Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

HSL-fakultetets utfyllande reglar til ph.d.-forskrifta

Ph.d.-program i humaniora og samfunnsvitskap

Fastsett av: Fakultetsstyret ved HSL-fakultetet med heimel i forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (25.10.2012. ePh.ref. 2011/2871-11 og -12. Revidert 19.06.2018 ePh.ref. 2017/6565-12).
Gjeldande frå: Ph.d.-program i humaniora og samfunnsvitskap - utfyllande reglar til forskrift for graden ph.d. frå 10. juni 2013 (ePh. 2012/6159-13), revidert 24. oktober 2017 (ePh.ref.: 2017/2453-4), revidert 26. oktober 2018 (2017/2453-6).
Ansvarlig eining: Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning
Erstattar:  24. oktober 2017 (ePh.ref.: 2017/2453-4).

 

Kapittel I. Allmenne føresegner
Punkt 1. Verkeområde (jf. forskrifta § 1)

Dei utfyllande regler gjeld doktorgradsutdanninga ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning (HSL-fakultetet) som fører fram til graden ph.d. i humaniora og samfunnsvitskap. Reglane er utfyllande til forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet om opptak, gjennomføring og avslutting av ph.d.-graden ved HSL-fakultetet.

Punkt 2. Målsetjing (jf. forskriftas § 2)

Ph.d.-studiet i humaniora og samfunnsvitskap har eit sjølvstendig forskingsarbeid med ei vitskapleg avhandling på høgt fagleg nivå som mål. Som del av forskingsutdanninga skal ph.d.-studenten gjennomføre ein opplæringsdel. Målet med opplæringsdelen er å vidareutvikle den vitskaplege skoleringa som ph.d.-studenten har fått gjennom tidlegare studium. Han skal gi ph.d.-studenten ferdigheiter ut over avhandlingsarbeidet og vere ei støtte for arbeidet med avhandlinga. 

I løpet av studiet vil ph.d.-studenten oppnå følgjande læringsutbytte:

KUNNSKAP – kandidaten

  • er i kunnskapsfronten innan teori og metode på fagområdet sitt og kan bidra til å utvikle denne
  • kan diskutere vitskapsteoretiske problemstillingar innan fagområdet sitt på avansert nivå
  • kan knyte eige prosjekt til breiare vitskaplege diskusjonar og vurdere bruk av ulike metodar og framgangsmåtar innan forskinga

FERDIGHEIT – kandidaten

  • kan handtere komplekse faglege utfordringar ved å gjennomføre forskingsprosjekt i forskingsfronten i faget sitt
  • kan skrive ulike typar akademiske tekstar innan fagområdet sitt og reflektere over skriveprosessen
  • kan delta i faglege diskusjonar og gi konstruktiv tilbakemelding på vitskaplege arbeid

GENERELL KOMPETANSE – kandidaten

  • kan identifisere, reflektere over og handtere relevante forskingsetiske problemstillingar og gjere forsking med fagleg integritet
  • kan formidle forsking og utviklingsarbeid gjennom anerkjente kanalar; vitskaplege og allmennretta, skriftleg og munnleg
  • kan bidra sjølvstendig i komplekse og nyskapande prosjekt

 

Punkt 3. Ansvar for doktorgradsutdanninga (jf. forskrifta § 3)

Ph.d.-program i humaniora og samfunnsvitskap er vedtatt av styret ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning og gir utfyllande reglar til forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Tromsø - Noregs arktiske universitet.

Programstyre er ph.d.-utvalet ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning. Mandat og oppgåver for ph.d.-utvalet er nedfelt i reglement for Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning.

 
Punkt 4. Terminologi (jf. forskrifta § 4)

 
Punkt 5. Innhaldet i doktorgradsutdanninga (jf. forskrifta § 5)
 
Kapittel II. Opptak, studierett og permisjon
Punkt 6. Opptakskrav til ph.d.-program (jf. forskrifta § 6)

For å bli tatt opp blir det stilt krav om eit karaktersnitt på B eller betre på mastergraden (eller tilsvarande gode karakterar etter andre karaktersystem). Karaktersnittet gjeld også for integrert 5-årige mastergradsprogram på 300 studiepoeng der alle emna skal inngå i berekninga av snittkarakteren. For det tidlegare norske karaktersystemet med tall og desimalar,  er opptakskravet 2,5 eller betre.

