreståande innlevering til fakultetet og instituttleiinga seinast to (2) månadar før planlagt innleveringstidspunkt.

Studentens søknad om å få avhandlinga vurdert til graden philosophiae doctor skal sendast til fakultetet via elektronisk innleveringsskjema i Munin (UiTs elektroniske vitenarkiv), der avhandlinga skal leggast ved i pdf-format. Saman med søknaden skal det leggjast ved eit kortfatta samandrag på engelsk. Avhandlinga blir trykt opp ved fakultetet og sendt til komitéen. Dersom avhandlinga blir godkjend til disputas, skal ytterlegare 60 eksemplar trykkast opp.

 

Punkt 27. Oppnemning av komité (jf. forskriftas § 27)

Til å vurdere avhandlinga skal ph.d.-utvalet oppnemne ein sakkunnig komité på minst tre medlemmar etter krav skildra i § 27. Gjeldande institutt grunngjev forslag til komitésamansettinga. Bedømmingskomiteen bør normalt vera oppnemnd før innlevering av avhandlinga.

Punkt 28. Tilbaketrekking og retting av avhandling (jf. forskriftas § 28)

Punkt 29. Høve til å innhente supplerande opplysningar (jf. forskriftas § 29)

 

Punkt 30. Fristar (jf. forskriftas § 30)

(1) Komiteen bør normalt gi innstillinga si snarast råd; helst innan to månadar etter mottatt avhandling.

Punkt 31. Innstilling (jf. forskriftas § 31)

 

Punkt 32. Handsaming av innstillinga (jf. forskriftas § 32)

(1) Ph.d.-utvalet vedtek om ph.d.-avhandlinga er verdig forsvar for graden philosophiae doctor på grunnlag av innstillinga og eventuelle tilleggsfråsegner. Sjå elles § 32., ledd (2) til (4).

Punkt 33. Ny levering (jf. forskriftas § 33)

Punkt 34. Prøveførelesing (jf. forskriftas § 34)

Kandidaten skal halde éi offentleg prøveførelesing over oppgitt emne. Prøveførelesinga skal ha eit omfang på 45 minutt.

Det er ønskeleg at prøveførelesing og disputas blir avvikla same dag.

Punkt 35. Forsvar av avhandlinga (jf. forskriftas § 35)

Disputasen blir leidd av instituttleiar eller den han/ho gir fullmakt. Den som leier disputasen gjer kort greie for innleveringa og vurderinga av avhandlinga og for prøveførelesinga. Deretter gjer doktoranden greie for siktemålet med og resultatet av den vitskaplege undersøkinga. Lengda på doktorandens presentasjon skal ha eit omfang på omtrent 15 minutt. Første ordinære opponent innleier diskusjonen, lengda på diskusjon er inntil 1½ time. Andre opponent avsluttar disputasen, lengda på diskusjon er inntil 1 time.

Punkt 36. Godkjenning av doktorgradsprøven (jf. forskriftas § 36)

Punkt 37. Kreering og diplom/vitnemål (jf. forskriftas § 37)

Punkt 38. Klage over avslag på søknad om opptak (jf. forskriftas § 38)

Punkt 39. Klage over underkjenning av opplæringsdelen (jf. forskriftas § 39)

Punkt 40. Klage over avslag på søknad om vurdering eller underkjenning av avhandling, prøveførelesing eller disputas (jf. forskriftas § 40)