Unntaksvis kan det takast opp ph.d.-studentar med karaktersnitt på C på mastergraden (eller tilsvarande). Då må det samtidig dokumenterast vitskapleg arbeid ut over mastergraden. Døme på kva som kan reknast som vitskapleg arbeid, er publiserte referee-artiklar, publiserbare faglege arbeid og faglege rapportar og utreiingar. (Bloggar, kronikkar, lesarinnlegg og faglege formidlingsarbeid tel i denne samanhengen ikke som vitskapeleg arbeid).

Det er doktorgradsprosjektets faglege karakter (metodar, perspektiv, teoriar) som avgjer kva for fagmiljø prosjektet høyrer til. Søkjaren skal difor ved opptak har fagleg tilknyting ved det institutt/sentret som doktorgradsprosjektet fagleg fell innanfor, uavhengig om det er dette faget søkjaren har mastergrad i.

Unntaksvis kan søkjarar som har ein bachelorgrad på 180 studiepoeng og ein utanlandsk mastergrad (75 eller 90 ECTS), få opptak etter individuell vurdering. Mastergraden må innehalde eit større skriftleg arbeid tilsvarande 30 ECTS og eitt av følgjande tilleggskrav:

  • Ekstra emne på masternivå for å oppnå totalt 120 studiepoeng på mastergradsnivå.
  • Vitskaplege arbeid som ut frå ei skjønnsvurdering kan seiast å vege opp for manglar i formell utdanning (desse arbeida kan ikkje inngå i ph.d.-studiet).

 

Punkt 7. Søknaden (jf. forskriftas § 7)

Når ein søkjer på stipendiatstilling ved HSL-fakultetet, blir ein samtidig vurdert for opptak til ph.d.-programmet.

For søkjarar utan stipendiatstilling ved UiT Noregs arktiske universitet, vil det bli stilt krav om opphald med arbeidsstad i relevant fagmiljø ved fakultetet på til saman 12 månader i opptaksperioden. Dokumentasjon frå arbeidsgivar som bekreftar tillating til dette, må leggjast ved søknaden om opptak.

Søknadsfristane til ph.d.-program i humaniora og samfunnsvitskap 1. april og 1. oktober. Søknaden skal skrivast på fastsett søknadsskjema.

Dersom søkjaren ønskjer å bruke eit anna språk i avhandlinga enn dei som er godkjende i punkt 19, skal søknad om dette leverast saman med søknad om opptak.

 

Punkt 8. Opptakskomité (jf. forskriftas § 8)

Tilsettingsutvalet ved HSL-fakultetet er opptakskomité for ph.d.-studentar som blir tilsette som stipendiatar ved fakultetet. Alle må levere utdanningsplan og eventuelt revidere prosjektbeskrivinga si ein månad etter at dei har starta i stillinga. Fullført opptak (behandling av eventuell revidert prosjektbeskriving, utdanningsplan, stadfesting av opptaksperiode og eventuell komplettering av rettleiarar) blir gjort av ph.d.-utvalet.

For søkjarar som blir tilsette som stipendiatar ved andre einingar ved universitetet, og søkjarar utan stipendiatstilling ved UiT Norges arktiske universitet, er det ph.d.-utvalet ved HSL-fakultetet som gjer opptak.

For søkjarar utan stipendiatstilling ved UiT Noregs arktiske universitet tar fakultetet imot søknad jamfør punkt 7 og vidaresender den til institutta/sentera. Det aktuelle instituttet/senteret tar nærare stilling til om søkjaren er kvalifisert for opptak, vurderer plan for studiet og foreslår rettleiarar. Slik fagleg vurdering på institutta/sentra skal gjennomførast av minimum to personar. Etter innstilling frå den aktuelle eininga tar ph.d.-utvalet ved fakultetet endeleg avgjerd om opptak.

 

Punkt 9. Avgjerd om opptak (jf. forskriftas § 9)

Dersom det er fleire søkjarar til ein studieplass (eit doktorgradsstipend), og komiteen innstiller ein eller fleire søkjerar vurdert etter unntaksreglane, må slik innstilling grunngjevast særskild i bedømminga.

Det er krav om at eksterne søkjarar skal ha arbeidsplass i relevant fagmiljø ved fakultetet i til saman 12 månadar i løpet av opptaksperioden.

 

Punkt 10. Opptak til emne i opplæringsdelen (jf. forskrifta § 10)

Søkjarar med erfaringsbasert mastergrad (90 eller 120 studiepoeng) kvalifiserer ikkje for opptak til ph.d.-emne. Dette gjeld søkjarar i kategori 4, jf. forskriftas § 10.

 

Punkt 11. Avtale (jf. forskriftas § 11)

 

Punkt 12. Studierett (jf. forskrifta § 12)

Dersom studieretten er utvida med to år utover normert studietid etter § 12, og studenten framleis ikkje har levert avhandlinga før denne studieretten går ut, kan det søkjast om ytterlegare forlenga studierett for ein avgrensa periode på opptil 6 månadar for å ferdigstille avhandlinga. Søknaden skal sendast til fakultetet og må innehalde ei grunngjeving for forseinkinga og ein plan for avslutting av studiet. Ein slik søknad skal vere utarbeidd i samarbeid med rettleiar(ar).

 

Punkt 13. Permisjon (jf. forskrifta § 13)

Ph.d.-studentar kan søke permisjonar utover § 13 i forskrifta. Søknaden skal sendast til fakultetet og må innehalde ei grunngjeving for permisjonen og ein plan for kva innverknad denne har på studiet.

 

Kapittel III. Studiet
Punkt 14. Doktorgradsutdanninga (jf. forskriftas § 14)

Som ledd i å førebu studenten på ein yrkeskarriere i eller utanfor akademia, vil fakultetet gi eit seminartilbod med fokus på karriererettleiing minst eing gong i opptaksperioden.

 

Punkt 15. Opplæringsdelen (jf. forskriftas § 15)

Fakultetet har det formelle ansvaret for utdanningstilbodet i opplæringsdelen, og dei einskilde undervisningstiltaka blir godkjende av ph.d.-utvalet.

Fakultetet tilbyr ph.d.-emne innan vitskapsteori, forskingsetikk og formidling som tilfredsstiller krava i opplæringsdelen. Desse emna blir arrangerte kvart år. Fagspesifikke ph.d.-emne i teori og metode/faglege tilnærmingar og posisjonar blir gitt av institutta/sentra og varierer frå år til år.

Ph.d.-studenten kan delta på ph.d.-emne arrangert av fakultetet eller andre fakultet/institusjonar. Det er tilrådeleg at ph.d.-studenten deltar på emne i regi av nasjonale forskarskolar og ved andre institusjonar. Opplæringsdelen bør gjennomførast innan dei første to-tre semestera av doktorgradsstudiet.

Ph.d.-utvalet skal godkjenne opplæringsdelen før avhandlinga kan leverast til vurdering.

Opplæringsdelen omfattar desse komponentane:

  • Vitskapsteori og forskingsetikk (totalt 10 studiepoeng)
  • Formidling (totalt 5 studiepoeng)
  • Fagspesifikk teori og metode/faglege tilnærmingar og posisjonar (totalt 15 studiepoeng)

 

Særskilt for forskarskolen CASTL:

Ph.d.-studentar som er tatt opp til den lokale forskarskolen ved CASTL, følgjer eit alternativt studieopplegg i språkvitskap. I tillegg til opplæringsdelen kjem obligatoriske arbeidskrav som ikkje gir studiepoeng. Desse komponentane blir her beskrivne i den grad dei skil seg ut frå det vanlege opplegget.

A. Aktiv deltaking og integrering i forskingsmiljø

Ph.d.-studentar på forskarskolen skal i løpet av dei tre første semestra (for studentar på 3-årig opptaksavtale) eller fire første semestra (studentar på 4-årig opptaksavtale), delta aktivt på minst to akademiske ‘aktivitetar’ per semester. Føljande kvalifiserer som ‘aktivitet’:

(i) eit ph.d.-emne eller lesegruppe leia av CASTL

(ii) aktiv deltaking på eit tilsvarande kurs eller lesegruppe etter avtale med rettleiar (kortare intensive kurs, inkludert kurs ved andre institusjonar, kan vurderast som likestilte med eit ph.d.-kurs)

(iii) undervisning (på eit halvt emne i løpet av eit ordinært semester)

B. Paper/essay som kvalifiserer

På slutten av perioden (av dei tre eller fire første semestra), skal studenten levere to skriftlege arbeid med artikkellengd over to konkrete tema som kan godkjennast. Arbeida skal vere tilstrekkeleg gjennomarbeidde og halde ein kvalitet tilsvarande det som blir godkjent i publiseringskanalar på nivå 1 og vere innanfor studentens fordjupingsområde og kan danne basis for kapitla i studentens avhandling

 

Krav til dokumentasjon for godkjenning av opplæringsdel

Krav til dokumentasjon for å få ph.d.-emne (som er fastsette med studiepoeng) godkjent inn i opplæringsdelen:

  • lokale, nasjonale eller internasjonale ph.d.-emne (doktorgradskurs) med studiepoeng, blir vanlegvis godkjende med opplyst studiepoengomfang
  • godkjent deltaking/paper/eksamen skal dokumenterast med karakterutskrift, kursbevis eller liknande

 

Krav til dokumentasjon for at konferansedeltaking skal gi utteljing med studiepoeng:

  • Det skal vere ein vitskapleg eller fagleg konferanse: Det vil seie at tema på konferansen er vitskapleg, og at føredragshaldarar er forskarar. Innhaldet i konferansen må vere relevant for det det aktuelle området innanfor opplæringsdelen; fagspesifikk teori og metode / faglege tilnærmingar og posisjonar.
  • Modell 1: For å gi 3 studiepoeng må konferansen minimum strekke seg over 2 dagar, og ph.d.-studenten må ha hatt eit framlegg på minimum 15 minutt. Arbeidsomfanget skal vere 90 arbeidstimar.
  • Modell 2: For å gi 5 studiepoeng må konferansen strekke seg over 2 dagar, og ph.d.-studenten må ha hatt et framlegg på minimum 20 minutt. Arbeidsomfanget skal vere 150 arbeidstimar.
  • Dokumentasjon på deltaking og framlegg må leggjast ved, til dømes ved deltakarliste og konferanseprogram. Studenten sitt framlegg må dokumenterast i form av tekstmanus eller tilsvarande. 
  • Deltaking på konferanse med kortare tidslengd, eller deltaking utan framlegg, blir ikkje godkjent.
  • Det er berre mogleg å få ei konferansedeltaking godkjent i opplæringsdelen.

 

Oppretting og innmelding av ph.d.-emne

Eitt studiepoeng tilsvarar 25–30 arbeidstimar. For kvart emne må det gjerast ei vurdering av arbeidsmengda som ein går ut frå at studenten vil bruke på emnet sine ulike komponentar: Lesing av pensum, førebuing av plikter på kurset (som til dømes å planlegge innlevering av skisse eller liknande i forkant av kurset, planlegge presentasjonar, lesing av skriftlege innlegg frå medstudentar), oppmøte på emnet, etterarbeid og eksamen. Oppretting av mindre emneeiningar enn 5 studiepoeng er ikkje tilrådd av omsyn til studentens samla arbeidsbyrde. Vidare bør det ikkje etablerast store emneeiningar på 10 studiepoeng då det gir færre kombinasjonsmoglegheiter innan bolken ‘fagspesifikk teori og metode/faglege tilnærmingar og posisjonar’.

 

Følgjande minimumskrav må innfriast for at eit ph.d.-emne skal godkjennast med eit omfang på 5 studiepoeng:

  • Emnet blir arrangert over minimum to heile dagar.
  • Undervisninga skal vere på minimum 15 timar. Det blir oppmoda til å aktivisere studentane, men omfattande studentarbeid under emnet bør kome i tillegg til ordinær undervisning.
  • Eksamensforma bør gi studenten øving i sjangrar som ofte blir nytta innan forsking og formidling i faget. Døme kan vere vitskapleg artikkel, review-artikkel, bokmelding, kronikk, blogg, refleksjonslogg. Det er viktig at eksamensforma er tilpassa sjanger og innhaldet i emnet.
  • Lengda på eksamen vil variere avhengig av sjanger, men for paper skal det normalt vere ca.15 sider/6 000 ord. 
  • Litteraturomfanget kan variere, men bør minimum vere 700 sider. Eit ph.d.-emne med mindre litteraturomfang kan godkjennast dersom det er særskilt grunngitt.
  • Fagleg ansvarleg skal minimum ha doktorgrad/førstestillingskompetanse.

 

Institutta/sentra blir ein gong årleg bedne om å melde inn ph.d.-emne til fakultetet som skal tilbydast kommande studieår (haust-/vårsemester).

 

Punkt 16. Rettleiing (jf. forskriftas § 16)

I samband med søknad om opptak kan søkjaren føreslå rettleiarar, men det er fakultetet som nemner opp rettleiarar etter innstilling frå gjeldande institutt eller senter. Det skal vere minimum to rettleiarar, der minst ein av dei skal vere tilsett i fagmiljø relevant for studentens ph.d.-prosjekt enten ved institutt eller senter ved fakultetet. Det er 240 timar rettleiingsressurs per ph.d.-student, og denne ressursen skal fordelast etter avtale mellom rettleiarane.

Dersom ein ph.d.-student ønskjer å skifte rettleiar(ar), skal ein grunngjeven søknad om dette rettast til instituttet/senteret og/eller ph.d.-utvalet. Dersom ein ønskjer å skifte rettleiar fleire gonger, skal det saman med søknaden føreliggje ein detaljert plan over korleis den perioden som står att skal brukast.

 

Punkt 17. Tilknyting til forskarmiljø (jf. forskriftas § 17)

 

Punkt 18. Utstyr (jf. forskriftas § 18)

 

Kapittel IV Doktoravhandlinga
Punkt 19. Krav til doktoravhandlinga (jf. forskriftas § 19)

Ein monografi skal normalt ikkje vere lenger enn 300 sider. Ph.d.-studenten skal vere eineforfattar på avhandlinga.

Ei artikkelsamling skal bestå av ei kappe og minst tre artiklar av vanleg storleik. Når artiklar har fleire forfattarar, kan det vere grunn til å utvide talet på artiklar.

Artiklane skal ha eit nivå tilsvarande det som blir kravd for publisering i anerkjente fagtidsskrift med fagfellevurdering. Dette gjeld også bokkapittel.

I kappa skal studenten ikkje berre samanfatte, men framstille problemstillingane og konklusjonane som blir lagde fram i delarbeida i eit samla perspektiv, og på den måten dokumentere samanhengen i avhandlinga. I dette ligg også ei klargjering av avhandlingas bidrag til det forskingsfeltet ho er posisjonert innanfor. I kappa skal kandidaten også gjere greie for metode- og teoribruk i avhandlinga dersom dette ikkje går fram av delarbeida. Ved tidlegare publiserte artiklar skal kappa også innehalde faglege ajourføringar, slik at avhandlinga som heilskap står fram som fagleg oppdatert. Alternativt skal slike ajourføringar gjerast i kvar artikkel. Kappa skal vere utforma av ph.d.-studenten åleine. Samandraget skal normalt vere mellom 40 og 80 sider.

Avhandlinga skal følgje forskingsetiske reglar og konvensjonar for fagleg kvalitetssikring av forsking. Ved artiklar med fleire forfattarar skal Vancouver-reglane normalt leggjast til grunn. Dersom det er avvik frå Vancouver-reglane, skal årsaka til dette beskrivast i erklæring om medforfattarskap.

Avhandlingsspråk:

Avhandlinga skal skrivast på norsk, svensk, dansk, engelsk eller samisk. Dersom studenten ønskjer å nytte eit anna språk, skal det vere søkt om særskilt godkjenning av dette ved opptak, jf. punkt 6.

Avhandlingar som inkluderer film / audiovisuelt materiale / andre medium:

Ei avhandling kan også inkludere film eller anna materiale. I så tilfelle må det tydeleggjerast korleis eit slikt materiale skal sjåast i samanheng med avhandlinga. Dersom ikkje dette kjem klart fram av sjølve avhandlinga, kan det utdjupast i eit vedlagt skriv til avhandlinga.

 

Punkt 20. Arbeid som ikkje blir godtekne (jf. forskriftas § 20)
 
Punkt 21. Offentleggjering (jf. forskriftas § 21)
 
Kapittel V. Kvalitetssikring og rapportering
Punkt 22. Kvalitetssikring og rapportering (jf. forskriftas § 22)

HSL-fakultetet skal ha ei felles rutine for gjennomføring av midtvegsevaluering for kvar ph.d.-student. Arrangementet av midtvegsevalueringa skal organiserast av institutta/sentera. Midtvegsevaluering er obligatorisk arbeidskrav for alle studentar med opptak til ph.d.-programmet frå og med hausten 2018 og må vere godkjend før studenten kan framstille seg for prøven (prøveforelesing og disputas). Midtvegsevalueringa skal gjennomførast i studentens 3.­–4. eller 4.­–5. semester (avhengig av om han/ho er tatt opp etter 3-årig eller 4-årig opptaksavtale). Midtvegsevalueringa skal vere ein obligatorisk milepæl i studieløpet. Tidspunktet skal ikkje i vesentlig grad tilpassast studentens progresjon med mindre spesielle forhold (sjukdom, permisjonar) tilseier utsetjing. Ho skal både ta for seg framdrifta i ph.d.-studiet med tanke på gjennomføring på normert tid, og gi studenten (og rettleiarar) konstruktiv fagleg tilbakemelding på innlevert materiale som studenten kan ta med seg i det vidare doktorgradsarbeidet. Komiteens skal bestå av minst to medlemmar. Minst ein medlem bør vere utan tilknyting til studentens institutt/senter eller nærmaste fagmiljø.

Konklusjon om forseinka progresjon i studiet etter midtvegsevalueringa, kan medføre heving av doktorgradsavtalen jamfør kap. VII i forskrift for ph.d.-graden ved UiT Noregs arktiske universitet.

Det er valfritt for institutta/sentra om dei i tillegg vil gi fleire tilbod, til dømes ei sluttevaluering.

Ph.d.-student og rettleiarar skal kvart år levere framdriftsrapport. Manglande rapportering om framdrifta frå studenten kan medføre heving av doktorgradsavtalen jamfør kap. VII i forskrift for ph.d.-graden ved UiT Noregs arktiske universitet. Med utgangspunkt i framdriftsrapporten skal instituttet gjennomføre årleg forskarsamtale med ph.d.-studenten. Instituttet lagar ein instituttrapport som blir behandla i ph.d.-utvalet.

 

Kapittel VI. Plikt til å melda frå om resultat
Punkt 23. Plikt til å melde frå om resultat (jf. forskriftas § 23)
 
Kapittel VII. Heving av avtalen
Punkt 24. Friviljug avslutting (jf. forskriftas § 24)
 
Punkt 25. Tvungen avslutting (jf. forskriftas § 25)

Myndigheit til å vedta tvungen avslutting av doktorgradsutdanninga, er delegert til ph.d.-utvalet (programstyret) av fakultetsstyret i sak FS 13-2017 Delegering av mundighet til ph.d.-utvalget – Endring av reglement for HSL-fakultetet den 4. mai 2017 (eph.ref.: 2017/2453-1).

 
Kapittel VIII. Vurdering av avhandlinga
Punkt 26. Innlevering (jf. forskrifta § 26)

Hovudrettleiar skal melde frå om nært føreståande innlevering til fakultetet og instituttleiinga seinast to (2) månadar før planlagt innleveringstidspunkt.

Studentens søknad om å få avhandlinga vurdert til graden philosophiae doctor skal sendast til fakultetet via elektronisk innleveringsskjema i Munin (UiTs elektroniske vitenarkiv), der avhandlinga skal leggast ved i pdf-format. Saman med søknaden skal det leggjast ved eit kortfatta samandrag på engelsk. Avhandlinga blir trykt opp ved fakultetet og sendt til komitéen. Dersom avhandlinga blir godkjend til disputas, skal ytterlegare 60 eksemplar trykkast opp.

 

Punkt 27. Oppnemning av komité (jf. forskriftas § 27)

Til å vurdere avhandlinga skal ph.d.-utvalet oppnemne ein sakkunnig komité på minst tre medlemmar etter krav i § 27. Gjeldande institutt grunngjev forslag til komitésamansettinga. Bedømmingskomiteen bør normalt vera oppnemnd før innlevering av avhandlinga.

 

Punkt 28. Tilbaketrekking og retting av avhandling (jf. forskriftas § 28)
 
Punkt 29. Høve til å innhente supplerande opplysningar (jf. forskriftas § 29)

 

Kapittel IX. Komitéinnstillinga og behandling av innstillinga
Punkt 30. Fristar (jf. forskriftas § 30)

Komiteen bør normalt gi innstillinga si snarast råd; helst innan to månadar etter mottatt avhandling.

 

Punkt 31. Innstilling (jf. forskriftas § 31)
 
Punkt 32. Handsaming av innstillinga (jf. forskriftas § 32)
 
Punkt 33. Ny levering (jf. forskriftas § 33)
 
Kapittel X. Doktorgradsprøve
Punkt 34. Prøveførelesing (jf. forskriftas § 34)

Kandidaten skal halde ei offentleg prøveførelesing over oppgitt emne. Prøveførelesinga skal ha eit omfang på 45 minutt. Prøveførelesing og disputas skal normalt avviklast same dag.

 

Punkt 35. Forsvar av avhandlinga (jf. forskriftas § 35)

Disputasen blir leidd av instituttleiaren eller den han/ho gir fullmakt. Den som leier disputasen gjer kort greie for innleveringa og vurderinga av avhandlinga og for prøveførelesinga. Deretter gjer doktoranden greie for siktemålet med og resultatet av den vitskaplege undersøkinga. Lengda på doktorandens presentasjon skal ha eit omfang på omtrent 15 minutt. Første ordinære opponent innleier diskusjonen, lengda på diskusjon er inntil 1½ time. Andre-opponent avsluttar disputasen, lengda på diskusjon er inntil 1 time.

 

Punkt 36. Godkjenning av doktorgradsprøven (jf. forskriftas § 36)
 
Punkt 37. Kreering og diplom/vitnemål (jf. forskriftas § 37)
 
Kapittel XI. Klage
Punkt 38. Klage over avslag på søknad om opptak (jf. forskriftas § 38)
 
Punkt 39. Klage over underkjenning av opplæringsdelen (jf. forskriftas § 39)
 
Punkt 40. Klage over avslag på søknad om vurdering eller underkjenning av avhandling, prøveførelesing eller disputas (jf. forskriftas § 40)
 
Kapittel XII Ikraftsetjing
Punkt 41. Ikraftsetjing (jf. forskriftas § 41)

Studieretningane til ph.d.-programmet i humaniora og samfunnsvitskap blir avvikla frå og med 1. januar 2019 jf. universitetsstyrets vedtak i møte 19.06.2018 i sak S 13/18 Organisering av ph.d.-studiet.

 

 

 




Ansvarlig for siden: Mayvi B. Johansen
Sist oppdatert: 12.11.2018 09:58